Bergen
Høgre gjekk i sommar til val på at byens elevar skal introduserast for bøker på
både hovudmål og sidemål på skulen.
– Status no er at det ikkje er satt av nokon pengar i budsjettet for 2024. Det seier Vasan Singaravel, fraksjonsleiar i utval for barnehage, skule og idrett i Bergen Høgre.
Annonse
Vurderer nytt forslag
I deira kommunevalprogram stod det: «Bergen Høyre vil sikre at byens elever introduseres for bøker både på hovedmål og sidemål i flere av fagene på skolen».
– Når det gjeld middel til nynorsk som bøker og anna undervisningsmateriell, er det ikkje lagt inn noko pengar i det vedtekne budsjettet, seier no Singaravel.
Dei vil likevel følgje opp saken fremover.
– Vi må drøfte saka med dei andre partia vi samarbeider med i byrådet. Det er nok fleire som er positive til denne saka. Vi ønskjer å vurdere å fremme eit nytt forslag, men det er for tidleg å sei noko om når, seier Singaravel.
Trass ingen avsette middel i budsjettet, meiner dei framleis at dei som har bokmål som opplæringsmålform, også bør få lese nynorsk.
– Bergen er jo nynorskens hovudsete. Vi må ha den valfriheten og sørge for at dei som ønskjer å lære nynorsk får det, seier Singaravel.