– Fråfallet av søkjarar skyldast neppe at studieprogramma er for dårlege, skriv Klaus Mohn.
Ill.foto: Mostphotos.
Det er yrket som dreg, ikkje utdanninga
Debatt: – Utan betre utsikter for kritiske yrke, vil heller ikkje utdanningane bli meir attraktive.
Den rette vegen å
gå er bonusordningar for lærarar, skriv professor (em.) Karl Øyvind Jordell i
eit innlegg måndag 8. april, og legg fram utvalde sitat frå mi side som
bakgrunn for argumentasjonen. Sjølv om me kanskje ikkje er så ueinige, tek eg høvet
til å presisere mine hovudbodskap i saka.
Om
studentane alltid interesserte seg for det same som arbeidslivet skrik etter,
så ville mykje vore enkelt. Då ville studieprogramma bli fylt opp av flinke og
høgt motiverte studentar, med lite fråfall, låg strykprosent, god framdrift og
gjennomføring, og ikkje minst gode utsikter på arbeidsmarknaden – i alle fall
på kort sikt.
Meir
krevjande blir det når samfunnskritiske utdanningar blir svikta av
studiesøkjarane, slik tilfellet har vore for lærar- og sjukepleiarutdanningane
dei siste par åra – og det på trass av at behovet er stort for begge desse
yrkesgruppene, både på kort og lang sikt.
Universitet
og høgskular arbeider hardt mot den negative utviklinga. Tiltak omfattar
marknadsføring og mobilisering av søkjarar, mottak og oppdemming mot fråfall,
deregulering og fleksibilisering, samarbeid og praksis, gjennomstrøyming og
fullføring.
Det
finst likevel grenser for kva universitet og høgskular kan utrette. Fråfallet
av søkjarar skyldast neppe at studieprogramma er for dårlege. Rammevilkår,
tilvære og karriereutsikter for dei aktuelle yrka er viktigare sider ved
problemet.
Med
stor uvisse søkjer studentane fleksibilitet, med høve til å velje mellom typar
arbeidsgjevarar. Studentane vil ha tettare oppfølging, betre vidareutvikling og
gode karriereplanar. Til slutt er studentane opptekne av at inntektene står i
samanheng med innsats og resultat. Løn for strevet, med andre ord.
Desse
forholda handlar ikkje om utdanningane, og i liten grad om universitet og
høgskular. Opplistinga kan likevel tene som ei påminning og rettesnor for
arbeidet med politikkutvikling og arbeidsgjevarforhold på feltet.
@mohnitor