Grete Monsen delegat på fylkesårsmøtet i Vestland
Foto: Marianne Ruud
Grete saknar allmennlæraren – fekk støtte hos UDF Vestland
– Skular saknar 1-10-læraren. Førsteklassingen treng å møte ein lærar som kan trygge dei i den nye kvardagen dei møter i skulen, meiner lærar Grete Monsen.
Våren 2018 innførte regjeringa nye femårige mastergradsutdanningar for grunnskulelærarar. Med oppdelinga i grunnskulelærar 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn, er lærarane blitt meir spesialiserte. Men Monsen ser grunner til å stille spørsmål ved om endringane er til det betre.
– Tida er
inne for å våge å stille spørsmål ved om vi har gjort dei riktige grepa. Vi veit jo at manglande rekruttering til lærarutdanningane er eit problem, særleg på utdanninga som er retta mot dei lågaste trinna, seier Grete Monsen til Utdanningsnytt.
Ho har vore fylkesstyremedlem i Vestland fram til denne vekas fylkesårsmøte. Men ho har takka nei til attval, fordi ho skal bli pensjonist.
Utdanningsforbundet Vestland avholdt denne veka fylkesårsmøte i Bergen.
Fleire lærarar, mindre tryggleik
– At vi i skulen har fått stadig sterkare fagkrav heilt ned i første klasse, gjer at elevane får fleire lærarar å forhalda seg til og lærarane får fleire elevar å forhalda seg til. Det gjer noko med relasjonsbygging og tryggleik for elevane, sa Monsen frå talarstolen.
Monsen trakk fram at det er stor ulikskap mellom kommunane. Små skular har ikkje moglegheit til å tilsetja spesialiserte lærarar i alle fag og på alle trinn.
– Elevane treng lærarar som kan arbeide tverrfagleg, slik dei nye læreplanane legg opp til. Få og trygge vaksenpersonar skaper tillit, kontinuitet og tilhøyrsle. Ein ny fagperson kvar time gjer det ikkje. Femårig mastergrad bør ikkje bety slutten for allmennlæraren, men starten på ein ny, styrka og allsidig allmennlærar, sa Monsen.
Ho stilte spørsmål ved om for mykje vekt er lagt på kjernefaga i dei nye utdanningane.
– Med nye lærarutdanningar fekk vi nye krav om kompetanse i kjernefaga, medan praktisk-estetiske fag blei meir stedmoderlig handsama, sa Monsen.
Ho ville ha fylkesårsmøtet med seg på å be politikarane vurdere å gjeninnføre ei form for allmennlærarutdanning, gjerne femårig. Monsen vil at Utdanningsforbundet skal ha ein debatt om innhaldet i dei nye lærarutdanningane på landsmøtet i november 2023. Det blei det fleirtal for.
Dette er fylkesårsmøtene i UDF
- I løpet av mai arrangeres årets fylkesårsmøter i Utdanningsforbundet.
- På fylkesårsmøtene diskuteres saker meldt inn av lokallagene. I tillegg har sentralstyret i Utdanningsforbundet sendt ut fem saker de mener vil prege organisasjonen og debatten frem mot landsmøtet til høsten.
Disse sakene er:
Tariffpolitiske virkemidler
KS som arbeidsgiver
UDFs politikk på vurderingsfeltet
Vern av lærertittelen
Lærerrollen og laget rundt barn, unge og voksne. - Fylkesårsmøtene velger nytt fylkesstyre, delegater til landsmøtet og foreslår kandidater til sentralstyret.
- Landsmøtet i Utdanningsforbundet går av stabelen 6.-9. november.
Kvalifisert, men ikkje i småskulen
Ho la også fram to tilleggsforslag, eit omhandla behovet for utvida praksisperiodar i lærarutdanningane. Eit anna om å styrke leikens rolle i lærarutdanninga for dei minste ungane. Begge tilleggsforslaga fekk fleirtal.
– Eit argument mot at elevane møter berre ein lærar dei første skuleåra, har vore at dei kan få ein lærar dei ikkje går godt i lag med?
– Det kan sjølvsagt skje, men det er ikkje vanleg. Og skulle det skje, så er det gjerne mogleg å finne ei løysing, seier Monsen til Utdanningsnytt.
– Er det andre grunnar til at du etterlyser allmennlæraren?
– Vi har sett fleire døme på at lærarar i grunnskulen, med kompetanse til å undervise på 5. til 10. trinn, har fått lønn som ufaglærte når dei blir sett til å utføre delar av årsverket sitt i småskulen. Det er ei uheldig side av todelinga av grunnskulelærarutdanninga i 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn, svarar Monsen.
Monsen fekk fleirtal for tre forslag
Grete Monsen er glad for støtta ho fekk frå årsmøtet, men litt lei seg for at ho ikkje får følge saka vidare. Ho gjekk på talarstolen og sa at dette er hennar siste fylkesårsmøte som delegat.
Etter ei lita bearbeiding av redaksjonskomiteen, blei det votert over dette forslaget frå Monsen:
«Utdanningsforbundet skal arbeide for å greie ut grunnskulelærarutdanning for 1.-10.trinn i ein to-trinns modell, der ein blir grunnskulelærar etter 3, eventuelt 4 år, og grunnskulelektor, når ein bygger på med ei masterutdanning. For barnehagelærarutdanninga kan ein på tilsvarande måte bli barnehagelærar etter tre år, og barnehagelektor dersom ein tek ei masterutdanning.»
I alt 185 delegatar stemte. 166 stemte for forslaget og 19 mot.
Monsen fremma og eit tilleggsforslag. Det gjekk ut på at «Utdanningsforbundet skal arbeide for at praksisperiodane til lærarstudentane utvidast, og det bør stillast krav til lærarutdannarane om eigen praksis for dei som utdannar lærarar.» Også det fekk fleirtal.
I alt 186 delegatar stemte. 150 stemte for forslaget og 36 mot.
Monsens tredje forslag om leikens rolle i lærarutdanninga fekk også fleirtal.
Dette forslaget fremma ho: «Utdanningsforbundet skal arbeide for at leiken skal spele ein sentral rolle i utdanninga med tanke på opplæringa i småskulen.»
185 delegater stemte. 172 delegatar stemte for forslaget og 13 mot.