Elevar blir betre i norskfaget ved å skapa si eiga bedrift
Debatt: Elevbedrift gir elevar rom for å jobbe med grammatikk, lesing, munnlege presentasjonar og digitale verktøy på nye måtar.
Eg utfordrar norsk skule til å jobba tverrfagleg med elevbedrift i norskfaget. Elevbedrift er eit program der elevane i norsk skule får høve til å bruka sin kreativitet og sine samarbeidsevner til å utvikla noko heilt eige. Men funn frå mi masteroppgåve viser tydeleg at elevane også får høve til å utvikla sin kompetanse innan norskfaget på vegen mot å skapa si eiga bedrift.
Samfunnet stiller krav til at elevane har kunnskap om å løysa problem, samarbeida, tenkja nytt og jobba kreativt. Læreplanen verdset praktisk undervisning, og med eit verdigrunnlag om skaparglede, engasjement og utforskartrong opnar det seg nye moglegheiter for å utforska potensialet i norskundervisninga. Elevbedrift viser seg å ha positive ringverknadar på skulekvardagen til elevane, og kan verka på både motivasjon og lærelyst.
Meiningsfulle tekstar i møte med kundane
Kva er det som gjer at elevbedrift kan bidra til å auka elevane sine norskfaglege kompetanse? Ein lærar sa i intervjuet at elevane skriv for å få noko tilbake. Til dømes skriv dei til leverandørar, samarbeidspartnarar eller kundar. Dette for å skapa eit produkt, få sponsorpengar eller selja produktet eller tenesta.
Elevane er opptekne av å skriva grammatisk rett og opptre som profesjonelle aktørar, for då får dei kanskje eit ja av potensielle samarbeidspartnarar. Elevbedrift vert ein kontekst kor elevane skriv tekstar som opplevast som meiningsfulle for dei, med reelle mottakarar og ikkje minst med eit bodskap dei har kunnskap om, og eit føremål dei har engasjement for. På den måten vert elevane engasjerte skrivarar som ønskjer å revidera tekstane sine.
Frå vedkløyving til berekraftsmål
Ettersom elevane har valt konsept for bedrifta si sjølve, legg arbeidet også opp til at elevane kan velja å lesa tekstar som dei har interesse av, og som opplevast meiningsfulle, relevante og har ein nytteverdi for dei. Funna mine viser at elevane nyttar lesing som eit middel for å forstå og nytta innhaldet i brukarrettleiingar, informasjonsskriv, instruksar, oppskrifter, søknadar, skjema og statistikk, og slike tekstar består gjerne av bilete og tabellar. Til dømes sa ein lærar at nokre bedrifter les for å læra å kløyva ved, andre for å få inspirasjon til internasjonale bakeoppskrifter, avhengig av kva forretningsidé bedrifta har.
I tillegg les elevane seg opp på FN sine berekraftsmål, og ikkje minst nyttar dei ressurssida til Ungt Entreprenørskap om Elevbedrift. Å utvikla lesedugleik er ikkje det primære målet med elevbedrift, men vert eit viktig steg på vegen for å driva elevbedrift.
Meistring i møte med maktmenneske
Det er tydeleg at dei munnlege aktivitetane i elevbedrift også har stor verdi. I motsetnad til dei oppkonstruerte presentasjonane i klasserommet gir elevbedrift elevane moglegheit for reelle presentasjonar, for andre mottakarar enn dei vanlegvis har, gjerne ukjente personar i maktposisjonar som politikarar eller rektorar. Denne forma for øving, erfaring og moglegheit for meistringskjensle er unik for elevbedriftsarbeidet. Elevane uttrykte at dei tok med seg lærdommen frå slike presentasjonar inn i framtida kor dei kan koma opp i liknande munnlege situasjonar.
Ein elevbedriftslærarar sa at elevane viste stor grad av profesjonalitet på fylkesmessa, ved å innta ei bedriftsmedlemsrolle, samstundes som dei var seg sjølv. I det la læraren at elevane opptredde seriøst og var medvitne på ordval, samanlikna med korleis dei snakka til kvarandre, og henne, i klasserommet. Ved å framstå som ordentlege bedriftsmedlemmar, og formulera seg deretter, viste elevane at dei tok omsyn til viktig retorisk kompetanse.
Teknologisk kunnskap er forutsetning for å driva elevbedrift
I framtida vil yrkeslivet ha store krav til elevane sin digitale dugleik. Den eine læraren meinte at elevbedrift hadde vorte keisamt og omstendeleg utan dei digitale verktøya.
Elevane får erfaring med mange ulike digitale verktøy og plattformar, til dømes OneNote, Word, PowerPoint, Facebook, Instagram, Snapchat, Tik Tok og nettressursane til UE. Gjennom elevane sin aktive bruk av digitale plattformar kjem det fram at digital dugleik er naudsynt for å kommunisera med andre menneske og utføra prosjekter på ein meir effektiv, og føremålstenleg måte som bedrift.
I tillegg ligg elevane sin digitale dugleik som ein føresetnad i alt elevane skriv og les som ei bedrift. Til dømes sa elevane at dei trong å kunna skriva, snakka og nytta digitale verktøy for å kommunisera med kundane på Instagram.
Sett i gong prosjekt om elevbedrift!
Vi er i eit samfunn som endrar seg i rekordfart, samstundes som elevane manglar motivasjon og lærelyst. Vårt ansvar er å rusta elevane for framtida, og då må me vera ein skule som opplevast som meiningsfull for dei. Det handlar om livsmeistring!
Elevbedrift har allereie vist seg å ha positive ringverknadar på skulekvardagen til elevane, og masteroppgåva mi viser at elevane lærer viktig og brei norskfagleg kompetanse, til tross for at det ikkje var fokus på det i undervisninga.
Sjølv om elevbedrift nokre gonger kan opplevast uoversiktleg og kaotisk, oppfordrar eg norsklærarane til å tora å frigje seg frå den tradisjonelle lærebokundervisninga, og setja i gong prosjekt med elevbedrift. Tverrfaglege prosjekt med elevbedrift i norskfaget vil kome elevane og samfunnet til gode.