Forskarar: Partsamarbeidet i barnehagane er lite utvikla
Arbeidstakarar og arbeidsgivarar samarbeider mindre i barnehagane enn i arbeidslivet generelt.
Dette kjem fram i Medbestemmelsesbarometeret 2021, laga av Arbeidsforskningsinstituttet.
Forskarane har undersøkt medbestemming i fem bransjar, og ein av dei er barnehagane.
Forskarane slår fast at barnehagane skil seg ut i norsk arbeidsliv ved noe som kan framstå som eit paradoks: 95 prosent av dei tilsette er medlem i ei fagforeining. Dette er svært høgt, samanlikna med gjennomsnittet blant tilsette i både privat og offentleg sektor. Likevel konkluderer forskarane med at samarbeidet mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarrepresentantar i barnehagane er svakt utvikla.
Forskarane konkretiserer ikkje i detalj korleis dette gir seg uttrykk. Ein grunn til det er at i ein del av statistikken dei bygger på er skole og barnehage slått saman. For å få eit betre bilde vil dei difor ha barnehagetilsette som eigen kategori i framtidig statistikk.
Les også: Barnehagelærere løser i dag arbeidsgivers oppgaver
Vesentleg skilnad
Det dei likevel ser, er at når det gjeld det som blir kalt ressursfordeling og fastsetting av arbeidskrav har tilsette i barnehage og skole mindre medverking enn andre arbeidstakarar.
39 prosent av tilsette i skole og barnehagen seier det er nok ressursar til at dei får gjort jobben, og at dei fastset arbeidskrav i dialog med næraste leiar. Det er åtte prosent under talet for det arbeidstakarar i gjennomsnitt svarte på dette spørsmålet. Forskarane kallar denne skilnaden for vesentleg.
I tillegg til statistikken viser dei og til undersøkingar som stadfestar at barnehagetilsette har betydeleg mindre påverking på desse forholda enn andre arbeidstakarar, og dei har intervjua barnehagetilsette.
Når det gjeld fordeling av ansvar, utføring av oppgåver, beslutningsmyndigheit og informasjon for å gjere jobben ser det ut til at barnehagetilsette medverkar på nivå med gjennomsnittet av arbeidstakarar.