Tidleg skolestart er spesielt uheldig for gutar
Debatt: Gutar modnast seinare enn jenter, og i skolen manglar dei mannlege rollemodellar.
I haust har alle
landets 6-åringar, med sekk på ryggen, trippa på veg til skolen for første
gang. Slik har det vært i 26 år – lova om tidleg skolestart kom i 1997.
Dei er forventningsfulle, det er spennande, og med nokre sommarfuglar i magen er det stort sett stas.
Kva møter dei? Kva veit vi eigentleg om skolen i dag? Skolen er viktig. Den er eit speilbilde av samfunnet rundt oss, og på skolen kan ein «avlese» korleis samfunnet er. Dessutan er det 13 års levd liv for alle, mykje meir for mange. Men 13 viktige år.
Psykologistudent Adam Njå fekk mykje merksemd tidlegare i sommar med artikkelen «Menn i dameland» på NRK.no. Han skriv blant anna: «Vi har fått en skole som systematisk diskriminerer gutter. Det er vel dokumentert at gutter utvikler impulskontroll senere enn jenter. De er mer rastløse, presterer bedre når det er konkurranse og liker som regel mer røffe aktiviteter.» Vidare skriv han: «De blir bedt om å sitte stille og blir mislikt av lærere når de er rampete. … Slik har vi kommet en situasjon der stadig flere studier i høyere utdanning domineres av kvinner.»
Denne tidlege skolestarten er spesielt uheldig for gutar. Dei modnast seinare enn jenter i dei tidlege barneåra, og blir ofte hengande etter gjennom heile barneskolen, ofte med åtferdsproblem på kjøpet. Gutar født seint på året er spesielt utsette.
Skolen treng menn – kvar finn vi dei?
Noko anna som møter dagens førsteklassingar, er mangelen på mannlege rollemodellar. Då eg begynte på lærarskolen i 1972, var det for første gang kjønnskvotering til fordel for gutar ved nokre av linjene. Grunnen var at det dei siste åra før 1972 hadde vore ein tendens til at mannlege lærarar ikkje gjekk inn i skolen i det heile, men brukte lærarutdanninga som eit springbrett til heilt andre yrke. Derfor skulle no regelen vere 50-50. Mange jenter var skuffa, kom ikkje inn. Dette er no over 50 år sidan og handlar om den gang det var kamp om å bli lærar.
Slik er det ikkje no, dessverre. Dei to siste åra har antall søkarar til lærarutdanningane gått ned med 30 prosent, og bare sidan 2018 er den halvert. Kanskje vi også kunne innføre kjønnskvotering til fordel for menn?
Leselysta som
forsvann
Leseferdigheten hos norske elevar har gått tilbake. I ein stor internasjonal leseundersøking gjort i 2021 (PIRLS) viser det seg at dagens norske 10-åringar les betydeleg dårlegare enn dei gjorde i 2016, då ei tilsvarande undersøking blei gjort. Undersøkinga målte to ting; leseforståelse og leseglede. På leseforståelse er norske elevar på gjennomsnittet, men når det gjeld leseglede (det dei les i fritida), på absolutt jumboplass, nummer 65 av dei 65 landa som er med.
Statsminister Støre brukte ei heil side i «Dagens næringsliv» til å kommentere resultata. Han var fortvila og fortalde til avisa om eit 10-års bursdagslag med 10 gjestar, der sju av desse sat klistra til telefonen. Støre lova straks 25 millionar til skolebibliotek. Det skulle skje i sommar..»
Forfattaren Maja Lunde seier: «Den sterkt reduserte leseevna til norske skolebarn er blitt eit samfunnsproblem. Dette gjeld ikkje nokre få, men etterkvart ein heil generasjon. Dei er slutta å leike og lese, men dei har telefon». Ein lærar sa om sin 9.-klasse at «dei får mjølkesyre i hovudet etter to sider. Dei eig ikkje konsentrasjon»
Til tross for desse litt dystre refleksjonane om dagens skole, veit vi at lærarane, både kvinner og menn, kjem gjere sitt aller beste for at skoleåra som ligg framfor dagens førsteklassingar skal bli så gode som mogelege.
Lykke til med eit nytt skoleår!