Når
så mange svarer at dei kjedar seg på skolen, er det på tide å gjere noko med
det. Løysinga er heldigvis ikkje at lærarane blir betre å underhalde. Kunnskap
om det å kjede seg kan vere ein god start for endring.
Talet på elevar som kjedar seg, stig kraftig
i Ungdata sine målingar[1].
I Ålesund er talet no 84 prosent, og enda er vi ikkje høgast i landet. Dette burde
aktivere alle alarmar, men vert ofte møtt med eit skuldertrekk og påstanden «det
er jo sunt å kjede seg.» Å kjede seg kan vere sunt, men berre når den som
kjedar seg, kan gjere noko anna eller annleis som kjennest meir meiningsfullt.
Det kan elevar ofte ikkje. I tillegg ser det ut til at det å kjede seg har tett
samanheng med fråvær og fråfall[2],
dårlegare karakterar, angst, depresjon, mobbing og rus.
Kvifor kjedar elevane seg?
Det er lett å spekulere i kvifor elevar
kjedar seg meir på skolen no enn for berre 10 år sidan. Kanskje dei unge
hjernane har blitt for mykje stimulert med skjermaktivitet og difor har kortare
merksemdspenn? Er det fordi all kunnskap no ligg på nett, og dermed kjennest
det ikkje lenger meiningsfullt nok å lære? Er det ein motreaksjon på stress og
press? Kan det vere slik at når elevane definerer skolen som kjedeleg, legg dei
ansvaret for prestasjonane sine over på oss vaksne, eller seier dei at det
kjeder seg i staden for å sei at dei ikkje får til? Eller kjem endringane av
meir usikre framtidsutsikter på grunn av krig, pandemi, klimafrykt og
økonomiske nedgangstider? Øydelegg det norske sikkerheitsnettet motivasjonen
for å lære? Eller kan vi skulde på Kunnskapsløftet?
Det er truleg mykje som har påverka, og vi
veit ikkje akkurat kva, fordi mykje har skjedd på same tid. Det vi veit, er at
talet stig og at det truleg ikkje bør ignorerast.
Kva meiner elevane med at det er kjedeleg på skolen?
Eg fekk tre ungdomsskoleklasser til å jobbe
med fire spørsmål i 15 minutt. Elevane sine svar på kva som er mest kjedeleg på
skolen, handla om lærarar som pratar for lenge, om å måtte sitte stille for
lenge, jobbe for lenge med einsformige oppgåver, å ikkje få bevege seg, prate
eller jobbe fritt slik ein sjølv har behov for.
Kva er så minst kjedeleg, og kva råd vil
dei gi om korleis undervisninga bør vere? Her var tilbakemeldingane i praksis
ganske like. Dei handla om meir variasjon, engasjert lærar, samarbeid mellom
elevane, aktivitet, leikprega læring, kortare økter, og å få bestemme meir
sjølv korleis dei skal lære.
Det mest interessante er skildringane av
korleis det kjennest å kjede seg på skolen. Her brukar elevane ord og uttrykk
som gjer det tydeleg at vaksenverda bør ta dette på alvor. Svara deira skilte
seg i typiske kamp-flukt-frys-responsar, noko som vanlegvis vert omtalt som
alarmreaksjonar i stressande eller truande situasjonar.
I kategorien kamp-respons brukar elevane
ord som sur, irritert, frustrert, dårleg humør, «vil ikkje gjere det vi skal»
og «hat mot tilsette». Som flukt-respons skildrar elevane lengt etter friminutt
og å få fare heim. Dei blir opptatt av tid, klarer ikkje fokusere, tenker på
andre ting, gjer andre ting, ønsker seg vekk, blir rastlause, har for mykje
energi og er distraherte. Det er flest frys-responsar som er skildra: sliten,
lei, trøtt, tom for energi, demotivert, vondt i hovudet, tida går sakte, klarer
ikkje konsentrere seg, klarer ikkje følgje med, lite fokus, deprimert, slapp.
Ei oppfordring om å gjere noko anna eller annleis
Å kjede seg gir altså ulike reaksjonar i
kroppen, men kva er grunnen til at kroppen vår skaper desse reaksjonane? Dette
er ein beskjed om at det vi gjer no ikkje kjennest meiningsfullt og at vi ikkje
klarer å halde oppe engasjementet nok til å konsentrere oss om det vi skal[3].
Følelsen kjem med eit tydeleg behov for å gjere noko anna eller annleis. For at
det skal vere sunt å kjede seg må difor eleven ha moglegheit til å endre måten
å lære på for å meistre, og det har elevar ofte ikkje. Dei sit fast i beskjeden
dei har fått, og i staden for at følelsen får føre til meiningsfull endring,
fører den til uhensiktsmessige reaksjonar som kamp, flukt eller frys.
Nokre enkle grep som kan hindre keisemd
Når temaet er elevar som kjedar seg, er
det naturleg at vaksne går i forsvar. Dette kan jo følast som kritikk. Likevel
må ansvaret for endring ligge både hos skoleleiing, lærarar og politikarar på
alle nivå. For rammene lærarane utfører yrket sitt i, er faktisk avgjerande for
at dei skal klare denne viktige oppgåva. Nokre relativt enkle grep som kan hindre
keisemd, kan skolar og lærarar prøve med ein gong:
1. Vis elevane relevans og
meining
Det er avgjerande for
elevar sitt engasjementet at dei forstår meininga med det vi ber dei
gjere/lære: «Kva er grunnen til at elevane skal lære dette? Kva skal dei bruke
kunnskapen til? Korleis kan eg få elevane til å forstå relevansen med dette?» Det
er ikkje alltid heilt lett å sjå. Nokre ting skal vi jo lære fordi det er
meiningsfullt for samfunnet at elevar får denne kompetansen, sjølv om
enkelteleven ikkje ser meininga her og no. Andre gongar handlar det om å
tileigne seg kunnskap eller ferdigheiter som kan verke meiningslause no, men
som kjem til nytte seinare.
2. Bruk kunnskap om
følelsar
Iver, interesse og
engasjement er følelsar som gjer det mogleg å konsentrere oss om det vi skal
gjere. Alt vekker ikkje like mykje interesse og engasjement, men iver kan vi
hjelpe litt på veg. For å kjenne iver, må gapet mellom det eleven skal
gjere/lære, og føresetnadane for å klare det vere akkurat passe stort. Når
gapet blir for lite eller for stort, vil ikkje eleven kjenne meistring. Dette
vil fort utløyse følelsen skam med beskjeden: «noko er feil med meg». For å
sleppe å kjenne dette igjen, skrur kroppen like godt av iver neste gang eleven
skal jobbe med liknande oppgåver, og vi har fått ein elev som kjedar seg. Individuell
tilpassing er difor ein vesentleg nøkkel.
Fordi keisemd er omtrent
som følelsar flest, vil den også vere smart å validere[4]:
«Eg forstår godt at du synes dette er kjedeleg. Det er ikkje noko rart. Det er
dessverre mykje av det vi gjer både på skolen som kjennest kjedeleg sjølv om
det er viktig.»
3. Autonomi – la eleven få
velje meir sjølv
Etterpå er det fint om vi
kan sjekke om kroppen til eleven gir nokre nyttige impulsar om endring: «Er det
andre måtar du kunne tenke deg å lære dette på?» Ein viss grad av autonomi gir
meir engasjement.[5] Elevar
kan ikkje bestemme når dei skal lære eller kva dei skal lære, men
kan vi la dei bestemme meir korleis?
4. Legg opp til aktive
timar og gi rom for aktivitet
Barn og unge har for mykje
energi i kroppen til at vi bør be dei sitte lenge stille. Vi må bruke energien
deira positivt, så ikkje ubrukt energi triggar keisemd. Elevar bør både få
leike seg til læring og lære gjennom aktivitet. Når eleven må gjere noko
kjedeleg, kan det også handle om å bryte det ned i mindre omfattande steg, og freiste
med aktivitet etterpå: «Kan du gjere akkurat denne delen fram til dit? Så kan
du få bevege deg litt før du går vidare?» Eller omvendt: «No ser eg at du
kjedar deg. Bruk fem minutt på noko aktivt slik at du får kroppen i ein annan
tilstand, så prøvar vi på igjen etterpå.»
Som eit minimum for å gjere noko med
keisemd i skolen bør vi slutte å sei at det er sunt. Ja, av og til er det
naudsynt å gjere kjedelege oppgåver, men då bør vi vise kvifor det er relevant.
Så ofte vi kan bør elevar få lov å vere aktive i læringa si og sjølv få vere med
å bestemme korleis dei skal lære. Om vi i tillegg klarer å individuelt tilpasse
gapet mellom føresetnadar for læring og det som skal lærast, har vi grunn til å
håpe på kvardagar fylt med iver i staden for keisemd. Hadde ikkje det vore fint?
[1] Finn Ungdata-tall for
ungdomsskolen - Ungdata
[2] Det er ikke bare sunt å la barna
kjede seg (forskersonen.no)
[3] Why Boredom Is Interesting - Erin C.
Westgate, 2020 (sagepub.com)
[4] Følelsar er til for å følast (validering) -
YouTube
[5] Selvbestemmelse og struktur i
klasserommet | Universitetet i Stavanger (uis.no)