Berre éin elev i Nordland fylke har nynorsk som hovudmål 

No søkjer fylkeskommunen om å bli prøvefylke for valfritt sidemål. Sist det vart gjort eit slikt forsøk, var for 17 år sidan i Oslo.

Publisert

Fylkestinget i Nordland vedtok i slutten av oktober å søkje om å bli prøvefylke for valfritt sidemål i vidaregåande skule.

Svært få i Nordland har nynorsk som hovudmål. Faktisk berre éin elev, ifølgje NRK.

Forsøket er planlagt å starte i skuleåret 2025/2026. Målet er å gi elevane større valfridom og bruke tida på å styrkje undervisninga i hovudmålet. Fylkestinget ønskjer at prosjektet skal vare i tre år, ifølgje Fylkesrådets tilråding.

Valfritt sidemål betyr at også elevar med nynorsk som hovudmål kan velje bort undervisning i å skrive bokmål. I dag er det imidlertid berre éin elev i Nordland med nynorsk som hovudmål.

I søknaden står det at elevane framleis vil lære om den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg. Dei skal òg lese litteratur og andre tekstar på både bokmål og nynorsk.

Vil ikkje få karakter

Elevar som vel bort sidemål, får ikkje eigen karakter i faget. Dei kan heller ikkje bli trekte opp til skriftleg eksamen i sidemål på Vg3.

Norskundervisninga vil framleis innehalde lesing og analyse av tekstar på begge målformer, men utan fokus på å skrive det andre målet.

Forsøket har fleire mål. Ein vil sjå om prestasjonane i norskfaget blir betre, og om valfritt sidemål kan påverke gjennomføringsgraden i studieforberedande program. Trivsel og motivasjon blant elevane skal òg bli målt.

Trur ikkje søknad går gjennom

Sist eit liknande forsøk vart gjennomført, var for 17 år sidan i Oslo.  Utdanningsdirektoratet har siden det avslått alle søknader om valfritt sidemål. Direktoratet viser til ein rapport frå Oslo-forsøket mellom 2004 og 2007, som ikkje fann store positive verknader på læringseffekten.

Rapporten fra Oslo-prosjektet konkluderte med at tiltaket ikkje hadde store positive verknader på læringseffekten.

– Vi har eigentleg ikkje forventningar om at søknaden går gjennom, seier Viggo Albertsen, kontaktperson for vidaregåande skular i Utdanningsforbundet i Bodø.

Han legg til at det ikkje er uro rundt søknaden, fordi dei fleste trur ho vil bli avslått.

På lærerutdanningen ved Nesna, er norskseksjonen imidlertid bekymret for at de skal få studenter som ikke har hatt opplæring i sidemål. 

Også Språkrådet mener det er en svært dårlig idé å la et fremtidig "lærerkull" i Nordland gå uten sidemålsundervisning. 

Prøver trass mange avslag

Nordland er ikkje det første fylket som prøver å få på plass valfritt sidemål. Likevel meiner dei at tida er inne for å undersøke om erfaringane frå Oslo kan bli annleis i eit fylke med ein annan demografi.

– Det er 20 år sidan Oslo sette i gang den førre prøveordninga. Vi meiner det har skjedd mykje med norsk skule og elevane våre som talar for at vi kan prøve dette på nytt no i 2024, seier Joakim Sennesvik,  fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland til NRK.

Han argumenterer for at elevane får fordjupe seg i hovudmålet.

– Vårt utgangspunkt er å forsøke å auke motivasjonen for hovudmålet. Det er mange elevar som har lese- og skrivevanskar. Nokon får fritak, men det er ikkje alle som har nok lese- og skrivevanskar til å få fritak.

Powered by Labrador CMS