Biletet er frå landsmøtet i 2019.

Fem menn og ei kvinne ønsker å bli ny leiar i Utdanningsforbundet

Seks personar ønsker førebels å bli ny leiar i Utdanningsforbundet.

Publisert Sist oppdatert

Før sommaren blei det klart at alle dei tre som utgjer leiinga i Utdanningsforbundet i dag, ikkje stiller til gjenval. Nå er lista over kandidatane som har sagt ja til å stille til val som ny leiar klar. Den lista består førebels av seks navn: 

Simon Malkenes, Trøndelag

Thom Jambak, Akershus

Terje Vilno,
Oslo

Thomas Nordgård, Troms

Bjørg Melbø Ratvik, Oslo

Geir Røsvoll, Trøndelag

 

Alle seks vart spelte inn som leiarkandidatar frå fylkesstyremøta i Utdanningsforbundet denne våren, og dei har sagt til valkomiteen at dei er villige til å stille.

Thomas Nordgård og Geir Røsvoll representerer båe grunnskolen. Nordgård er fylkesleiar i Troms, medan Røsvoll er leiar Trøndelag.

Thom Jambak og Terje Vilno representerer vidaregåande skole. Jambak sit i sentralstyret i UDF, Vilno er møtande vara der og har leia UDF Oslo.

Simon Malkenes sit i sentralstyret og kjem frå medlemsgruppe universitet/høgskole. Bjørg Melbø Ratvik har vore nestleiar i Utdanningsforbundet Østfold og arbeider nå i sekretariatet i Utdanningsforbundet. Ho representerer inga medlemsgruppe.

Nestleiar

Dei same seks er også foreslått som nestleiar, og har sagt ja til det. Men dei konkurrerer, i tillegg til med kvarandre, også med sju andre kvinner og fem andre menn om denne posisjonen.

Kvinnene er Anita Holm Cirotzki (Vestland, barnehage), Heidi Granberg (Oslo, grunnskole), Inger Grødem Haraldsen (Rogaland, barnehage), Ann Mari Milo Lorentzen (Troms, barnehage), Linn Therese Myhrvold (Innlandet, grunnskole), Bente Ingeborg Myrtveit (Vestland, grunnskole), og Turid Buan Øfsti (Trøndelag, grunnskole).

Dei fem andre mennene er: Alexander Fjellestad (Akershus, grunnskole), Bjørn Sigurd Hjetland, (Akershus grunnskole), Pål Heide Kielland (Trøndelag, faglig-administrativt støttesystem), Sindre Roska (Vestland, grunnskole), og Leif-Inge Austerheim Westbø (Akershus, barnehage). 

Sentralstyret

Namn frå lista over kandidatar til leiar- og nestleiarvervet går og att i lista over kandidatar til sentralstyret. 

Dei som er foreslått til sentralstyret,  men ikkje til leiarverv: 

Eskil Berggren (Agder, vidaregåande) 

Christian Evenshaug (Buskerud, grunnskole)

Kitty Garborg (Rogaland, universitet/høgskole) 

Erik Grimsbø (Innlandet, grunnskole) 

Julie Gunstensen (Møre og Romsdal, faglig-administrativt støttesystem)

Ida Næss Hjetland (Oslo, faglig-administrativt støttesystem) 

Stine Christensen Holtet (Oslo, grunnskole) 

Marita Valentin Jacobsen (Østfold grunnskole) 

Maja Henriette Jensvoll (Nordland, universitet/høgskole)

Siri Denstad Langlov (Trøndelag, vidaregåande opplæring)

Ann-Kathrin Mulstad (Trøndelag, barnehage) 

Renate K. Nordnes (Nordland, universitet/høgskole) 

Hege Henden Nørbech (Møre og Romsdal, vidaregåande opplæring)

Anne-Lena Pedersen (Trøndelag, barnehage)

Paul Ivar Pedersen (Møre og Romsdal, grunnskole) 

Cecilie van der H. J. Pérez (Innlandet, grunnskole) 

Marianne Rygg (Telemark, grunnskole) 

Anne Yun Rygh (Vestfold, vidaregåande opplæring) 

Morten Skauen Sørmo (Østfold, vidaregåande opplæring) 

Ingeborg Lovise Tyse (Rogaland, vidaregåande opplæring) 

Monica Undseth (Telemark, faglig-administrativt støttesystem) 

Camilla Auflem Vik (Møre og Romsdal, grunnskole)

Odd Arild Viste (Vestland, barnehage)  

Frode Aarøe (Agder, vidaregåande opplæring)

Gangen vidare

Fylkesstyra har frist til 15.september med å nominere til dei ulike verva blant dei desse kandidatane. 9. oktober kjem valkomiteen med si endelege innstilling. 

Sjølve valet blir gjennomført på Landsmøtet i Utdanningsforbundet, som går av stabelen 6.-9. november. 

Powered by Labrador CMS