Foreldre ventar på rettleiar for heimeskole
I april ba Foreldreutvalet for grunnopplæringa om ei rettleiing for heimeundervisning. Dei ventar framleis.
Heilt frå pandemien slo til, har foreldre tatt kontakt med Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) med spørsmål om heimeundervisning. Fleire meinte at skolen la for mye ansvar til foreldra.
Nå er det heimeskole igjen i store, folkerike kommunar, men foreldra er framleis like usikre på korleis og kor mye skolane kan forvente at foreldra følgjer opp undervisninga.
Regjeringa har dessutan bestemt at dei vil opne for meir heimeskole også når det ikkje kan grunngjevast med smittevern. Forskriftsendringa betyr i praksis at skolane kan ta i bruk heimeskole, også når smittevernnivået er på gult.
– Foreldre har vore usikre på kva dei kan forvente av skolen i tida med heimeundervisning, seier leiar i FUG, Marius Chramer, til Utdanningsnytt.
Les også: Læring hjemmefra er ikke bare et spørsmål om logistikk og oppgaver
Rettleiar
FUG ba difor tidleg i pandemien om ein rettleiar for skolar og foreldre om heimeskole. Oppfordringa er gjentatt fleire gonger, men ingen rettleiar er på plass.
– Stadige vekslingar mellom gult og raudt nivå har gjort at dette har vore aktuelt gjennom heile pandemien, seier Chramer.
Kunnskapsdepartementet har ikkje svart på spørsmål frå Utdanningsnytt om dei vil lage ein sik rettleiar. Men dei viser til reglane for meir brukt av heimeskole som blei sendt ut måndag. Der heiter det blant anna at meir heimeskule kun gjeld elevar i ungdomsskkolar og videregåande skolar, samt at elevar med særskilde behov skal ha tilbod på skolen. Det er berre mogleg å gje meir heimeskole på skolar der det over tid er utfordrande å organisere opplæringa på grunn av mykje fråvær hos elevar og lærarar knytta til pandemien.
Les også: Lærere reagerer: Gikk fra rødt til gult nivå da reglene ble strengere
Dårleg kommunikasjon
Frå FUG får Utdanningsnytt opplyst at dårleg kommunikasjon mellom skole og foreldre er det temaet som FUG generelt sett får flest spørsmål om. Dei ser uvissa om kva skolane forventar og kan forvente av foreldra under heimeskole som eit uttrykk for korleis denne gjengangaren av eit problem slår ut med heimeskole.
I ei undersøking utført mellom 26. og 20. april sa 44 prosent av foreldra at dei ikkje hadde hatt kontakt med skolen under heimeskolen. Foreldra til dei eldste barna var i fleirtal blant dei som meinte at manglande kontakt var eit sakn.
FUG meiner denne undersøkinga viser at vi treng ein rettleiar for samarbeidet mellom skole og foreldre under pandemien.
Spør lite om smittevern
Få har tatt kontakt med FUG med spørsmål knytta meir direkte til smittevern for ungane. Chramner spør seg om det er spørsmål foreldra i staden tar opp direkte med skole eller skoleeigar.
– Men vi har fått spørsmål om smittevern knytta og gjennomføring av møte i foreldreutvala på skolane, seier Marius Chramer.