Tidleg innsats i lys av nye føringar i utdanningspolitikken – med blikk på PP-tenesta
Fagartikkel: Endringar i opplæringslova vil truleg føre til nye måtar å sjå og løyse oppgåvene på når det gjeld å gi tidleg hjelp. I denne artikkelen drøftar forfattaren nokre av utfordringane i høve dette.
Kunnskapsdepartementet jobbar no med ei ny opplæringslov som skal erstatte dagens lov. Den nye opplæringslova vil ifølgje Utdanningsdirektoratet, slik det ser ut no, være klar til skolestart 2024 (red.anm). Etter omfattende arbeid frå ulike utval, høyringar, meldingar og rapportar kan vi då sjå fram til endringar i systemet rundt elevar som treng tidleg innsats og tilpassingar i skolekvardagen.
Men det er problematisk at det er ulike meiningar om kva tidleg innsats eigentleg inneber. Dette vil eg komme tilbake til.
Opplæringsvalet som først hadde ansvaret for å foreslå forslag til endringer i skolen, peika på at det var noe som helst om følgende problemområde:
- Spesialundervisninga blir opplevd som sosialt stigmatiserende for mange.
- Mange barn får hjelp for seint.
- PP-tenesta utføre systemretta arbeid ovenfor skolen i for liten grad.
- Mykje av spesialundervisning blir utført av personar som ikkje har krav på opplæringslova til fagleg og pedagogisk kompetanse.
Slik eg ser det, vil nytt lovverk bidra i riktig retning når det gjeld alle desse problemområda.
I § 11-13 i forslaget til ny lov som gjeld PPT, står det:
«Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i arbeidet deira for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som har ulike behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal
a) støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og eventuelt sette inn tiltak så tidleg som mogleg
b) hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å oppnå eit inkluderande og tilrettelagd opplæringstilbod
Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal skrive vurderinga.»
Det er problematisk at det er ulike meiningar om kva tidleg innsats eigentleg inneber
Inkludering
Inkludering er løfta fram i lovteksten. Inkludering er eit omgrep som har vore brukt i lang tid, og som i stor grad har erstatta integrering i daglegtale og i fagtekstar. Inkludering viser til at alle har en plass i fellesskapet. På den måten skal det også legges til rette for at skolen skal romme alle. Salamancaerklæringa frå 1994 demonstrerte for første gong internasjonal vilje til slik inkluderande undervisning (Mitchell, 2014). Erklæringa inneheld mellom anna følgjande punkt:
- Elevar med særlege behov skal ha tilgjenge til vanlege skolar.
- Skolar med inkluderande orientering er ofte dei mest effektive undervisninga når det gjeld både, system og økonomisk kostnad.
- I tillegg er felles skoler med på å motvirke diskriminerende haldninger og sikre utdanning til alle.
Den nye nemninga universell opplæring (tidlegare tilpassa opplæring) falt inn under dette. Om ein ser vekk frå dette som ei type standardisering av undervisninga, og at ein heller vel å sjå på det som ei moglegheit for alle til å delta ved at undervisninga blir tilpassa, er universell opplæring eit gode. Universell opplæring kan likevel problematiserast dersom ei forståing av dette omgrepet fører til at læraren får avgrensa handlingsrommet sitt i det daglege, slik at vedkomande ikkje får tatt i bruk det faglege skjønet sitt.
Når det gjeld inkludering, skal PPT hjelpe skolane der elevar har ulike behov for tilrettelegging. Altså: PPT skal konsentrere seg om inkludering med tanke på denne gruppen. Dette avgrenser PPT sitt mandat. Det er ikkje tenkt slik at PPT skal vere ein instans «for alle», eller at PPT skal vere kompetent på alminneleg skoledrift. PPT skal ikkje ha ansvar for å støtte den allmennpedagogiske kompetansen hos lærarar.
Les også: Utdanningsforbundet vil fjerne fem ord i opplæringsloven
Førebyggande arbeid
PPT skal hjelpe til i førebyggande arbeid slik at tiltak blir sett inn så tidleg som mogleg. Det betyr at skolen må få hjelp til å kunne greie ut nødvendig for tiltak og tilrettelegging. Det er ein jungel av ulikt test- og kartleggingsmateriell, og det må sikrast på skolen gjer det som skal til for å kartlegge det som bekymringa er retta mot. PPT må vere budd på å kurse og hjelpe pedagogar i å bruke slikt materiell.
Etter kartlegging må skolen sette inn tiltak og vurdering. Dette er eit krav før det meldast til PPT, og før det kan bli ein individsak / sakkunnig vurdering. Ny lov vil styrke at det er kompetanse i skolen når det gjeld dei som treng individuelt tilrettelagd opplæring (tidlegare spesialundervisning).Slik opplæring skal i regelen utførast av ein pedagog. Ei styrking av kompetansen tett på i skolen er tidleg hjelp,
Ein kunne sjå for seg eit spesialpedagogisk team på skolen, men no skal det spesialpedagogiske tonast ned (omgrepet i alle fall) – sjølv om hjelpa bli mykje den same og endå betre etter ambisjonane.
Ein kan likevel sjå for seg eit slags «(inkluderings)team» der ein kan samle seg om kartlegging, utprøving og tiltak, eit fellesskap internt på skolen der ein kan diskutere saman og hjelpe kvarandre for å sikre tilfredsstillande utbytte av opplæring både til grupper og einskilde elevar.
Eit slikt team vil også kunne samarbeide med PPT jamleg, og det ville vore ei forbetring og effektivisering av samarbeidet. Med tanke på at PPT skal hjelpe til med kompetanse og organisasjonsutvikling, ville dette vere eit godt mottak for tenester. Det blir då skolen og teamet sitt ansvar at naudsynt kompetanse kjem ut til den einskilde tilsette.
Individuelt tilrettelagd opplæring
PPT skal framleis ta imot tilvisingar når skolen ser at elevar kan trenge individuelt tilrettelagd opplæring (tidlegare spesialundervisning). Då skal det utarbeidast sakkunnige vurderingar for dei det gjeld.
Ein skal då greie ut om elleve sitt utbytte, kvifor det eventuelt ikkje er tilfredsstillande utbytte no, kva som er realistiske opplæringsmål, kva tiltak som kan gi tilfredsstillande utbytte, og kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, må ha. PPT kan òg foreslå unntak frå kompetansekrava til dei som skal gi opplæringa.
Tidleg innsats
Å fjerne ordlyden «særlege behov» i lovteksten og formulere det slik at PPT skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggande arbeidet deira (den tidlege innsatsen), kan nytta føre til ein del misforståingar. Det er framleis slik at ein skal sikre tilbodet til elevar som kan ha ulike behov for tilrettelegging av opplæringa. Den store forskjellen er ikkje der mellom «særlege behov» og «ulike behov for tilrettelegging».
Spørsmålet blir ofte: Kva er tidleg innsats? Alt etter kven som spør, må ein ofte gi ulike forklaringar.
Tidleg innsats i høve til alder: Barnehagen kan i seg sjølv vere tidleg innsats når det gjeld utvikling og læring. Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2017) med sine fagområde gir innhald til korleis barnehagen skal forstå mandatet sitt ut frå lovverket.
I skolen kan tidleg innsats vere å sette inn styrkt bemanning frå 1. trinn. Når ein sikrar god grunnbemanning, kan dette vere eit val skolen vil gjere for å tidleg oppdage behov for tilrettelegging og tilpasse opplæringa til kvar enkelt. I tillegg er det tidleg innsats å sørge for at dei som kan bli hengande etter, får intensiv opplæring i ein periode.
Tidleg innsats i høve til ulike nivå: Universelt, selektert og innikert nivå er ei vanleg inndeling når det gjeld førebygging og tiltak. På alle disse nivåene kan du utøve tidleg innsats. Intensiv opplæring skal no inn i lovverket som ein del av det universelle nivået for 1.–4. trinn. Dette er et tiltak som skolen skal sette inn og vurdere før eventuell melding til PPT.
Tidleg innsats som systemarbeid: Å ha nokon å diskutere med i ei tidleg fase er førebyggande i høve til vidare problemutvikling. PPT si roll her kan vere å møte inkluderingsgruppa/teamet på skolen. Då må ein stille krav om at teamet allereie har analysert utfordringa og sett til at tiltak er prøvde ut.
Tidleg innsats – å oppdage vanskar: Ein kan stadig møte på den tradisjonelle måten å tenke tidleg innsats på, som er å oppdage for så å sende vidare. Tidlegare hadde PPT ein funksjon som dei tok imot meldingar frå skolen utan tydeleg krav om forarbeid, og dei måtte sortere ut dei med store vanskar og anbefale segregerte tiltak i form av spesialskole eller andre tiltak lokalt.
Forventninga no er at skolen skal legge til rette i det universelle tilbodet slik at fleire, helst alle, blir inkludert. Om dei oppdagar eventuelle behov for hjelp, skal dei som nemnt sette inn tiltak og vurdere dei før dei eventuelt ber om vurdering av retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning). Ein føresetnad for å lukkast med dette er at PPT er inne med hjelp til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling (systemarbeid) for å gjere skolen god på dette området.
... dei skal sette inn tiltak og vurdere dei før dei eventuelt ber om vurdering av retten til individuell tilrettelegging (spesialundervisning).
Som nemnt i starten er det ei bekymring rundt at bruken av ordet spesialundervisning er stigmatiserande. Sjølv har eg ikkje vore så oppteken av dette. Det er ei ulempe med endring av omgrep om det skapar uklarheit. Eg skjøner likevel at grepa som er gjorde i forslaget til ny lov, kan motverke stigmatisering. Kanskje har dei rett dei som har gjort denne endringa, kanskje treng vi å bytte omgrep for å få endra praksis mot ein endå meir inkluderande skole?
Det viktigste, i tillegg til inkludering, er å gi tilbod til rett tid frå kompetent fagfolk og nytte ressursane som best vi kan. Dette er avhengig av at fagmiljøet har ei felles forståing av kven som skal gjere kva, og veit om kva for rettar elleve har når det oppstår behov for tilpassingar.
Gro Nærø arbeider no som PP-rådgivar med ansvar for barnehageområdet i Giske kommune, ved eining for barn, familie og helse. Ho er utdanna spesialpedagog med hovudfag i spesialpedagogikk. Ho har erfaring frå barnehage og skole, og har arbeidd i mange år i PPT, i statleg barnevern og i helsevesenet.
Denne artikkelen har tidligere vært publisert i papirutgaven av tidsskriftet Spesialpedagogikk nr. 1, 2022. Hvis du vil lese flere artikler eller abonnere på Spesialpedagogikk : Klikk her:
På denne nettsiden får du også tilgang til Spesialpedagogikks arkiv med tidligere publiserte utgaver og forfatterveiledningen vår - hvis du ønsker å skrive noe selv.
Referansar
Arnesen A. & Sørlie, MA. (2010). Forebyggende arbeid i skolen I: E. Befring, I. Frønes & M.-A. Sørlie (red). Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger. s. 86–100. Oslo: Gyldendal Akademisk.
Kunnskapsdepartementet (2017). Rammeplan for barnehagen.
Mitchell, D. (2014). Hva virker i felles undervisning. Frederikshavn: Dafolo.
NOU (2019:23). Ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov og endringer i friskoleloven. URL: Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova - regjeringen.no