– Tyske lærarar bør ytre politisk kritikk i klasserommet
Tyske lærarar må ta kritisk stilling til det politiske partiet AfD i si undervisning, krev lærarleiar.
– Partiet Alternativ for Tyskland (AfD) tenderer til å vere fientleg til den tyske forfatninga. Det både kan og bør lærarane seie i klasserommet, seier Maike Finnern, leiar for fagforbundet Opplæring og vitskap, som er tilslutta hovudforganisasjonen Tysk Fagforeiningsforbund.
Det er TV-stasjonen ZDF som melder dette.
I år skal Tyskland ha val både til Europaparlamentet, til regjeringar i tre forbundsland og til 16 kommunar. Det ligg an til at partiet Alternativ for Tyskland (AfD) vil få sterk oppslutnad. I dei tre forbundslanda Brandenburg, Thüringen og Sachsen peikar meiningsmålingane mot opp mot 40 prosent.
Finnern meiner den beste måten å drive kritisk undervising om AfD på er å analysere konkrete utsegner og aktivitetar frå AfD og diskutere dette med elevane. Og ho oppfordrar lærarane til å ikkje berre engasjere seg kritisk mot AfD i klasserommet. Ho oppfordrar dei til å engasjere seg også privat.
Å stoppe innvandring er ei kjernesak for AfD. Tyskarar må ikkje bli framade i eige land, og landet må verne seg mot politisk islam. I dette går dei så langt at mange kritikarar meiner det kan bli samanlikna med nazismen. Dei er og opptekne av å «sleppe økonomien fri for hindrande ideologiar» og oppheve dei økonomiske sanksjonane mot Russland. Dei er i mot dei fleste miljøtiltak og fartsgrenser på motorvegane, og dei vil styrke den tradisjonelle familien og «stoppe løgnene om den naturlege kjønnspolariseringa.»