Før ein går til eit drastisk tiltak som å avskaffe den mest tradisjonelle aktiviteten på barnehagefeltet, kan vi heller gi samlingsstunda ein sjanse gjennom å bruke potensialet som ligg i aktiviteten, skriv artikkelforfattaren.Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Fem gode grunnar til å gjennomføre samlingsstund i barnehagen
Her er dei.
Liv IngridAske Håbergførsteamanuensis ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda
PublisertSist oppdatert
Annonse
Det blir stadig diskutert om samlingsstund har ein rettmessig plass i barnehagens dagsprogram.
Annonse
For det første blir det hevda at slike aktivitetar bør unngåast fordi dei tek tid bort frå barna sin leik (Balci, 2016). Slike påstandar kan verke rimelege med tanke på den nordiske barnehagetradisjonen som legg stor vekt på å sjå leik, omsorg og læring i samanheng, det som blir kalla det heilskaplege læringssynet.
For det andre blir det framheva at ein del barn synest samlingsstund er kjedeleg, dei må sitte stille, og innhaldet er lite interessant (Bratterud, Sandseter og Seland, 2012). Til saman gir dette eit inntrykk av at samlingsstund er gått ut på dato. Men viss vi stoppar opp litt: Kva forskingsgrunnlag har vi for å ta bort samlingsstund i barnehagen, og kan det vere slik at det er mange følelsar og lite fakta som er ute og går?
Bakgrunn
Samlingsstund er den eldste og mest tradisjonsrike aktiviteten i barnehagen. Då Frøbel grunnla den første barnehagen i Tyskland rundt 1840, utvikla det seg ein tradisjon for å ein gong om dagen sette seg i ring for å synge, samtale og lese i lag. Denne tradisjonen vart ført vidare i takt med at frøbelsk pedagogikk vart eksportert internasjonalt. I ein slik prosess blir pedagogikken delvis omdanna og transformert inn i nye kulturelle kontekstar. Men samlingsstund har blitt med på lasset og overlevd transformasjonen slik at ho består den dag i dag. Hovudinntrykket er at samlingsstunda som aktivitet er forankra i barnehagepraksis over heile landet, og at dette er ein aktivitet som gjeld alle barna i barnehagen, uavhengig av alder.
Med tanke på den sentrale rolla samlingsstund har i barnehagen, også i skulen, skulle ein forvente omfattande forsking på aktiviteten, men dette ser ikkje ut til å vere tilfellet (Bjørnestad, 2009; Håberg, 2019a). I forsking kjem kunnskap om samlingsstunda fram indirekte ved at aktiviteten er kontekst eller ei slags kulisse for andre tematikkar. Som døme blir samlingsstund nytta til å undersøke temaet medverknad (Eide, Os og Samuelsson, 2012), trivsel (Bratterud et al., 2012) og samspelmønster mellom barne- hagelærar og barn (Bae, 2009).
I mitt doktorgradsarbeid nytta eg samlingsstund som arena for å undersøke didaktisk arbeid (Håberg, 2015). Gjennom denne tilnærminga vart interessa for samlingsstunda vekt, og også kvifor ho kan ha ein plass i barnehagens dagsprogram i vår tid.
Fem gode grunnar
1. Samlingsstund som innhaldsleverandør
Ifølge den nordiske barnehagetradisjonen skal innhaldet i barnehagen ha ein dannande verknad på barnas utvikling, så det er ikkje er tilstrekkeleg å berre vere saman eller å utvikle gode relasjonar. I ein pedagogisk situasjon skal ein også vere saman om «noko» (Skjervheim, 1996). Samlingsstund er ein aktuell arena for å få til ei slik tilnærming gjennom å tilby eit innhald som både fangar opp barnas interesser og samtidig presenterer noko nytt og ukjent.
Med tanke på å bidra til sosial utjamning, som er sentralt i barnehagens samfunnsmandat (Kunnskapsdepartementet, 2017) er det av stor verdi at alle barn får ta del i eit innhald som kan utvide perspektiv og erfaringar. Dei sju fagområda i rammeplanen kan gi inspirasjon og støtte til innhaldet i samlingsstunda, men det er eit dilemma at fagområda har svært ulik status og bruk. Omfattande forsking over fleire år viser at fagområda «kommunikasjon, språk og tekst» og «mengd, rom og form» blir mest vektlagde (Fagerholt et al., 2019).
Det kan tyde på at dei fagområda som samsvarer med det som blir høgt verdsett i ein skulekontekst (norsk og matematikk), også har stor gjennomslagskraft i barnehagen, sjølv om ikkje rammeplanen gir slike føringar. Å bruke samlingsstunda til å integrere bruk av alle fagområda kan difor vere svært relevant.
2. Felles grunnlag for leik og samspel
Innhaldet som barna opplever i samlingsstunda, kan legge eit felles grunnlag for leik og samspel i tidsromma utanom samlingsstunda. I vår tid, når barn i mykje større grad enn tidlegare har ulike erfaringar frå heim og fritid, kan felles opplevingar, som det å lytte til same bok, lære same songar, rim og regler, eventyr og forteljingar, tema og fakta, styrke og inspirere fellesskapet mellom barna. Å kjenne til eit felles innhald kan vere ein ressurs som inspirerer leiken.
Synnes og Øvereng (2021) har utforska korleis lesing og dramatisering av bøker kan gi næring til barnas leik. Studien, som blir kalla Frå bok til meir leik, finn at barn som har delteke i formidling av bøker, kan ta med seg element frå bøkene inn i leikesituasjonar utanom samlingsstunda. Bøker kan nyttast som utgangspunkt for dramatisering, samtalar og aktivitetar med tredimensjonale figurar slik at barna blir engasjerte. Samlingsstund kan såleis vere ei inspirasjonskjelde til leik og samspel gjennom kjennskap til eit felles innhald.
3. Sosial læring i gruppe
Samlingsstunda er ein relevant arena for å løfte fram dei stille barna ved til dømes å stille spørsmål til enkeltbarn. Ein av informantane i min studie seier at «Det som eg synest er viktig er at dei som krev deg mest, ikkje får alt» (Håberg, 2015, s. 180). At alle høyrer til, å skape eit fellesskap med vi-kjensle samtidig som det enkelte barnet både blir sett og kan gi plass til andre, er også sentralt. Gjennom barnehageløpet blir sosial kompetanse sett på som svært viktig at barna får med seg, forstått som å kunne dele og å fungere saman med andre barn (Håberg, 2021).
I samlingsstunda kan barna få erfaringar med å utvikle sosiale ferdigheiter som turtaking, kvar sin gong å prate og å lytte, og å bli kjent med forteljingar som omhandlar å vere hjelpsam og grei mot andre. Til dømes har mange eventyr tema som at den minste og mest unnselege personen (Oskeladden) vart vinnaren til slutt, og at det går godt for dei som er omsorgsfulle mot andre.
4. Ein språkleg oase
Samlingsstunda kan styrke språklæringsprosessar hos barna, både gjennom den faste strukturen og gjennom innhaldet som barna møter. For barn med svak språkforståing tilbyr samlingsstund eit mønster med frasar som blir gjentatt dag etter dag. Opningsrituale og avslutning rammar inn aktiviteten, og dei same songane blir gjerne sungne ofte. Kanskje desse stadige repetisjonane kan vere ei av årsakene til at samlingsstunda ofte er svært populær på småbarnsavdelingar, medan ein del barn på storbarnsavdeling treng meir variasjon (Bratterud et al., 2012; Eide et al., 2012)?
Samlingsstund kan vere ein oase for barns språklæring der dei gjennom høgtlesing og songar får smake på nye og spennande ord, lytte til samanhengande tekst, oppleve rim og rytme og få kjennskap til skriftspråket før dei sjølve skal lære å lese og skrive. Til saman viser dette eit stort potensial for læring, men det er mogleg dette ikkje blir nytta fullt ut (Håberg, 2019a).
5. Verdi- og kulturformidling
Ifølge barnehagelova skal verdiane menneskeverdet, åndsfridom, nestekjærleik, solidaritet og tilgjeving bli formidla til barna (Kunnskapsdepartementet, 2005). Samlingsstund kan vere ein aktivitet der barna møter desse verdiane som er sentrale i kulturen vår og demokratiet vårt, ved å erfare eit innhald som bygger opp om desse verdiane. Men verdiformidling handlar også om at barna skal oppleve seg sjølve som verdifulle personar (Håberg, 2019b).
Gjennom å delta i det sosiale fellesskapet, bli lytta til og forstått kan barna erfare seg sjølve som subjekt. Å få omsorg og trøyst når det trengst, og bli møtt av eit sensitivt personale er relevant både i samlingsstunda og gjennom heile barnehagedagen. Det er difor nødvendig med eit tydeleg barneperspektiv i det pedagogiske arbeidet i barnehagen, også i samlingsstunda.
Samlingsstunda står ikkje aleine, som eit tårn i rommet, men er del av det totale tilbodet som barnehagen gir. Det høyrer med til barnehagelærarens autonomi og ansvar å skape ein dagsrytme og eit innhald i barnehagen til barnas beste. I rammeplanen er ikkje vaksenleia aktivitetar som samlingsstund nemnde, men det betyr ikkje at samlingsstunda er lite aktuell. Før ein går til eit såpass drastisk tiltak som å avskaffe den aktiviteten som er den mest tradisjonelle på barnehagefeltet, kan vi heller gi samlingsstunda ein sjanse gjennom å bruke det store potensialet som ligg i aktiviteten til å arbeide med danningsstøttande innhald, sosial læring, språk og verdiformidling.
Annonse
Litteratur
Bae, Berit (2009). Rom for medvirkning? Om kvaliteter i samspill mellom førskolelærer og barn. Barn, 27(1), 9–28.
Bjørnestad, E. (2009). Seksåringenes klasseromsaktiviteter: En kvalitativ studie av norske førsteklasser og svenske förskoleklasser. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo, Oslo.
Bratterud, Å., Sandseter, E. B. H. & Seland, M. (2012). Barns trivsel og medvirkning i barnehagen: Barn, foreldre og ansattes perspektiver. Trondheim: NTNU samfunnsforskning, Barnevernets utviklingssenter.
Eide, B., Os, E. & Samuelsson, I. P. (2012). Små barns medvirkning i samlingsstunder. Nordic Early Childhood Education Research Journal 5(4), 1–21.
Håberg, L. I. A. (2015). Didaktisk arbeid i barnehagen: Kvalitativ studie av korleis barnehagelærarar og assistentar planlegg, gjennomfører og vurderer samlingsstund og femårsklubb. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo, Oslo.
Håberg, L. I. A. (2019a). Samlingsstund - tradisjonsberar eller nyskapar i arbeid med tidleg litterasitet i barnehagen? Norsk pedagogisk tidsskrift 103(4), 288–299.
Håberg, L. I. A. (2019b). Verdiformidling til verdifulle barn i barnehagen. I Afset, B & Redse, A. Religion og etikk i skole og barnehage. Cappelen Damm Akademisk, s. 207 222.
Håberg, L. I. A. (2021). Valuated learning topics in kindergarten. Global Education Review (in press).
Skjervheim, H. (1996). Deltakar og tilskodar og andre essays. Aschehoug.
Synnes H. H. og Øvereng, L. K. B. (2021). Frå bok til meir leik. I Elle, Ø. & Røe, M. (red). Kunstmøter og estetiske prosesser med de yngste barna (0-3 år). Bergen: Fagbokforlaget (in press).