Laksemilliardær vil gjenreise lærarutdanninga på Nesna
I Nordland har laksemilliardær Aino Olaisen tatt initiativ for å skape "verdas beste distriktsskule". Eit hovudmål er å gjenopprette lærarutdanninga på Nesna.
– Vi skal gjennom ei grøn omstilling i dette landet, store ressursar finst i Nord-Noreg, og det blir ført ein politikk som gjer det stadig vanskelegare å bu i distrikta. Det blir fødd for få barn i distrikta, vi må gjere det attraktivt å bu her, seier Aino Olaisen til khrono.no.
Denne veka har dei skrive om hennar mål om å skape "verdas beste distriktsskule". Olaisen er ein av eigarane av oppdrettsselskapet Nova Sea, som har hovudsete på øya Lovund på Helgelandskysten.
No har Aino Olaisen teke initiativ til ei styringsgruppe som skal arbeide fram ein modell for ei lærarutdanning og eit pedagogisk opplegg retta inn mot dei små skulane i utkantane. Eit hovudmål er å gjenreise lærarutdanninga på Nesna.
Les også: Opposisjonens forslag mot lærermangel - er det tid for forlik i valgåret?
Aktivistar inn i styringsgruppe
I juni i 2019 blei det kjent at styret ved Nord Universitet vedtok å leggje ned studietilboda ved Nesna og Sandnessjøen, og sentralisere dei fleste fagmiljøa til Bodø og Levanger. Det betydde slutten for blant anna lærarutdanninga på Nesna, som har tatt i mot studentar i 100 år.
Vedtaket skapte sterke reaksjonar, og aksjonsgruppa Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland var raskt danna. Dei bunadskledde aktivistane arrangerte debattar, folkemøte og troppa opp på Stortinget for å samle støtte til saka si. Og trass i at flertalet av dei folkevalde sa nei til å stanse nedlegginga i november 2019, var dei fast bestemt på å kjempe vidare.
– Vi gir oss aldri. Vi har ikke noko anna val, sa Arna Meisfjord da Utdanningsnytt møtte aksjonsgruppa utanfor Stortinget for litt over eit år sida.
No er Meisfjord og fleire av aktivistane ein del av styringsgruppa Olaisen har fått på plass.
– Dette handlar om framtida og utviklinga av ein heil region. Om arbeidsplassar, om busetnad og om nok lærarar og sjukepleiarar på Helgeland, sjølve kjerna i eit samfunns eksistensgrunnlag, sa Meisfjord til Utdanningsnytt i fjor.
Les også Fremmøtet til lærerutdanningene: Det rakner i Nord-Norge
Sp vil ha allmennlæraren tilbake
Styringsgruppa er no ifølgje Khrono i full gang med å arbeide fram ein modell, "Lovund-modellen", for ei lærarutdanning og eit pedagogisk opplegg retta inn mot dei små skulane i utkantane.
Aino Olaisen har uttalt at ho ønskjer seg allmennretta lærarar som kan undervise i mange fag, både på barne- og ungdomstrinnet. Eitt av måla er å gjenopprette lærarutdanninga på Nesna.
Det siste støttar opposisjonen på Stortinget. Men når det kjem til allmennlæraren, skiljer partia lag.
Arbeiderpartiets Nina Sandberg seier til Khrono at dei ikkje vil mastergradutdanninga til livs og ønskjer seg heller ikkje lokale eller regionale variantar av lærarutdanninga, retta mot å utdanne lærarar til små skolar.
Senterpartiet har derimot foreslått å gå tilbake til fireårig lærarutdanning med moglegheit for å ta mastergrad seinare.
– Vi saknar anerkjenninga av allmennlæraren, sa Senterpartiets Marit Knutsdatter Strand til Utdanningsnytt i eit intervju tidlegare i januar.
– Det virkar det òg som om mange studentar gjer. Dei melder tilbake om at lærarutdanningane er blitt for teoretiske og ønskjer meir praksis. Det meiner eg vi må lytte til. Vi er bekymra for fråfall og framtidig lærarmangel, sa Strand.
Saman har Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet lagt fram ei liste på 16 tiltak som skal sørgje for økt rekruttering, få lærarar som har forlatt yrket tilbake til skolen, og auke andelen kvalifiserte lærarar i undervisningsstillingar. Stortinget skal handsame forslaga torsdag 4. februar.
Les også: Farvel til allmennlæreren