Vil ha fleire spesialpedagogar

Regjeringa foreslår å bruke 1,7 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar i 2022.

Publisert

Regjeringa vil løyve 100 mill. kroner i 2022 i oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Regjeringa seier i forslag til statsbudsjett at dei vil ha 370 nye vidareutdanningsplassar for lærarar i skulen, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Det er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Regjeringa vil trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar og foreslår å bruke 271,7 mill. kroner på dette i 2022. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar til 3 000 frå hausten 2022.

Regjeringa foreslår å løyve 104,2 mill. kroner til å utvide timetalet i grunnskulen med ein ekstra time i naturfag.

Regjeringa foreslår å løyve 51,5 mill. kroner til gratis skulefritidsordning (SFO) for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Les også: 100 millioner til satsing på flere barnehagelærere

Les mer om statsbudsjettet her.

Powered by Labrador CMS