Olga Dysthe får kongens fortenstmedalje

Olga Dysthe − 4 punkt om pedagogikk og dialog

Olga Dysthe tok 29. november 2021 imot Kongens fortenst-medalje for sitt omfattande arbeid med dialogbasert undervisning og læring.

Publisert

Eg har ofte blitt spurt om kva det er som gjer at eg i ein alder av 81 år, vel å bruke tida mi på å diskutere og skrive om pedagogiske spørsmål som har opptatt meg gjennom heile mitt yrkesaktive liv. Grunnen er ei djup overtyding om at det ikkje berre handlar om å forbetre skule og høgare utdanning gjennom å fremme ei form for dialog som samtidig er respektfull, kritisk og kreativ. Heilt overordna handlar det om å sette den neste generasjonen i stand å tenke, lytte, tale og skrive og slik bli aktive medborgarar i samfunnet vårt og redde eit demokrati i krise. Store ord? Ja, men slik eg ser det, handlar det om summen av tallause små val som undervisarar gjer i møte med elevar og studentar kvar einaste dag. Derfor er pedagogikk eit viktig fag, men dessverre nedvurdert, også ved Universitetet i Bergen. Pedagogikk er samansett av kunnskap frå ulike disiplinar, og etter mitt syn er det ein styrke, fordi det å undervise er så komplekst at vi treng kunnskap og innsikt av mange slag for å kunne undervise verkeleg godt. Psykologi er berre éin del av faget, sjølv om pedagogikk i Bergen er lagt til Det psykologiske fakultet. Sjølv er eg utdanna i humanistiske fag, som fleire andre ved Institutt for pedagogikk. For meg er det litteraturvitskap, anvendt språkvitskap og dialogfilosofi som har berika tilnærminga til pedagogiske spørsmål.

Eg vil løfte fram fire hovudpoeng som kjem både frå mi eiga erfaring og frå forsking. Alle har med både pedagogikk og dialogisitet å gjere, og dei heng saman: Det første er kor viktig undervisaren er, det andre er fellesskapets betydning, og det tredje er dialogens kjerneinnhald: kunsten å lytte, kunsten å møte motstand og kunsten å bruke ueinigheit til å forstå djupare og tenke nytt. Og det fjerde og siste poenget er at endring av undervisning må skje både nedanfrå og ovanfrå, både i skule og høgare utdanning.

Undervisaren

Det første poenget vil eg illustrere gjennom å fortelje om min eigen lærar gjennom sju år – og i alle fag – på den vesle kvitmåla grendaskulen på Bergsida i Stryn, der eg vaks opp. Johan Bøe, eller Bøen, som vi kalla han, var ein formidabel flink forteljar som lærte oss fagstoffet gjennom å fortelje − noregshistoria, bibelhistoria, naturfag, geografi. Vi hadde ikkje film eller data eller andre pedagogiske hjelpemiddel, men gjennom det munnlege språket skapte han engasjement og kunnskap som vi hugsa. Samtidig var han veldig opptatt av at vi skulle bli gode til å skrive. Grunnlaget for mi eiga glede ved å skrive blei lagt i dette klasserommet, fordi læraren min gav meg tru på meg sjølv som skrivar. Det går ei linje herifrå til tittelen på doktorgradsavhandlinga mi, Skriving og samtale for å lære, der eg observerte korleis lærarar i tre klasserom i USA og Noreg brukte språket som reiskap for læring, danning og utvikling. Det har vore eit overordna tema i mitt faglege liv. Eg har tatt konsekvensen av forsking som viser at det å skrive hjelper elevane og studentane til å tenke, ikkje minst ved at det som står på papiret, alltid kan forbetrast og danne grunnlaget for vidare tenking.

Fellesskapet

Det andre poenget mitt er at sjølv om læring er individuelt på den måten at ingen andre kan lære for oss, så lærer vi svært ofte aller best i fellesskap, i dialog og i diskusjon med andre. Dette kan eg ikkje seie prega mi skuletid. Tvert imot var undervisninga ganske monologisk og sterkt prega av at læraren snakka og elevane reproduserte. Først seinare forstod eg at det kunne vere heilt annleis, og at ikkje minst meiningsbryting kan vere ein veg til både læring og forståing. Eg vil dele med dykk ei skilsettande oppleving frå då eg studerte norsk her ved Universitetet i Bergen og hadde professor Noreng som undervisar i litteratur. Då Olav H. Hauge i 1961 gav ut diktsamlinga På ørnetuva, inviterte Noreng oss norskstudentar med til helgeseminar på universitetshytta på Ustaoset. Der gjekk vi på ski om føremiddagen og samtalte oss gjennom alle dei sentrale dikta i denne flotte boka om ettermiddagen og utover natta. Nye studentar som vi var, hadde vi til då berre høyrt i andakt og beundring på dei glimrande førelesingane til den kunnskapsrike professoren, og sett på hans ord som fasit. No sat vi timevis og delte vår eiga forståing av dikta. Vi blei tatt på alvor, og vi blei oppfordra til å vere ueinige og argumentere for vårt eige syn. Då blei vi nøydde til å reflektere over kva vi sjølv meinte i møte med andre som var heilt ueinige. Det gav oss nye tankar og utvida forståing, anten vi skifte meining eller ikkje. Eg gløymer det aldri, og det gjorde meg mottakeleg for den russiske dialogfilosofen Mikhail Bakhtin, som understreka: «Det er i spenninga, iblant konfrontasjonen, mellom ulike syn, at nye tankar oppstår og vi har sjansen til å utvide forståinga vår.»

Dialogen

Mitt tredje poeng er nokre sentrale kjenneteikn ved konstruktiv dialog. Først handlar det om kunsten å lytte. Det ikkje er medfødt, og enkelte lærer det aldri. Mitt aller første miniforskingsprosjekt var å plassere lydbandopptakarar i gruppene i ein ungdomsskuleklasse mens dei skulle samtale om ein ungdomsroman dei hadde lese. Funna den gongen sjokkerte meg: Alle var berre opptatt av å få sagt sitt, ingen høyrde på dei andre, ingen brukte det kameratane sa, til å tenke vidare eller skifte meining. Dermed lærte dei lite eller ingenting av gruppearbeidet. Det same har eg sett når skuleklassar kjem på kunstmuseum, og vi opplever akkurat det same i samfunnsdebattane i dag, anten det her i byen handlar om bybane over Bryggen, eller om klima og olje. Men vi kjem ikkje vidare på den måten. Det eg lærte av mitt aller første forskingsprosjekt, var at det å lytte og delta konstruktivt i dialog er noko som elevar og studentar må få trening i, og det er undervisarens ansvar å syte for at dei får det.

Eg vil også løfte opp kunsten å møte motstand, som eg tenker er viktigare enn nokon gong før. Ekkokammer er eit nyord i språket vårt, og vi har dei siste åra forstått at det er ein alvorleg trussel mot demokratiet at vi i dag, for eksempel på nettet, kan unngå å forholde oss til andre enn dei som tenker og trur som oss. Som undervisarar må vi lære elevar og studentar å vise respekt for dei som tenker annleis, og sjå på ueinigheit som ein pedagogisk ressurs også reint fagleg, ikkje ein trussel. Det skjer mellom anna gjennom dialogisk undervisning i alle fag og på alle nivå av utdanninga. Stikkord er: rom for nysgjerrigheit, tvil, spørsmål, kritisk tenking, dialog, diskusjon og refleksjon. Det er også føresetnaden for den kreativiteten som trengst om dei som er barn og unge i dag, skal få ei god framtid.

Endring

Det fjerde og siste poenget mitt er at forandring og forbetring av undervisning må skje både frå tilsette og frå leiinga. Eg vil illustrere det med eit glimt frå starten av mi tid på Universitetet i Bergen. Aller første oppdraget mitt då eg kom hit i 1994, var å gjere noko med det store fråfallet av hovudfagsstudentar og den svært lange tidsbruken. Eg valde då å gå inn på institutt som ønskte meg velkommen, til dømes historie, mikrobiologi, økonomi, datafag og geofysikk, og samarbeide med tilsette som var opptatt av fagskriving. Eg arrangerte skriveverkstad for studentar og tilsette og initierte skrivegrupper der to vitskapleg tilsette lova å følge opp gruppene når eg trakk meg ut. Dette vart vellykka for dei studentane som var med, men det førte dessverre ikkje til varig endring ved institutta, fordi satsing på opplæring i akademisk skriving ikkje var forankra i institutt- og fakultetsleiinga, eller sentralt på universitetet, korkje økonomisk eller ideologisk. Det var også konklusjonen på eit omfattande forskingsprosjekt, Skriving og rettleiing på Universitetet i Bergen, som eg leia gjennom fleire år. Men i eitt miljø var situasjonen ein heilt annan. Det var på marinbiologi. Og det undra meg derfor ikkje at det var nettopp dei som fekk første Senter for framifrå undervisning ved Universitetet i Bergen. Skal endring lykkast, er ikkje aktiv innsats berre på grunnplanet tilstrekkeleg. Støtte frå leiinga er alfa og omega for at innsatsen på bakkeplan skal kunne gi varige resultat.

Powered by Labrador CMS