Unio-leiar Ragnhild Lied gjesta Utdanningsforbundet Møre og Romsdal sitt fylkesårsmøte i Geiranger.
Foto: Harald F. Wollebæk
Unio-leiaren vil ha kjenslemessig jobbpress fram i lyset
Psykososialt press må bli meir anerkjent som ein risiko i arbeidslivet, understreka Unio-leiar Ragnhild Lied i helsinga si til fylkesårsmøtet til Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Unio har inngått eit samarbeid med forskingsinstituttet
SINTEF om å kartleggje emosjonelle krav og belastningar hos lærarar og andre arbeidstakarar
som jobbar mykje med andre menneske.
– Eg vonar alle som får tilsendt spørsmåla via
Utdanningsforbundet, tek seg tid til å svare, oppmoda Unio-leiaren i
helsingstalen til fylkesårsmøtet i Geiranger torsdag morgon.
Ho peika på at arbeidsmiljølova gir godt vern mot belastningar
i det fysiske arbeidsmiljøet.
– Bygningsarbeidarar blir beskytta med hjelm på hovudet og
stål i skoa. Men kva slags vern har du når du må handtere frustrerte føresette
og utagerande elevar? poengterte ho.
Ragnhild Lied meiner dei psykososiale belastningane er lite
anerkjent og verdsett som ein risikofaktor.
– «Det er berre ein naturleg del av jobben», vert det sagt.
Ho la vekt på at Unio dei siste åra har jobba for meir merksemd
og anerkjenning av dei emosjonelt krevjande sidene ved jobben, og at kartlegginga
SINTEF skal gjennomføre, er ein del av dette arbeidet.
– Dette er ingen «quick fix», men systematisk og førebyggjande
arbeid med dei psykososiale risikofaktorane på arbeidsplassen kan gje betre
arbeidshelse og lågare sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Rett og slett ein
betre arbeidskvardag, sa Ragnhild Lied på fylkesårsmøtet i Geiranger, som ligg i hennar eigen heimkommune, Stranda.
Dette er fylkesårsmøtene i UDF
- I løpet av mai arrangeres årets fylkesårsmøter i Utdanningsforbundet.
- På fylkesårsmøtene diskuteres saker meldt inn av lokallagene. I tillegg har sentralstyret i Utdanningsforbundet sendt ut fem saker de mener vil prege organisasjonen og debatten frem mot landsmøtet til høsten.
Disse sakene er:
Tariffpolitiske virkemidler
KS som arbeidsgiver
UDFs politikk på vurderingsfeltet
Vern av lærertittelen
Lærerrollen og laget rundt barn, unge og voksne. - Fylkesårsmøtene velger nytt fylkesstyre, delegater til landsmøtet og foreslår kandidater til sentralstyret.
- Landsmøtet i Utdanningsforbundet går av stabelen 6.-9. november.