Foto: Google
Dansk skole prøver ut firedagars skoleveke
Aalborg Katedralskole vil neste skoleår ha 13 firedagars skoleveker, og 24 normale veker.
Med
unntak av eksamenstida vil det aldri vere meir enn tre femdagasveker i rad ved
skolen. Dette får
skolen til ved å knipe inn på andre fridagar. Sommarferien og juleferien blir
korta ned, og skolen er i drift på grunnlovsdagen 5.juni. Det er bladet
Gymnasieskolen.dk som melder dette.
Både lærarane og elevane har vore med på å diskutere fram tiltaket. Men ideen
kjem frå rektor Christian Warming. Han argumenterer framfor alt med at det er
eit tungt press på elevane. Håpet er at det skal bli lettare om arbeidet blir
spreidd litt meir ut over tid.
Og i bladet
argumenterer tillitsvald for lærarane, Martin Graverholt, om lag på same viset
for lærarane sin del. Arbeidsbøra er stor i periodar, samstundes med at ikkje
all ferie er like velplassert.
Men da
rektor ville kutte frå påskeferien sa lærarane nei. Påskeferien ville dei ikkje
kutte i. Skolen er
heilt lukka på dei omplasserte fridagane.
– Lærarne
kan velje å rette oppgåver, ikkje gjere noe arbeid eller reise til Paris. Det
legg eg meg ikkje oppi, seier Warning.
Stadig
fleire arbeidsplassar, også kommunar, har dei siste åra gjort forsøk med at dei
tilsette fordeler arbeidstida på 37,5 timar på fire dagar i veka, ikkje på fem.