På signal let alle elevane som om dei søv. Den forundra læraren blir filma, og filmen lagt ut på TikTok.

Lærarar blir filma i smug

Blant danske elevar er det blitt ein trend å smugfilme læraren i klasserommet for så å leggje filmen ut på TikTok.

Publisert

Videoane frå klasseromma følgjer eit mønster som elevane har avtalt seg imellom, skriv det danske bladet «Folkeskolen».

Mønsteret startar med at ein elev rekk opp handa og spør om det ikkje er varmt i klasserommet. Det er stikkordet for dei andre elevane, som legg hovudet ned på pulten og let som om dei søv. Dermed er det berre læraren som forblir oppreist, og som ser ser forundra ut over klassen.

Dette er ein trend som nå spreier seg fort i danske grunnskolar, ifølgje «Folkeskolen.

Mange oppfattar filmane som ein harmlaus spøk, og Eva Fog Noer, som er ekspert på barns digitale liv, meiner det er ein grunn til at trenden spreier seg så fort.

Likevel vil ho ha stopp på trenden. Ho understrekar at skjult filming ikkje er lov. For det andre er det mange døme på at videoar er delte utan at læraren har gitt løyve. Det er heller ikkje lov å filme på skoleområdet, understrekar Eva Fog Noer.

Av kommentarane ho har sett i sosiale medier, kjem det fram at mange lærarar ikkje tar filminga og offentleggjeringa særleg alvorleg. Men det er og dei som likar dette dårleg.

– Opplever ein lærar at elevane legg hovudet på pulten og let som dei søv etter at ein har spurt om det er varmt, da må læraren rekne med å bli filma, seier Eva Fog Noer.

Powered by Labrador CMS