SPALTIST Ingrid Kristine Aspli

Bildet med tekst brukes på frontpage og i some.

Den som gir mest, får mest

Å stille opp for andre gjer oss til viktige brikker i puslespelet flokken.

Kven kan hjelpe til med å smørje skolemat på 1. trinn? Kven kan hjelpe 2. trinn med å lære seg å strikke? Kan 7.-klassingane det? Men då mistar dei sin eigen spisepause? Då mistar dei sin eigen kunst- og handverktime? Og det er jo ikkje deira ansvar å dekke opp for låg bemanning på småtrinna, er det vel?

Så må skolen forklare: Uansett bemanning på 1. trinn, er det ei gjennomtenkt avgjerd at dei store skal hjelpe dei små. Fordi dei skal lære noko som er ufatteleg mykje viktigare enn jamn påsmørjing av leverpostei.

Ingrid Kristine Aspli

er barnepsykolog. Hun brenner for barndommens egenverdi, hvordan vi kan lage helsefremmende hverdager for barn, lek som helende kraft, både for voksne og barn.

Fellesskapen smuldrar

Tidvis dukkar det opp ein fascinerande motvind mot dugnad i samfunnet. 

Eg møter ofte skolepersonale som er bekymra for at tanken om fellesskapen er i ferd med å smuldre bort. Dei opplever at skolen er siste skanse, som framleis tviheld på tanken om fellesskapen fyrst. At vi må setje eigne lyster til sides for å få fellesskapen til å fungere. Dette strekk seg heilt frå trivielle dilemma i klassens time: «Eg er ikkje med – eg likar ikkje kviskreleiken», til meir alvorlege ting som å stille opp for andre som strevar.

 Bekymringa går i taket når det tikkar inn e-postar av typen «Eg ber om at min son slepp å vere inne i friminuttet saman med eleven som er engsteleg, det er ikkje mitt barn sitt ansvar».

Men skal barn vere assistentar og støttekontaktar? Er det ikkje skolen og helsevesenet sitt ansvar å kurere engstelse? 

Jo då, vi kan velje å strippe samfunnet vårt for medmenneskelegdom og dugnadsånd. Og profesjonalisere og institusjonalisere alle former for relasjonelle behov. Men då går vi til grunne. Fordi dette handlar om flokken. Og om folkehelse.

Helsevinsten ved å høyre til

Å høyre til flokken er eit av våre «ikkje-forhandlingsbare behov» (Evertsen, 2025). Vi klarer oss ikkje utan fellesskapen. Og bygging av fellesskap må dreie seg om like store mengder gi og få. Ikkje berre kva flokken kan gjere for deg, men kva kan du gjere for flokken?

Folkehelseprogrammet Kvardagsglede (FHI, 2024) har identifisert fem vegar til livskvalitet. Ein av dei er «Å gi». Eg siterer: «Livskvaliteten blir høyere når du har en følelse av mening og bidrar i samfunnet. Det å gi aktiverer områder i hjernen som er ansvarlig for lykke, belønning og velvære. Når vi flytter oppmerksomheten bort fra oss selv, kan det redusere negative tanker og stress.»

Det er enormt mykje helse i å ikkje vere så opptatt av seg sjølv, men rette fokus utover. Du blir lukkelegare av å gi enn å få.

Når 7. trinn besøker 2. trinn for å lære dei å strikke, er det utdanning og folkehelse i ein suveren kombinasjon. Lagbygging. Vi hjelper kvarandre og høyrer saman. Bygging av sjølvkjensle. Vi er slike som er til nytte. Dette hadde ikkje gått så bra utan oss. Vi er verdifulle brikker i puslespelet flokken. Og dette gjeld heile livsløpet, i alle samanhengar. Det er lettare å stå opp om morgonen når nokon ventar på deg. Dersom du opplever at det ikkje speler nokon rolle for nokon om du står opp eller ikkje, då er uhelsa rett rundt hjørnet.

Difor drøymer eg om revidert e-post frå bekymra mor til den som stiller opp for ein engsteleg ven: «Ville berre seie tusen takk for at de gir min son ei ekte kjensle av å vere viktig for andre. Dette veks han på».

Powered by Labrador CMS