I
Klassekampen 7. oktober las vi at dåværande kunnskapsminister Tonje Brenna ville
bruke 157 millionar kroner frå statsbudsjettet til å styrke praktisk læring for
elevar i 5.-10. trinn gjennom å bygge og utstyre skulane. Det er ein god start,
men vil berre løyse ein avgrensa del av problemet. Dessutan vil det berre
gjelde for nokre få elevar, og ikkje dei som framleis har mykje av
kreativiteten og gleda intakt, som småskuleelevane i 1.- 4. trinn.
Keisemd-paradoks
«Det er eit
paradoks at dei små likar skulen, men så forsvinn glede og kreativitet
oppover», seier
ein lærar som deltek i vårt forskingsprosjekt Skaparorientert læring (MAKER), kor vi undersøker og
utviklar kunnskap om skulens skaparverkstad (Makerspaces). Skaparverkstader
er lærings- og utviklingsarenaer for skapande, kreativt og innovativt arbeid. Dei
er ofte utstyrt med fabrikasjonsverktøy, elektronikk, programmeringsutstyr og
digitale løysingar saman med tradisjonelle verktøy og materialar.
I møte
med Skule-Noreg finn me mange dedikerte lærarar, som ho i sitatet ovanfor, som ser
utfordringar med skulen i dag. Desverre
er det ikkje så overraskande når Brenna sier at «For mange barn og unge
forteller at de ikke er motivert og kjeder seg på skolen». For oss som har vore
involvert i lærarutdanning og pedagogisk forsking over fleire år, er utfordringa
med umotiverte barn og unge godt kjent. Gjennom debattar og drøfting av forskingsresultat,
er det mange som har argumentert for auka relevans og kreativitet i alle fag.
Skaparglede og djupnelæring
I någjeldande læreplan vart mellom anna skaparglede og djupnelæring lagt
til grunn. Skaparglede handlar om å la elevane få utfalde seg, gjerne innom
kunst, kultur og kreative fagområde. Djupnelæring handlar om forståing,
relevans og kreativitet. Omgrepa er synlege i den overordna delen av
læreplanen, men det er ikkje openbert korleis dei skal endre skulekvardagen,
korkje i læreplanane for dei ulike faga, nasjonale eksamenar eller andre rammeverk
for skulen.
Til dømes
kjem fagplanane med forventingar og krav om at kvar elev skal tileigne seg den
same kunnskapen, som til slutt skal målast i testar like for alle. Det er motsett
av å vektlegge kreativitet, kor ein tek utgangspunkt i elevanes eigne
interesser, motivasjon og erfaringsgrunnlag. Då kan det skje at elevane jobbar
med heilt ulike prosjekt, med ulik lengde og mål, og slik tileignar seg
spesialkunnskap som ikkje har noko hensikt å måle i eksamenar som er eins.
Forskarar
har tidlegare kome fram til at unge barn frå naturen rår over mange aspekt av
kreativ sjølvkjensle. Mellom anna å takle usikkerheit godt, stole på eigen
intuisjon og vere nysgjerrig og interessert. Etter som dei veks og deltek i
læringskulturar og aktivitetar som fokuserer på riktige svar, heller enn
kreative idear, tappast dei for denne sjølvkjensla og eigenskapen. Rammene for
å lukkast med å ta vare på små menneskjer sin ibuande kreativitet er ikkje slik
dei burde vera, om måling av prestasjon og løysingar med eitt riktig
svar, blir dei viktigaste suksesskriteria.
På verkstaden
Fleire skular har
oppretta skaparverkstader, kor dei søker gi rom for det elevane sjølv kjem med
av interesser og motivasjon. Den komplekse undervisningsforma utfordrar den
tradisjonelle lærarrolla. Læraren skal gå ved sida av dei lærande elevane,
rettleie, lære av – og skape kunnskap saman med – dei. Dette gir stort rom for
utforsking, kor elevane får feile for så å finne løysingar sjølv, og slik bygge
ei robust sjølvkjensle. Det dreier seg om deltaking framfor prestasjon og
utvikling av ibuande eigenskapar, ikkje å kome fram til eit forehandsdefinert
svar.
Eit slikt
læringssyn ligg allereie som ein av bærebjelkane i faget kunst- og handverk.
Saman med bruk av material og verktøy i tolmodig formingsarbeid blir læringa kroppsleg
forankra. Dette gir også rom for å forme barna, bygge uthald når dei står i
prosessar, og la dei erfare at dei kan rette opp om dei høvlar feil.
Dei blir robuste
og får øva motstandsdugleik overfor psykiske problem, og dei utviklar respekt
for arbeidet og materiala som ligg i tinga som omgir oss. Og dei blir glade av
det. Sjølv om kunst- og handverkfaget er lova ein større plass i skulen, har
forskarar ved USN nyleg kartlagt at rammene i skulen, med låg fagkompetanse,
dårleg økonomi, auka storleik på klassene og nedbygging av verkstader, likevel gjer
det vanskeleg å få til.
Praktiske fag
Frå vårt
pågåande forskingsprosjekt (MAKER) erfarer me at det ikkje er utstyret som avgjer
om ein får til praktisk skaparorientert læring i skulen. Det er det den enkelte
lærar som er drivkrafta: eldsjela som strekk seg for å utgjere ei skilnad. Skaparverkstadslærarane
skapar plass kor det i utgangspunktet er trongt, og dei trur på ei endring av
skulekvardagen, kor det er rom for heile det lærande menneskje.
Etter
tiår med dyrking av realfag, bør vi no styrke og auke fagkompetansen innom dei
praktiske faga og bygge på den solide tradisjonen som ligg i kunst- og
handverksfaget. Saman med ei auka satsing på rørsla av engasjerte og dyktige
eldsjeler i skaparverkstadene på norske skular, kan det – med rett bruk av
millionane – bli plass til barn som både er skapande, kreative og ikkje minst
glade.
Referansar
Calloway-Thomas,
C. (2010) Empathy in the global world: An intercultural perspective . New York:
Sage.
Fulton
Suri, J. (2003) Empathic design: Informed and inspired by other people’s
experience. In Koskinen, I., Battarbee, K. & Mattelmäki, T. (Eds.),
Empathic design: User experience in product design, (pp. 51-58). Helsinki,
Finland: Edita IT Press.
Høibo, I.
H. (2023). Læringssyn skaperverkstedslitteraturen. Techne series (Oslo), 30(2),
1-17. https://doi.org/10.7577/TechneA.4946
Kelley,
T., & Kelley, D. (2013). Creative Confidence: Unleashing the Creative
Potential Within Us All. Westminster: Crown/Archetype.
Kirketerp,
A. (2020). Craft-psykologi : sundhedsfremmende effekter ved håndarbejde og
håndværk (1. udgave. ed.). Mailand.
Papavlasopoulou,
S., Giannakos, M., & Jaccheri, L. (2016). Empirical Studies on the Maker
Movement, a Promising Approach to Learning: A Literature Review. Entertainment
Computing, 18. https://doi.org/10.1016/j.entcom.2016.09.002
Maibom,
H. (2007). The Presence of Others. Philosophical Studies 132, pp. 161-190.
Papert,
S. (1993). Mindstorms : children, computers, and powerful ideas (2nd ed. ed.).
Basic Books.
Olafsson,
B. (2022). Kreativitet i klasserommet. Kunst og håndverkslæreres forestillinger
om kreativitet og hva som støtter eller hemmer kreativitet i norsk grunnskole
(doktoravhandling). Universitetet i Sørøst-Norge.
Randers-Pehrson,
A., Rimstad, Åsta, & Carlsen, K. (2023). Utopier og realiteter i kunst og
håndverksfaget: – Rammefaktorers betydning for kunst og
håndverksundervisningen. Acta Didactica Norden, 17(3), 25 sider.
https://doi.org/10.5617/adno.9757