Utdanningsdirektoratet vil fortsatt ha ordninga med mobbeombod
Men namnet «mobbeombod» vil direktoratet endre.
Dei som har vore i kontakt med omboda melder om god hjelp, ifølgje NOVA, som har evaluert ordninga med mobbeombod for Utdanningsdirektoratet.
Ombodet har lytta til problema brukarane har tatt opp, heiter det i evalueringa.
Skole- og barnehagesektoren er nøgde med opplegget. Men kjennskapen til tilbodet blant barn og foreldre varierer, ifølgje evalueringa.
– Først og fremst er dette en gledelig nyhet for alle barn og unge som trenger veiledning fra en uavhengig part i systemet. At Udir anbefaler å videreføre ordningen sier noe om at behovet for mobbeombud i alle fylker er viktig. Mobbeombudene har fokus på å være et lavterskel tilbud for veiledning av sårbare individer, samt en brobygger mellom enkeltindividet og systemet, sier mobbeombud i Nordland, Lasse Knutsen.
Avskrekkande
I utgreiinga om mobbeomboda skriv Udir at omboda sjølv ikkje er glade i tittelen «mobbeobod». Dei meiner det kan verke avskrekkande. Dessutan er det missvisande, fordi omboda arbeider med alle saker der barn og ungdom ikkje trivst, ikkje berre mobbesaker.
Les denne: Melby vurderer nå ordningen med fylkesvise mobbeombud
14 av dei 18 mobbeomboda har bakgrunn frå skolesektoren. Deira personelege erfaringar har i stor grad fått prege rolla. Dette, saman med eit ope nasjonalt mandat og ulike lokale prioriteringar gjer at omboda arbeider ulikt. Nova peiker på at det gjer at tilbodet ikkje er likeverdig alle stader.
Nasjonalt mandat
Utdanningsdirektoratet konkluderer med at omboda må få eit tydelegare nasjonalt mandat.
I mandatet for ordninga står det nå blant anna at ombodet skal støtte og rettleie barn, elevar og foreldre slik at rettane til eit godt psykososialt mijø i skole og barnehage blir ivaretatt.
18 ombod
Det er semje om at det er ei god løysing å plassere omboda organisastorisk i fylkeskommunen. Likevel blir det problematisert at dette gjer det vanskeleg å arbeide uavhengig av skoleeigar.
Opplegget med mobbeombud starta som ei prøveordning i fire fylke i 2016. I 2017 vedtok Stortinget at det skal vere mobbeombod i alle fylke, og sidan 2018 har det vore mobbeombod i alle dei gamle fylka. Talet er ikkje redusert etter fylkessamanslåinga.