- Det må være lov å være sint i barnehagen
Barnehagebarn som tvingast til å undertrykkje sinnet sitt, kan slite med å takle konfliktar seinare i livet, meiner barnehageforskar Liv Torunn Grindheim.
Er det slik at barn ikkje får lov til å vere sinte i barnehagen? Førsteamanuensis og barnehageforskar Liv Torunn Grindheim ved Høgskulen på Vestlandet seier at det får dei, men at sinne ser ut til å bli oppfatta som noko ein helst skal unngå. Det syner også barnehagens rammeplan, som slett ikkje nemner sinne, mens derimot «glede» er nytta 24 gonger.
– At glede er så sterkt vektlagt, forstår eg som eit syn på kva som kjenneteiknar «den gode barndomen». At både konfliktar og sinne kan vere konstruktivt for å vidareutvikle eit fellesskap, har kanskje vore ein meir framand tanke i barnehagesamanheng, seier Grindheim. Ho har forska på haldningar til barns sinne i barnehagen gjennom observasjon og samtalar med barn og tilsette i tre barnehagar.
Sinne = kommunikasjon
– Barnehagepersonalet vil gjerne meine at sinte barn må slutte å vere sinte og finne andre måtar å uttrykkje seg på. Eg er einig, men: Om det å få eit barn til å slutte å vere sint, får skugge for det å rette opp urettferd og krenkingar i barnehagen, blir ikkje barnehagen ein betre stad å vere, seier forskaren. Ho meiner barn har rett til å medverke også før dei kan uttrykkje seg logisk og balansert verbalt.
– Innspel som viser til urett og krenk-ingar ser eg på som viktig informasjon og dermed ein måte barn kan medverke på for at det skal kunne bli meir rettferd og færre krenkingar i barnehagen, seier ho.
Grindheim slår fast at vi må sjå barns sinne som ein måte å kommunisere på, og ikkje «berre» som kjensleutbrot.
– Når barn blir sinte, seier dei ofte fra om noko som er viktig for dei. Det kan gi personalet kunnskap som kan brukast positivt i barnehagen, seier Grindheim.
Kan brukast pedagogisk
Personalet kan bruke barns sinne i det pedagogiske arbeidet, seier Grindheim.
– Om sinne blir sett som ein del av kommunikasjonen, kan sinne gi informasjon om at her skjer noko som er viktig for barna. Sinne kan vise involverte og engasjerte barn. Forskaren påpeikar at barn har rett til å medverke i barnehagen.
– Men kva som er viktig og engasjerande for ein barneborgar, kan vere noko anna enn for ein vaksenborgar. Tar vi barns rett til medverknad på alvor, treng vi informasjon om kva som det er viktig å medverke i, frå barns perspektiv. Å finne ut kva som triggar det sinte barnet kan vise negative ordningar og sosiale mønster som fremmar urett i barnehagen. Det er sentral kunnskap for at personalet skal kunne skape vilkår for rettferdige og likeverdige fellesskap av ulike menneske, seier ho.
Trening i konfliktløysing
Grindheim seier at sjølv om barn seier dei ikkje leikar med sinte barn, eller at dei går vekk når dei sjølve er sinte, er leiken så viktig at barna heller finn ei løysing på konflikten enn å gå ut av han.
– Sjølve leiken gir ei ramme for å bli i leiken og finne ut av saka, sjølv om både ein sjølv eller andre blir sinte. Erfaringar med å løyse konfliktar ser eg som viktige både i eit her-og-no-perspektiv og i eit framtidsperspektiv, seier ho.
Å regulere kjensler
Lene Chatrin Hansen er einig med Grindheim.
– Vi vaksne er lik barna på det punktet. Når vi kjenner oss urettvist behandla, kan vi reagere med sinne og frustrasjon. Det er heilt normalt, seier Hansen, som er assisterande styrar, fagbokforfattar, bloggar og føredragshaldar.
– Når det same skjer med barn, treng dei kloke rettleiarar til å hjelpe seg til å regulere kjenslene sine, og det er vår jobb som barnehagelærarar å hjelpe dei med det, seier Hansen.