Om underregulering av pensjon
Sjølvsagt godtek korkje Unio eller Utdanningsforbundet at pensjonistane tapar kjøpekraft år etter år.
Magne Reigstad, leiar for pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Troms, spør om Utdanningsforbundet godtek at pensjonistane tapar kjøpekraft år etter år. Det gjer sjølvsagt korkje Unio eller Utdanningsforbundet. I Trygdedrøftingane i 2018 fremja Unio dette kravet saman med mellom anna LO og FFO:
«Organisasjonene Unio, FFO og LO krever at reguleringen av løpende pensjoner legges om fra 2018 slik at denne gjennomføres med halvparten av lønnsveksten og halvparten av prisveksten. Dette har hele tiden vært Stortingets intensjon, men dagens reguleringsregime med et fratrekk på 0,75 prosent har gitt unødig store svingninger og bidratt til å svekke oppslutningen om reguleringsordningen.»
Unio og Utdanningsforbundet brukar alle nasjonale arenaer der organisasjonane drøftar pensjon med styresmaktene for å argumentere mot underreguleringa av pensjonen med 0,75 %. Men så langt utan at det har vore mogleg å skape eit fleirtal på Stortinget for å endre denne reguleringa. At det arbeidet som blir gjort sentralt ikkje alltid er så godt synleg for medlemmene, er leit. Vi har forståing for at det er vanskeleg å halde seg oppdatert på alle informasjonsflater, og vi er nok ikkje gode nok på å vise fram korleis vi har arbeid med denne saka.
Så lenge våre gode argument ikkje har verknad på stortingsfleirtalet, er det etter vår vurdering berre gjennom å skape eit stort nok politisk press at vi kan få til endring. Det presset må heile organisasjonen ta ansvar for å skape, frå lokallag til nasjonalt nivå. Det er snart val. Det er rett nok eit kommuneval, men dersom det skal skapast merksemd om denne saka, trur vi at presset må skapast nedanfrå i partia. Vi vil derfor oppfordre alle delar av organisasjonen om å bidra til å ansvarleggjere politikarar over heile Norge i denne saka.
Som Erik Orskaug i Unio også gjer greie for, så kjem Unio til å ta saka opp på nytt i samband med trygdedrøftingane i mai.