Pedagogar er målgruppa for vidareutdanning i song og stemmebruk
Når Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Sogndal, startar med vidareutdanning i song og stemmebruk, er pedagogar målgruppa.
Men alle med studiekompetanse kan delta, skriv Sogn Avis.
– Bakgrunnen er at HVL fekk løyve til å starta opp vidareutdanning i estetiske læreprosessar. Det er jo eit vidt omgrep, så me har spissa det og valt å gå i djupna, seier emneansvarleg Lena Skjerdal til avisa. Ho skal saman med Kari Malmanger og Anne Kristine Wallace frå campus Bergen gå i djupna i løpet av kurset på 15 studiepoeng.
– Me skal ha ei praktisk tilnærming med fokus på songteknikk og vokalutvikling, fortel ho.
Les: Starter skoleåret med allsang
Dei skal også innom teori på mellom anna stemmehelse og stemmeanatomi.
– Det blir mindre og mindre song i skulen og for lite fokus på det i lærarutdanninga. Det er bevist at det å syngja og skapa noko saman har ein positiv effekt på den enkelte, seier Malmanger.
Ingen var uteksaminerte i gamle dagar som lærarar utan å få godkjent prøve i song, påpeiker dei tre.
– Stemma er eit viktig reiskap i all formidling, seier Skjerdal.