Ann Mari Milo Lorentzen, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, er blant dei som har takka nei til å stille som ny UDF-leiar.
Foto: Bjørn Inge Karlsen
Fleire kvinner takka nei til toppleiarkandidatur
Tre av fire kvinner som vart foreslått som toppleiarkandidatar i Utdanningsforbundet, sa nei. Alle dei fem mennene som vart foreslått, takka ja.
Sentralstyremedlem og leiar i utval for
likestilling og mangfald i Utdanningsforbundet, Ann Mari Milo Lorentzen, sentralstyremedlem
Marit Himle Pedersen og leiar for UDF Bergen, Bente Ingeborg Myrtveit, var alle
foreslått av fylkesstyremøta som kandidatar til ny toppleiar i Utdanningforbundet. Men alle takka nei.
Den fjerde kvinna, Bjørg Melbø Ratvik, tilsett i det sentrale sekretariatet i
UDF, sa ja.
Hadde helst
sett at fleire kvinner stilte
– I ein
organisasjon der meir enn 70 prosent av medlemmane er kvinner, skulle eg helst
sett at fleire kvinner stilte som leiarkandidatar, seier Ann Mari Milo
Lorentzen, leiar i utval for likestilling og mangfald i Utdanningsforbundet.
– Alle dei fem mennene som er blitt foreslått , har sagt ja til å
stille. Men tre av dei fire kvinnene har sagt nei. Kva kan
grunnen vere?
– Det vil
eg ikkje spekulere i.
– Men ei
av dei tre er jo deg?
– Ja, det
stemmer, seier Ann Mari Milo Lorentzen .
– Røsvoll
er betre
– Eg har tatt
til orde for Geir Røsvoll som ny leiar i Utdanningsforbundet. Han er ein betre
leiarkandidat enn meg, difor stiller eg ikkje, seier Bente Ingeborg Myrtveit,
leiar i Utdanningsforbundet Bergen.
– Eg har stått i så mange streikar her i Bergen at eg ikkje har lyst til å ta på
meg eit enda større ansvar for slikt. Men eg har ikkje sagt nei fordi eg trur at eg som kvinne ikkje hadde klart jobben, understrekar ho.
Vil bu på Vestlandet
– Det er
ei ære å bli foreslått som toppleiarkandidat, og det er dumt når kjønnsbalansen
blir slik han er nå, seier Marit Himle
Pedersen.
– Men eg
hadde alt bestemt meg: Eg var blitt bedt om å bli kontaktperson for grunnskole
i Utdanningsforbundet Vestland, og eg vil heller det enn å halde fram i sentralstyret
og bu mest i Oslo, seier Pedersen, som ikkje tar attval som sentralstyremedlem.
– Tanken
på å skulle vere leiar i Utdanningsforbundet skremmer meg ikkje. Men han
tiltalar meg heller ikkje, eg vil gjere andre ting, seier ho.
To menn
vart foreslått som kandidatar til «leiarar», utan at det vart spesifisert kva
for leiarposisjon det var snakk om. Christian Evenshaug, leiar for Utdanningsforbundet Drammen, har sagt
nei til det, men stiller som kandidat til sentralstyret. Den andre, Leif-Inge
Austerheim Westbø, Utdanningsforbundet Akershus, stiller som kandidat til
nestleiarvervet og vervet som styremedlem.
Kvinnedominert organisasjon
– Naturlegvis
burde kvinneandelen av kandidatar til toppleiarvervet i ein klart kvinnedominert
organisasjon vore større. Men det er desse seks fylkeslaga har foreslått og som har sagt ja, seier
leiar i valkomiteen Ottar Stordal til Utdanningsnytt.
– Kan
valkomiteen framleis setje fram nye namn til leiarkandidatar?
– Vi kan
dra opp nye namn til alle verv, om vi meiner det er klokt, seier han.
Ifølgje
vedtektene til Utdanningsforbundet skal sentralstyret ha minst 50 prosent
kvinnelege medlemmer. Men vedtektene seier ikkje noe om kjønnsfordelinga i
leiargruppa. Skulle vala ende opp med at alle dei tre leiarane er menn, er
vedtektene fylgde om kvinnene likevel utgjer femti
prosent av det totale styret.
Inga medlemsgruppe med fleirtal
Når det
gjeld medlemsgrupper, seier vedtektene at det skal vere ei rimeleg fordeling
mellom medlemsgruppene. Inga gruppe skal ha fleirtal. Det tyder at den største
medlemsgruppa, grunnskolelærarane, ikkje kan ha fleire enn 6 av dei 13 plassane
i sentralstyret.
Det er
ikkje vedtekter for fordelinga av medlemsgrupper blant leiarane i sentralstyret.