Illustrasjonsfoto: Marko Poplasen
Dei yngste barnehagestartarane treng lengst tilvenningstid
Skal vi tru målingar av stresshormonet cortisol, er det enklare for barn over 14 månadar å begynne i barnehagen enn for dei under.
Om kvelden etter dei første dagane i barnehagen utan foreldra finn forskarane mye av stresshormonet cortisol i spyttprøver frå barna. Men etter seks veker er det mye mindre av stresshormonet i spyttet fråd ei eldste barnehagestartarane. Dei som var under 14 måndar når dei starta i barnehagen brukte mye lenger tid på å få ned av stresshormonet.
Spyttprøver for å måle stresshormon vart tatt morgon, ettermiddag og kveld.
Dette er nyleg publiserte resultat i forskningsprosjektet «Trygg før 3»
Bak prosjektet står Regionalt kunnskapssenter for barn og unge ved NTNU, og Regionsenter for barn og unges psykiske helse region sør og øst.
Mindre stress for dei eldre barna
Forskarane har målt stresshormonet til 119 barnehagestartarar som var mellom 10 og 20 månadar da dei begynte i barnehagen.
Einaste skilnaden mellom barna som forskarane finn, er den som kan knyttast til alder. Det er ingen skilnad på mengda av stresshormon som kan sporast tilbake til om barnet har søsken eller ikkje, på kjønn eller på storleiken til barnegruppa.
Forskarane veit ikkje kva det er som gjer at dei eldste barna fortare får mindre stresshormonar etter barnehagestart. Dei veit til dømes ikkje kor viktig det er at hos dei yngste barna er nervesystemet mindre mogent, at dei eldre barna har meir sosial erfaring enn dei yngre.
Barna hadde lite stresshormon i spyttet så lenge foreldra var saman med dei i barnehagen. Dag to utan foreldra var stresshormonet på det høgaste.
Den gode oppdaginga er at sjølv om det er mye stresshormon hos barna på slutten av barnehagedagen går det kraftig ned om kvelden.
Les også: Bedre start med tre måneders tilvenning
Tar tid
Likevel er forskarane krystallklare i ein konklusjon: Tilvenning i barnehagen tar tid! Og det tar svært ofte mye meir tid enn dei tre dagane som det har vore vanleg at barna har foreldra med seg.
I vekene barna treng til å venje seg til barnehagen treng dei svært mye støtte og hjelp av barnehagetilsette, gjerne forldre til stades meir enn tre dagar, og gjerne korte barnehagedagar.