Peder Lofnes Hauge (t.v.), leiar i Noregs Mållag, og Espen Tørset, norsklektor og styremedlem i Noregs Mållag.
Foto: Noregs Mållag
Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk
Debatt: – Utrygge lærarar bidreg til at elevane blir for lite eksponerte for nynorsk i klasserommet.
Mange
norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i
nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og høgskular som
utdannar norsklærarar, må rette på dette.
Ei fersk kartlegging frå Språkrådet og Institutt for
lærarutdanning ved NTNU viser at sidemålet er det fagområdet norsklærarar i
grunnskulen kjenner seg minst kompetente i. For dei fleste er sidemålet
nynorsk. Berre halvparten av lærarane kjenner seg rusta til å undervise i
sidemål. Det er om lag det same omfanget som Språkrådet kartla i 2017.
Universiteta og høgskulane må tryggje studentane til å kunne drive god,
engasjerande og lystprega opplæring i og på nynorsk.
Rapporten peikar på manglande motivasjon for og kunnskap om god
sidemålsundervisning hos studentane. Også lærarar som i dag står i
klasserommet, må sørgje for å auke kompetansen sin, om dei kjenner seg utrygge.
Det handlar om respekt for elevane, for faget og for lovene som gjeld for
skulen. Skuleeigar har òg eit ansvar. Det er kommunar
og fylkeskommunar som har ansvar for at skulane kan følgje krava og ambisjonane
i opplæringslova.
Det gjeld sjølvsagt også sidemålsundervisninga. Læreplanen seier at elevane alt på småtrinna
skal «lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og
nynorsk». Etter sjuande trinn skal elevane ha prøvd ut «skriving av tekstar på
sidemål». Når dei er ferdige med grunnskulen, skal elevane i tillegg til å lese
eit breitt utval av tekstar på begge dei norske språka, «meistre rettskriving
og ordbøying på hovudmål og sidemål». Dette er ambisjonane styresmaktene har
vedtatt for sidemålsopplæringa. Som lærar må du vere kvalifisert for å innfri.
Utrygge lærarar bidreg til at elevane blir for
lite eksponerte for nynorsk i klasserommet. Skal du meistre eit språk, må du
møte det i mange samanhengar. Du må både lese og skrive tekstar på nynorsk om
du skal bli god i nynorsk. Det held ikkje å møte nynorsk fordi «vi må» rett før
ein vurderingssituasjon i åttande klasse. Det er altfor seint. NTNU-rapporten viser at enkelte lærarar er lite
motiverte for arbeid med sidemål, og fleire spør seg om dette bør vere eit fag
dei skal gje elevane karakter i. Med ei slik haldning er det ikkje rart at
elevane ikkje blir motiverte heller.
Det er grunn til uro når norsklærarar seier at dei svært sjeldan
les tekstar på nynorsk i klasserommet, og at dei aldri skriv nynorsk. Den
tospråklege skrifttradisjonen i Noreg er eit fortrinn, ikkje eit hinder for
språkopplæring. Noreg er både dialektar, bokmål og nynorsk – og dessutan fleire
språk som staten har ansvar for. Det manglar ikkje på tilbod om etterutdanning,
kurs eller andre ressursar. Høgskulen på Vestlandet har til dømes eit eige emne
på 15 studiepoeng om nynorsk som sidemål. Om ikkje lærarstudentar og lærarar
tileignar seg den kunnskapen og kompetansen dei manglar, handlar det
utelukkande om vilje. Lærarane er dei viktigaste rollemodellane elevane møter
på skulen. Elevane tek med seg både haldningar og kunnskap resten av livet. Det
gjeld også for nynorsken.