Ulik fordeling av spesialpedagogikk

I Oslo får 6,6 prosent av elevane spesialpedagogikk. I Nordland og Møre og Romsdal er det spesialpedagogiske tiltak for 9,5 prosent av elevane.

Publisert

I gjennomsnitt får 7,7 prosent av elevane spesialpedagogikk, i alt 48 684. I skoleåret 2014-15 var talet på elevar med spesialpedagogikk 49672, så det har vore ein jamn, men liten nedgang.

– Kva skal til for å få ned behovet for spesialpedagogikk?

Spørsmålet går til Anne-Lene Engum, oppvekstsjef i Dovre kommune i Innlandet. Der får nå 5,9 prosent spesialpedagogikk dette skoleåret, og talet har vore lågare andre år.

Men i 2010 hadde ti prosent av elevane i Dovre spesialpedagogikk.

– To-lærarsystem og førebygging svarer Engum kjapt.

Så mange får spesialpedagogikk

Så stor prosentdel av elevane får spesialpedagogikk i dei ulike fylka: Nordland. 9,5

Troms og Finnmark 8,9

Oslo: 6,6

Agder: 7,4

Innland: 7,2,

Møre og Romsdal: 9,5,

Rogaland: 7,6

Trøndelag: 7,9

Vestfold-Telemark: 8.0

Vestland: 7,4

Viken: 7,3

Å ha to lærarar i alle klassar i basisfaga gjer det lettare å få til det Eggum kallar «å dra elevane med seg over kneika». Det hindrar at elevar som får problem kan arbeide seg ut av dei i staden for å dra problema med seg vidare i skolegangen.

– Når det gjeld førebygging må vi ikkje undervurdere kor viktig det er med sosial trivsel og fysisk aktivitet. Vi må samarbeide breitt med til dømes vernepleiarar og fysioterapeutar, seier Anne-Lene Engum.

Les også: Når forsøk på inkludering blir ekskludering

Kvalitet

Gerd Botn Brattli, leiar av Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal, kan ikkje gje eit absolutt svar på kvifor ein større andel av elevane i Møre og Romsdal treng spesialpedagogikk enn i Oslo.

– Det har eg spurt meg mange gonger, seier ho.

– Eg spør om den generelle kvaliteten i skolen er med og påverkar kor mange som treng spesialpedagogikk. Med det meiner eg om det ikkje er nok folk og kunnskap til å gi elevane hjelp og støtte før dei treng spesialpedagogikk. Men eg spør meg og om det er skolar som er hardt pressa økonomisk brukar spesialpedagogikk som ein måte å få litt ekstra ressursar på.

Powered by Labrador CMS