Ill.foto: Mostphotos
Skisse til ny grunnskulelærarutdanning
Debatt: – Den obligatoriske femårige masterutdanninga bør erstattast av ei obligatorisk utdanning på fire år med påbygging til master som frivillig tilbod.
Vi har mange gode lærarutdanningsinstitusjonar med
godt kvalifisert vitskapleg personale. Innanfor dei rammene som departementet
fastset, får lærarstudentane ei god utdanning som kvalifiserer dei for arbeid
på ulike steg i grunnskulen. Mange lærarstudentar synest at dei får ei god
utdanning som førebur dei godt for arbeidet i skulen.
Endå om studentane har fått oppleva inspirerande
førelesarar og fått vore med på interessante og spennande prosjekt både i fag
og i pedagogisk teori og praksis, er det relativt mange som meiner at dei nasjonale
planane for grunnskulelærarutdanninga bør endrast.
I dei siste åra har talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga gått ned. I år har
mange lærarutdanningsinstitusjonar vanskar med å fylla studieplassane. Det er
mange årsaker til dette. Ei årsak kan vera at utdanninga har fått dårleg
omdømme, og at ho har eit innhald og ei organisering som er lite tiltrekkjande.
Studiebarometeret viser at aldri
før har så mange lærarstudentar vore misnøgde med utdanninga si. Sidan 2016
har lærarutdanninga vore blant dei lågast rangerte utdanningane når det gjeld
studentane si vurdering av eiga utdanninga. Det er utruleg at ansvarlege styresmakter
ikkje har registrert dette og gjort noko for å endra utdanninga i tråd med
studentane sine vurderingar.
Nokre
minussider ved nåverande lærarutdanning
Studentane etterlyser mellom anna meir relevant
praksis. Todelinga av utdanninga (ei for 5–7 og ei for 7–10) som blei vedteken
i 2010, gir berre kompetanse for undervisning i ein del av grunnskulen. Sjansane
for at studentar vel feil «spor» og endar opp med ei utdanning som ikkje passar
med deira faglege og personlege føresetnader, blir dermed større.
Utdanninga er blitt forlenga frå fire til fem år. Di
meir utdanninga er blitt utvida, di «smalare» er ho blitt. Utdanninga er blitt meir «akademisk» med vekt
på nokre få teoretiske fag. Praktiske og estetiske fag (kunst og handverk,
musikk, kroppsøving og drama) som blei vektlagt tidlegare, er så og seia
fråverande. For ein del studentar er det kanskje heller ikkje så lysteleg å starta
studiet med krevjande opplegg i norsk eller matematikk. Dette er fag dei har
hatt i tretten år på grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Obligatorisk femårig
utdanning med mastergrad kan også vera lite forlokkande for somme som kunne
tenkja seg å bli lærarar.
Skisse til
endra innhald og ny organisering
Den obligatoriske femårige masterutdanninga bør
erstattast av ei obligatorisk utdanning på fire år med påbygging til master som
frivillig tilbod til studentar og vidareutdanning for lærarar.
Det første studieåret kan innehalda ein gjennomgang av lover og regelverk for grunnskulen og
gjeldande læreplanar. Pedagogisk teori og praksis må vektleggjast, og
studentane må læra om arbeidsmåtar og oppgåver for lærarane i dagens skule.
Pedagogisk filosofi og den historiske utvikliga av skulen i landet vårt må vera
med. Studentane skal dessutan kunne velja minst ei eining på 15 poeng i eit praktiske
eller estetiske fag.
Heile det andre studieåret kan studentane vera praktikantar ved ein skule/skular i ein
kommune, til dømes i heimkommunen. Saman med erfarne lærarar kan dei få oppleva starten og slutten
på eit skuleår. Dei kan få vera med på planleggingsdagar, møte med foreldre,
hjelpetenester m.m. Saman med kvalifiserte lærarar kan dei få følgja
undervisning og arbeidet til ein lærar/lærarar på ulike klassetrinn. Dei skal
sjølve praktisera som lærarar og få rettleiing av kvalifiserte lærarar som
arbeider på barnesteget og ungdomssteget. For kommunar som får lærarstudentar,
vil denne ordninga kunne vera ein ressurs for skulane i kommunen.
Det tredje og fjerde studieåret kan nyttast til fagstudium av ulike omfang og på ulike nivå.
Studentane skal kunne velja einingar på 15, 30 eller 60 poeng. Dei kan såleis
innretta utdanninga si mot lærararbeid anten på barnesteget eller ungdomssteget.
Metodikk og praksis i faga dei vel, inngår i studiet. Ei studieeining i norsk
og i eit praktisk eller estetisk fag bør vera obligatorisk. Der det høver, kan
ein organisera tverrfaglege opplegg, gjerne i samarbeid med pedagogisk teori og
praksis. Studentane må velja fagstudium slik at dei kjem ut med frå tre til
seks fagstudium for å få godkjent lærarutdanninga.
Den enkelte grunnskule må rekruttera lærarar med
fagleg bakgrunn som dekkjer best mogeleg fagkrinsen i grunnskulen, og skulen bestemmer
sjølv kva for undervisningsoppgåver og andre oppgåver den enkelte lærar skal
ha.
Etterord
Skissa ovanfor er meint som eit innlegg i debatten om
grunnskulelærarutdanninga. Det er lenge sidan det har vore forsøk i
lærarutdanninga. Forsøka på 1960- og 1970-talet skapte stort engasjement og
aktivitet ved lærarhøgskolane for å gjera lærarutdanninga aktuell og betre.
Departementet bør leggja til rette for større fridom for
lærarutdanningsinstitusjonane til å prøva ut andre opplegg enn dei som er fastsette
i dei nasjonale planane. Vi kan då få opplegg som mellom anna imøtekjem behov og interesser i ulike
landsdelar. I den samanhengen kan
kanskje skissa ovanfor tena som grunnlag for forsøksopplegg, til dømes ved mindre lærarutdanningsinstitusjonar i
distrikta?