Korleis lære å skilje mellom bokmål og nynorsk

Fagartikkel: Bokmålselevar og nynorskelevar har ulike behov når det gjeld norskopplæringa. Men det som er felles, er at elevane må lære skilnadene mellom dei to norske skriftspråka tidleg. Og lærarane, også dei som underviser i småskulen, må ha kompetanse både i nynorsk og bokmål.

Publisert Sist oppdatert

Kva norskkompetanse treng eigentleg ein norsklærar? Svaret på spørsmålet verkar kanskje vel enkelt. Som norsklærar må ein kunne nok om språk til å lære elevar å lese, skrive og uttrykke seg munnleg på norsk. Men kva betyr eigentleg det, og er svaret det same uavhengig av kvar i landet ein underviser?

Gjennom grunnskulen skal elevar lære seg å kople språklydar og bokstavar og deretter trekke dei same bokstavane saman til ord og meiningsberande setningar. Etter ti års skulegang skal elevane kunne lese kompliserte tekstar i ulike fag, men også uttrykke eigne tankar og idear på ein måte som er forståeleg for omverda. Alt dette skal elevane meistre på både bokmål og nynorsk.

Før vi går vidare: Dette er ikkje er eit innlegg for eller mot sidemålsordninga. Det er heller ikkje ein tekst som har som mål å løfte fram argument for eller mot at elevar skal lære seg nynorsk og bokmål. Dersom dette er noko du er interessert i, kan Jansson og Skjong (2011) sin gjennomgang av dannings- og nytteargument i norskopplæringa vere ein god stad å starte. Denne teksten tar utgangspunkt i korleis vi som norsklærarar skal meistre rolla vår på best mogleg måte, uavhengig av språkleg kontekst.

Sjølv underviser eg i norsk ved lærarutdanningane i Volda. I nærområdet er både bokmål og nynorsk godt synleg i kvardagen. Nynorsk er admini­strasjonsspråket for dei fleste av kommunane i regionen, noko som gjer at lærarstudentane våre ofte møter elevar med nynorsk som hovudmål når dei er ute i undervisningspraksis. Like fullt er bokmål det dominerande skrif­tspråket i riksmedia og på sosiale medium, også i Volda. Studentane våre møter derfor begge dei norske skriftspråka, og det verkar derfor «naturleg» å tileigne seg gode kunnskapar i både bokmål og nynorsk.

Men kva med lærarstudentar og lærarar andre stader der nynorsk er mindre synleg? Og treng ein like god nynorskkompetanse viss ein til dømes berre underviser på barnetrinnet? Det enkle svaret er at ja, det må ein ha. Ifølgje kompetansemåla skal elevar allereie frå første trinn høyre dei to skriftspråka bli opplesne, og dei skal utforske forskjellar mellom talespråk og skriftspråk. På tredje og fjerde trinn skal elevane sjølve lese tekstar på både nynorsk og bokmål, samstundes som dei utforskar skriving på hovudmål og sidemål. Dei tre siste åra på barneskulen skal dei prøve ut skriving av tekstar på sidemålet sitt. Når elevane kjem til tiande trinn og skal prøvast til skriftleg eksamen i norsk, skal dei ha fått ti år med systematisk opplæring i å lese og skrive tekstar på dei to norske skriftspråka. Det betyr at alle norsklærarar – heilt frå første klasse – må ha kunnskap om og kompetanse i korleis ein underviser i både bokmål og nynorsk, uavhengig av kva som er hovudmålet til elevane i skulen.

Figur 1. Korleis utviklinga av rettskrivingsferdigheiter er for brorparten av elevar med bokmål som hovudmål.

Verda utanfor klasserommet

Men dette er kompetansemåla. Norsk­lærarar flest gjer sitt beste for å følgje intensjonane i læreplanen. Mange legg også flid i å gi plass til både bokmål og nynorsk – heilt i tråd med kompetansemåla ovanfor. Like fullt må dei forhalde seg til verda utanfor klasserommet. Elevar på stader som Volda kan møte både bokmål og nynorsk utanfor skulen. For resten av elevane er bokmål totalt dominerande, viss dei ikkje aktivt vel å oppsøkje tekstar på nynorsk. Vi veit at elevane møter langt mindre nynorsk enn bokmål på fritida. I tillegg veit vi at elevar med nynorsk som hovudmål i større grad skriv på dialekt i sosiale medium (Opinion, 2016). Når læreplanen omtalar opplæringa i bokmål og nynorsk gjennom dei same kompetansemåla, fungerer han meir som ei «språkleg boble» i det norske språksamfunnet, ein stad der dei to skriftspråka kan bli behandla som likestilte.

Alle veit likevel at dette ikkje stemmer i den skriftlege kvardagen til elevane. Der norsklærarar for elevar med nynorsk som hovudmål nærmast kan ta det for gitt at elevane les både bokmål og nynorsk, kan ikkje lærarar for elevar med bokmål som hovudmål anta det same. Det betyr også at føre­setnaden elevane har for å lære seg å skrive både bokmål og nynorsk, er svært avhengig av kva skriftspråk elev­ane har som hovudmål. Denne forskjellen må vi norsklærarar ta høgde for når vi skal lære elevane å skrive bokmål og nynorsk.

I Noreg kan dei aller fleste bruke dialekten sin når dei snakkar offentleg. Talespråket blir gjerne sett på som ein viktig del av identiteten til den som snakkar, som ein markør for kvar ein kjem frå – av kven ein er. For mange nynorskskrivande har nynorsk noko av den same funksjonen. Nynorsk markerer ein fellesskap med andre nynorskskrivande – i alle fall for oss vaksne.

Denne koplinga er ikkje like tyd­eleg hos dei unge som har nynorsk som hovudmål i skulen. For mange avdei blir den språklege identiteten synleg først når dei skriv på dialekt i til vener og familie (Eiksund, 2019). I skrivinga av naturfagtekstar er det ikkje den språklege fellesskapen som er hovudfokuset. Formålet med rapporten til eleven i eksempelet ovanfor var først og fremst å svare på ei fagleg utfordring – og ikkje ei språkpolitisk markering. 

For oss norsklærarar viser det like fullt at vi treng å ta skriftspråk­et på alvor og synleggjere forskjellane mellom bokmål og nynorsk for elevane, slik at dei blir trygge skrivarar på den målforma som situasjonen krev. Som skrivelærarar er det ein fordel å meistre både bokmål og nynorsk, sjølv om faget vårt er naturfag. Men kor tidleg og kor grundig skal ein tematisere desse forskjellane? Det finst det truleg ikkje eit eintydig svar på – alle elevar er jo ulike – men skal eg prøve meg på eit svar, må det vere tidleg, helst allereie i småskulen. Dess før elevane veit å skilje mellom bokmål og nynorsk, dess tidlegare blir dei trygge skrivarar.

Figur 2. Korleis utviklinga av rettskrivingsferdigheiter er for brorparten av elevar med nynorsk som hovudmål.

«Åpen» eller «open»?

I ein arbeidstime på ungdomstrinnet fekk eg følgjande spørsmål:

«– Skal eg skrive «åpen» eller «open», lærar?»

Eleven skulle fullføre ein rapport i naturfag, men skrivearbeidet stoppa opp fordi han var usikker på den rette skrivemåten. Eleven, som hadde nynorsk som opplæringsmål, hadde fått med seg at ordet blir skrive ulikt på bokmål og nynorsk, men var ikkje sikker på kva for ein av stavemåtane som høyr­de til kva skriftspråk. Utfordringa låg altså ikkje i kva som skulle formidlast, eller kva ord som meiningane skulle uttrykkast gjennom, men i kva for ein av to korrekte stavemåtar som skulle brukast i akkurat denne situasjonen.

Dette eksempelet viser kva utfordringar elevane våre møter når dei skal lære seg skriftleg norsk. Det er ikkje alltid nok å bli eksponert for dei to skriftspråka. For viss elevar med nynorsk som hovudmål − i tråd med kompetansemåla – skal lære seg å skilje mellom bokmål og nynorsk, må dei også trene på begge.

Det er likevel ein vesensforskjell mellom kva bokmålselevar og nynorskelevar treng trening i. Figur 1 viser korleis utviklinga av rettskrivingsferdigheiter er for brorparten av elevar med bokmål som hovudmål (Eiksund, 2022).

Den første skriveopplæringa byggjer gjerne på talemålet, men etter kvart som elevane blir eldre, vil desse talemålsnære skrivemåtane måtte vike for ortografisk korrekte skrivemåtar, også dei talemålsvariantane som kanskje liknar meir på nynorsk enn bokmål. Dette er ein av grunnane til at tidleg start med nynorsk er viktig for elevar med bokmål som hovudmål. Viss talemålsnære skrivemåtar berre blir oppfatta som «feil» utan at likskapen til nynorsk blir tematisert, vil også dei nynorsknære stavemåtane bli definerte som feilstavingar. Når elevane seinare får formell opplæring i nynorsk som sidemål, vil det derfor ikkje vere overraskande om dei finn nynorsk ortografi forvirrande, spesielt dersom nynorsk minner om feila dei gjorde i den tidlege talemålsnære skrivinga.

Elevar med nynorsk som opplæringsmål har ei anna utfordring. Dei møter sidemålet sitt overalt. Eit direkte resultat av dette er at mange av dei allereie har knekt både lesekode og skriftkode på bokmål lenge før dei tar til med skriveopplæring på nynorsk i første klasse. Skriveopplæringa på barnetrinnet får dermed ein tilleggsdimensjon om ein samanliknar med bokmålselevane: Dei må lære seg å skilje bokmål og nynorsk frå kvarandre, parallelt med den første formelle skriveopplæringa på skulen.

Denne doble læringa gjentar seg gjennom heile barnetrinnet. Lese- og skriveopplæringa vil dermed – i langt større grad enn hos bokmålselevane – vere ein gjentakande prosess av lær­ing, avlæring og nylæring, mellom anna fordi mange støttetekstar utanfor lærebøkene er skrivne på bokmål. Ein uheldig konsekvens av dette er at elevar med nynorsk som opplæringsmål – oftare enn elevar med bokmål som opplæringsmål – blandar dei to skriftspråka når dei skriv (sjå t.d. Bjørhusdal & Juuhl, 2017 og Sønnesyn, 2023). Nynorskelevane står i eit krysspress mellom ulike normforventningar – innanfor og utanfor skulekvardagen. Her har skulen ei sentral rolle som språkleg stillasbyggjar for nynorskelevane, ved å synleggjere forskjellen mellom kva som er godkjent bokmål, og kva som er godkjent nynorsk.

Alle norsklærarar må meistre både bokmål og nynorsk

For å oppsummere vil eg starte med det openberre: Alle norsklærarar må meistre både bokmål og nynorsk. Det er viktig – både med tanke på hovudmåls- og sidemålsopplæringa til elevane. Mykje av forskinga kring nynorsk i skulen har handla om bokmålselevar sin manglande motivasjon for nynorsk som sidemål. Sein og lite eksponering for nynorsk verkar å vere viktige forklaringar på dette (Sjøhelle & Eiksund, 2022). For bokmålselevar viser det seg at tidleg start med sidemål – i tillegg til å hjelpe på motivasjonen – kan verke styrkande for hovudmålskompetansen (Jansson & Traavik, 2017). Mykje tyder på at det same også kan gjelde for elevar med nynorsk som hovudmål.

For at nynorskelevar skal lære å meistre hovudmålet sitt, må dei vite når dialekten liknar bokmål, når han liknar nynorsk, og når han ikkje liknar nokon av delane. Skal dei bli trygge skrivarar på hovudmål, må dei altså også øve på sidemål. Først då kan dei vite når dei skriv bokmål, og når dei skriv nynorsk. Og først då kan dei lære seg å skilje mellom når dei skal skrive åpen eller open − med å eller o.

Derfor er det også viktig at alle norsklærarar meistrar både bokmål og nynorsk, og at dei er trygge på kva skilnader elevar med bokmål og nynorsk har når dei skal lære seg å lese og skrive på både hovudmål og sidemål.

 

 

 

Litteratur

Bjørhusdal, E. & Juuhl, G. K. (2017). Bokmålsavvik frå norma i sjetteklassetekstar. Maal og Minne, 1, 93–121.

Eiksund, H. (2019). Språkpraksisar i randsona. Eit portrett av ein hovudmålsbytar. Målbryting, 10, 49–76. https://doi.org/https://doi.org/10.7557/17.4971

Eiksund, H. (2022). Parallell læring av hovudmål og sidemål. I: H. Eiksund, G.K. Juuhl & K.K. Sjøhelle (red.), Nynorskdidaktikk (s. 76–87). Det Norske Samlaget.

Jansson, B.K. & Skjong, S. (2011). Norsk = nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Det Norske Samlaget.

Jansson, B.K. & Traavik, H. (2017). God i både nynorsk og bokmål allereie på barnesteget? Norsklæraren, (1), 104–119.

Opinion. (2016). Befolkningsundersøkinga 2016. Språkrådet.

Sjøhelle, K.K. & Eiksund, H. (2022). Nynorsk som sidemål. I: H. Eiksund, G.K. Juuhl & K.K. Sjøhelle (red.), Nynorskdidaktikk (s. 63–75). Det Norske Samlaget.

Sønnesyn, J. (2023). Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet [Doktoravhandling, Høgskulen på Vestlandet]. HVL Open.

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i norsk. Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-06

 

Om forfattaren

Hjalmar Trond Eiksund er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Han har mellom anna forska på samanhengen mellom skriveutvikling og opplæringsmål blant grunnskuleelevar, og har tidlegare arbeidd som lærar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.

 

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS