Får 10 000 kroner til meir praktisk undervisning: – Kanskje nok til eit leikehus
Regjeringa ser for seg at dei 127 millionane dei delar ut, kan nyttast til laboratorium, skolekjøkken og verkstader. Ordføraren i Røyrvik er ikkje like optimistisk.
Noko av det første kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) gjorde etter at ho tok over Kunnskapsdepartementet 16. oktober i fjor, var å etterlyse meir praktisk undervisning.
Annonse
Ein meir praktisk og variert skole vil auke motivasjonen, og elevane vil kunne lære meir, ifølgje kunnskapsministeren, som raskt sette av 127 millionar kroner til tiltak.
No kan kommunane fylle ut eit søknadsskjema hos Utdanningsdirektoratet for å få pengane overført.
I ei pressemelding fra departementet ramsar dei opp hva pengane kan nyttast til: utstyrspakker, inventar og apparat til dømes laboratorium, musikkrom, skolekjøkken, ulike verkstader, fysisk aktivitet, tur- og friluftsaktivitet, tilrettelegging av uteområde for uteskole, skolehage eller medielab.
– Eg gler meg til å sjå resultata på skolane i året som kjem, seier Nordtun.
Men ikkje alle er like spente.
Endring for 10 000 kroner
Kor mykje den enkelte kommune får, kjem nemleg an på kor mange elevar dei har.
Ordføraren i Røyrvik i Trøndelag er ikkje vidare imponert over summen dei kan få: 10.000 kronar.
– 10 000 er kanskje nok til eit leikehus,
seier Kennet Tømmermo Reitan (Samarbeidslista).
Ordførar Reitan veit godt kor viktig praktisk undervisning er - han har permisjon fra lektorstudiet for å vere ordførar.
Men han ser ikkje med ein gong korleis han skal skape endring
for skolen i Røryvik med 10 000 kroner.
– Vi har rundt 40 elevar fordelt på ti trinn. Så
fådelt pedagogikk er den store utfordringa vår. Det store saknet er kompetente
lærarar i sør-samisk, seier han om skolekvardagen i kommunen, som er
forvaltingsområde for nettopp sør-samisk.
Annonse
Vil kome godt med
Røyrvik, Loppa, Røst, Træna og Utsira er alle blant kommunane som vil få minst pengar, men som er garantert 10 000 kroner. Kommunar med 1000 elevar får drygt 300 000 kroner i tilskot, ifølgje Kunnskapsdepartementet. Øvst på pengelista tronar hovudstaden, som får 13,4 millionar. Til gjengjeld har Oslo om lag 66.000 elevar i grunnskolen.
Og i Bodø gleder Kyrre Kolvik (H), som leiar velferdsutvalet, seg til 1,4 ferske millionar.
Kolvik fortel at det er stor uro og sterk debatt i
kommunen for tida. To skolar og fleire barnehagar er foreslått lagt ned, med
lite pengar og fallande barnetal som argument.
– Så alle moner dreg, seier Kolvik.
Kommunen har mellom anna ein naturskole som blir brukt til mange føremål.
– Men her trengst det vedlikehald. Eg vil tru at å bruke
desse pengane til det, vil vere bruk etter formålet, seier Kyrre Kolvik.