Foto: Paal Svendsen
Barnehagestyrarar saknar tid til pedagogisk leiing
Styrarane bruker 59 prosent av tida på administrasjon og 15 prosent på å vere vikar.
18 brukt prosent av arbeidstida hadde gått til pedagogisk leiing. Slik vart oppsummeringa når 1943 barnehagestyrarar hadde svart på spørsmål om korleis dei hadde brukt arbeidstida i førre veke. Administrasjon og personalleiing hadde tatt 59 prosent av tida, å vere vikar på avdeling 15 prosent og 8 prosent av tida hadde gått til «anna».
Ni av ti
barnehagestyrarar skulle gjerne brukt meir tid på pedagogisk leiing, kjem det
fram i undersøking.
Undersøkinga
som viser dette heiter «Barnehagestyrers arbeidsoppgaver» og er laga av Rambøll
på oppdrag for Utdanningsforbundet. 1943 styrarar har svart på spørsmål i eit
spørjeskjema. I tillegg er et gjort djupintervju med 15 styrarar.
Styrarane
leiar i stor grad det pedagogiske arbeidet i barnehagen ved å delegere ansvaret
for pedagogisk leiing til dei pedagogiske leiarane, blir det konkludert i
rapporten.
I
djupintervjua fortel styrarar at dei økonomiske og administrative oppgåvene kan
stele tid frå det dei kallar dei verkeleg viktige oppgåvene, som er det pedagogisk-faglege
arbeidet. I hovudsak er det dette arbeidet styrarane er mest motiverte til,
blir det slått fast.
Bakgrunnen
for undersøkinga er at talet på barnehagestyrarar har halde seg konstant
gjennom dei siste 20 åra, medan talet på barn og på årsverk har auka.
Les heile rapporten her:
Les også: Regjeringen stiller nye krav til styrer i barnehagene
Les også: 8 tegn ved fremtidens barnehagestyrer