Greier eg å stå i jobb lenge nok til å kunne gå av med alderspensjon?
Debatt: Med dei nye forslaga til endringar i pensjonsalder vil fleire måtte tre ut av arbeidslivet via uførepensjon.
Kor lenge vil julestjerna klare å ljose? Eller meir konkret, vil eg klare å stå i jobb lenge
nok til å kunne gå av med alderspensjon?
Midt i julestria,
mellom Luciatoget og nissefesten, legg regjeringa fram si stortingsmelding om
endringar i pensjonssystemet. Medan vi bakar, pyntar, dansar, syng, klipper,
limer og inviterer foreldre, søsken og besteforeldre på ulike tilstellingar,
får vi knapt med oss det som Tonje Brenna legg fram om auka pensjonsalder i
takt med levealdersjusteringar. Alle arbeidstakarar, født i 1964 eller seinare,
må jobbe lenger før dei rettmessig kan gå av med alderspensjon i folketrygda.
Aldersgrensa vil auke omtrent eitt år for kvart tiår framover. Dette betyr at
er du født i 1984 må du stå i jobb til du er 69 år og er du født i 1994, må du
stå i jobb til du er 70 år.
Barnehagesektoren
Visste du, Tonje Brenna, at vi som er tilsett i barnehage, kjenner oss som vaskefilla i Julekveldsvisa allereie frå starten av 50-åra? Ei undersøking gjort av Sintef, på vegne av Unio, viser at fråfallet frå arbeidslivet for barnehagelærarar i kommunen startar i gjennomsnitt ved 51,9 år. Vi har eit yrke der vi ikkje klarar å jobbe fram til pensjonsalder i dag. Korleis skal vi då klare å stå lenger?
Barnehagesektoren er ein sektor utan særleg grad av seniortiltak, det er ein sektor som har vore i kneståande lenge, og barnehagelærarane har ropt med utestemme den siste tida, men vi blir ikkje høyrt. Eg, og mange med meg, ynskjer ikkje å tre ut av arbeidslivet via uførepensjon, men dette er ein realitet som fort kan skje.
Eg ynskjer å kunne stå i jobb til eg rettmessig kan gå av med alderspensjon. Mange av mine kollegaer klarar ikkje å stå i jobb til pensjonsalder i dag, og eg sitter her og undrar meg over om eg vil klare det. Med dei nye føreslegne endringane vil nok fleire måtte tre ut av arbeidslivet via uførepensjon. Det er nedverdigande og det kan vi ikkje akseptere.
Partssamansett utval
Arbeidsministeren setter ned eit partssamansett utval som skal sjå på løysingar for «slitarane» i arbeidslivet. Eg er særs spent på kva dette utvalet kjem med av forslag til løysingar. Eit forslag for å få folk til å stå lenger i jobb i min sektor, barnehagesektoren, er å auke bemanninga slik at vi ikkje slit oss ut lenge før vi når pensjonsalder. Viss ikkje er eg redd for at ljoset i julestjerna sloknar ei god stund før jula er over.