Foto: Erik M. Sundt
Fleire skoledrop-outs kjem tilbake
Forsterka ungdomsinnsats i Nav har fått fleire ungdomar utan sysselsetjing tilbake til skolen.
I 2017 innførte Nav forsterka ungdomsinnsats, der målet var å få fleire unge som korkje var i jobb eller utdanning i aktivitet. Nå har forskingsstiftinga Fafo evaluert tiltaket. Rapporten «Tid for aktivering» viser at innsatsen har ført til at fleire ungdomar vender tilbake til skolen.
Gir resultat
Rapporten har sett på kor mange ledige ungdomar som er komne i aktivitet mellom 2016 og 2018, altså kort tid før og etter innføringa av ungdomsinnsatsen i 2017. Auken på denne korte tida er ikkje på meir enn tre prosent. Det er likevel nok til at Faf-forskar Anne Hege Strand konstaterer overfor Utdanningsnytt at innsats gir resultat.
Men berre på utdanningstiltak. Heile auken i aktivitet blant desse ungdomane skuldast at dei unge har tatt fatt på utdanning igjen. Det er ikkje fleire som begynner i jobb.
- Vi veit ikkje kvifor det er slik. Men vi kan jo tenkje oss at det er skole dei har erfaring frå, og at det difor er lettare å vende tilbake dit, seier Anne Hege Strand.
Les også: Hvordan få ni av ti til å fullføre skolegangen innen 2030?
Psykisk diagnose
Forskarane har ikkje sett på kva det er i innsatsen som har ført til resultat. I rapporten peikar dei på at innsatsen ikkje omfattar å gå grundigare inn i dei bakanforliggjande årsakene til at ungdom er utan skole eller arbeid.
Samstundes peikar dei på at kvar fjerde ungdom som går på arbeidsavklaringspengar har ein psykisk diagnose.