Ill. foto Tore Magne Gundersen
Ein ny kulturkanon i skulen må innehalde like mykje Noreg som Norge
Debatt: – Om lærarane får lister med litteratur dei bør undervise i, må dei innehalde eit rikt utval av nynorske titlar.
Kunnskapsminister Kari
Nessa Nordtun har, i eit større utspel i NRK rett før jul, tatt til orde for ei
tydelegare norsk forankring i skulen, men nemner ikkje nynorsk med eitt ord.
Nynorsk og den nynorske kulturhistoria må med når Nordtun skal finne felles
songar, bøker og historiske hendingar som alle norske barn skal lære om.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier ho vil «løfte vår felles historie,
våre tradisjonar og våre kulturutrykk». At alle born i norske klasserom får
fleire felles referanserammer, kan vere eit viktig grep for å styrkje
nasjonalkjensla og betre integreringa. Det er synd kunnskapsministeren
tilsynelatande gløymer nynorsk når ho skal vise korleis ho skal få dette til.
Ivar Aasen burde vore det første talepunktet hennar før ho sette seg ned med
NRK Dagsrevyen like før jul. Å lære seg både nynorsk og bokmål er å skrive seg
inn i det norske - å bli norsk. Det gjeld sjølvsagt like mykje for Ole og Oline
som for Ali og Aisha.
Er ein slik kulturkanon detaljstyring av lærarane eller heilt naudsynt
forventingsavklaring? Skal vi tru kunnskapsministeren, får regjeringa
tilbakemeldingar på at gjeldande læreplan er for lite konkret og vanskeleg å
følgje opp. Dei fleste lærarar vil nok sjølve velje dei mest openberre songane
og bøkene i ein slik kanon utan hjelp frå politisk leiing i
Kunnskapsdepartementet. Dersom ein meiner det er viktig at borna får møte meir
av det same, uavhengig av kvar i landet dei bur, så kan ein kulturkanon openbert
vere eit interessant grep.
Då eg var ung, såg vi dei same TV-programma og kinofilmane. Vi gjorde det til
og med samstundes. I dag er det ingen som vil tilbake til NRK-monopolet. Det er
ein enorm fridom å kunne velje mellom ulike kulturelle opplevingar og få
dei rett inn på skjermen akkurat når du vil. Samstundes mister vi noko på
vegen. Utan felles referansar og rammer, er samtale og diskusjon vanskelegare.
Å vurdere kulturuttrykk eller meiningar og halde seg kritisk til dei, er
vanskelegare dersom ein ikkje har nokon felles utgangspunkt for å vurdere dei.
I ei stadig meir privatisert og individualisert tid kan ein kulturkanon bidra
til å gje oss fleire felles erfaringar. Det er viktig og nyttig for
integreringa, nasjonalkjensla og samhaldet - og dimed også folkestyret.
Det er lett å ironisere over eit slikt forslag. Skal Ja, vi elsker med i
ein slik kanon? Kva med 1814? Kor mange rim og regler må med før Nessa Nordtun
er fornøgd? Tidlegare kunnskapsminister Guri Melby (V) og skulebyråd i Oslo,
Julie Remen Midtgarden (H), har begge vore svært kritiske til forslaget. Dei
peikar på at vi har ganske nyss vedtekne læreplanar og at dette går utover
lærarane sin autonomi. Dei har begge tillit til at elevane får både Ja, vi
elsker og Camilla Collett utan at nokon må minne lærarane på det.
Det kan vere grunn til å minne om at norsk offentleg grunnskule er til for
elevane, som skal fungere og lukkast i samfunnet. Politikarane synest det er
heilt greitt å styre både arbeidstid og innhaldet i lærarstillingane. Kva vi
lærer vekk til borna våre, og dimed kva kompetanse og kunnskap vi får i
samfunnet, er i aller høgste grad eit politisk spørsmål.
Same kva: Om dette endar med at lærarane får lister med tilrådde bøker, songar
og historiske hendingar som dei bør undervise i, så er ikkje det eit stort
overgrep mot norske lærarar. Tvert om kan det styrkje skulen sitt
danningsoppdrag, men berre om det blir gjort rett.
Då må nynorsken prege ein slik kanon for alle elevar i alle klasserom i Noreg.
Det må vere eit rikt utval av nynorske titlar i ei slik litteraturliste.
Nynorske songar, rim og regler må med. Somme ting var betre før; som at alle
born såg Flukta frå Dyreskogen, til dømes. Kari Nessa Nortuns kulturkanon kan
gjere norske elevar betre i nynorsk og (såleis) betre inkludert i det norske
samfunnet. Eg vil ynskje regjeringa lukke til med eit viktig arbeid. Til alle
andre som no reagerer, vil eg seie: Gjer som Padde, Rev og Grevling: Ikkje få
panikk!