50 av 98 danske kommunar må kutte i skolebudsjetta
Skolar blir stengde, lærarar vil bli oppsagde, heile klassar blir flytta til nabobyen, skriv Danmarks Radio om konsekvensane.
– Skolebudsjetta er pressa, og nå brenn det under skolane, seier Andreas Rasch-Christensen, forskingsleiar ved profesjonsutdanninga i Region Midt-Jylland, Via University College, til Danmarks Radio. Dei har talt opp kommunar som nå må kutte kraftig i budsjetta.
Den viktigaste grunnen til kutta er at regjeringa har underfinansiert utgiftene i kommunane med rundt fem milliardar kroner. Barnehagar og eldreomsorg har alt måtta ta konsekvensar av dette, og nå peikar pila mot skolen, ifølgje Arne Ullum, sjefredaktør på nettmediet NB Kommuner og NB Økonomi.
Skolar blir stengde, lærarar vil bli sagt opp, heile klassar blir flytta til nabobyen, skriv Danmarks Radio om konsekvensane.
Fryktar konsekvensane
– Eg kan ikkje hugse å ha sett så alvorlege innsparingar som vi ser nå, seier leiar i Danmarks Lærarforening, Gordon Ørskov Madsen.
– Dette skjer i ei tid der vi opplever at stadig fleire barn og unge ikkje trivst i skolen. Dette er alvorleg, seier han. Gordon Ørskov Madsen fryktar for konsekvensane dette vil få for den daglege undervisninga som dei aller fleste danske barn får.