Freddy André Øvstegård (SV) er skeptisk til Solberg-regjeringas forslag til statsbudsjett.
Foto: Terje Pedersen
SV kallar barnehagesatsinga eit magaplask
– 100 millionar til betre grunnbemanning i barnehagane er langt frå nok, seier Freddy Øvstegård, utdanningspolitisk talsperson i SV.
I framlegg til statsbudsjett seier regjeringa at dei hundre millionane blir gitt med bakgrunn i ambisjonen om at halvparten av dei tilsette i grunnbemanninga i barnehagane skal vere barnehagelærarar innan 2025.
Men SVs ferske utdanningspolitiske talsperson er ikkje imponert.
– Det er ikkje eingong øyremerkte middel. Kommunane treng ikkje bruke dei på barnehage, seier han.
Tirsdag, før Solberg-regjeringa, fekk avskjed i statsråd, la dei fram sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Der heter det at dei vil bruke 800 millionar på at fleire skal fullføre vidaregåenade skole.
Men heller ikkje det får applaus hos opposisjonspolitikaren Øvstegård.
– SV kan godt bruke 800 millionar til det formålet. Problemet her er at tiltaka kjem for seint. Vi må ha tiltak før vidaregåande. Fallet i skolemotivasjon skjer ofte på ungdomsskolen. Difor er det synd at vi ikkje ser noe til den ungdomsskolereforma som Erna Solberg har talt varmt for. Det einaste vi ser er at det skal bli ein time meir naturfag. Det er greit i seg sjølv, men langt frå nok.
Les også: Vil ha fleire spesialpedagogar
– Siste Pisa-test viste tilbakegong for naturfag. Bør vi sjå naturfagsatsinga i lys av det?
– Det er eit typisk døme på korleis Høgre har styrt skolen, med kvikkfiks-løysingar ovanfrå. Det vi treng, er ein skole som elevane opplever meir meiningfull, med meir praktisk arbeid.
– Kva med lærarspesialistane, er de einige i at vi skal halde fram med ordninga, slik budsjettframlegget legg opp til?
– Nå er jo ordninga innført, så det første vi må gjere er å lytte og lære. Men vi har alt lytta så mye at vi har høyrt at skepsisen i sektoren er stor. Det tar vi med oss, seier Freddy Øvstegård.
– Laber avskjed
Torstein Tvedt Solberg, utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet oppsummerer tirsdagens budsjettforslag som "ein laber avskjed fra skolepartiet Høgre".
– Når både elevar, lærarar og utdanningsinstitusjonar reagerer på budsjettforslaget, er dommen klar, ifølgje Solberg.
Han ønskjer ikkje å vere meir konkret i kritikken same dag som budsjettet blir lagt fram.
– Nå skal ting skje i riktig rekkefølgje. Onsdag kjem den politiske plattforma for ny regjering, torsdag troppar den nye regjeringa på, og fredag startar arbeidet med ny og betre politikk for barn, unge og alle som arbeider i skole og barnehage, seier Solberg, som lovar å gå gjennom budsjettforslaget frå den avtroppande regjeringa grundig.
– Så startar arbeidet med vårt eige budsjett. Det gler eg meg til, seier Torstein Tvedt Solberg