Kvar fjerde gut les kritisk dårleg
Femten år gamle gutar ligg eitt år etter jentene i leseprestasjonar.
26,3 prosent av gutane testa under kritisk grense i PISA-testen i 2018. Blant jentene var 12,2 prosent under kritisk grense.
Skilnaden i gjennomsnittleg leseprestasjon for gutar ligg så mye under leseprestasjonane til gjennomsnittet for jentene at det at det tilsvarte meir enn eitt skoleår.
Det viser rapporten "Like muligheter til god leseforståelse? 20 år med PISA", som er skriven av Tove Stjern Frønes og Fredrik Jensen ved Institutt for Lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo.
I rapporten, som er presentert på nettsidene til Utdanningsdirektoratet, ser forskarane nærare på elevanes leseforståing og haldningar til lesing. Dei ser også på kva som kjenneteiknar gode lesarar og om elevane har like sjansar til å bli gode lesarar.
Deira analysar viser at Noreg og Finland er dei landa der skilnaden i leseprestasjonar mellom gutar og jenter er størst. Skilnadane i Noreg er mye større enn gjennomsnittet i deltakarlanda, og har vore det sidan første testen i 2000.
Stabilt
Talet på lesarar under kritisk grense har gått opp med fire prosent, frå 15 prosent i 2015 til 19,3 prosent i 2018. Likevel konkluderer forskarane med at Pisa-tala for dugleik i lesing har vore stabile i dei 18 åra testane er utførte, med ein botn i 2006 og ein topp i 2015. I 2000 var 17 prosent av elevane under kritisk grense.
Blant dei viktigaste endringane på desse 18 åra er at fleire gjer det dårleg, konkluderer dei to. På topp er det stillstand. 11 prosent var i den høgaste gruppa i 2000, det er same talet som i 2018, men med nokre variasjonar imellom.
Når det samla talet for prestasjonar likevel har halde stabilt i desse åra, er det fordi det er blitt fleire gode i kategorien under dei aller beste. Denne spreiinga med fleire dårlege og fleire gode har tatt fart etter 2009.
Les også: – Unger som begynner på skolen og kan en del bokstaver, har en fordel
Betre blant yngre
Oppgåva trekk fram at resultata i den internasjonale leseundersøkinga Pirls, som Norge har vore med i sidan 2001, gjer dei norske elevane det betre enn i PISA. Men dei to undersøkingane måler ikkje det same. I Pirls er det elevar på fjerde trinn som blir underøkte kvart femte år, medan IPISA testar femtenåringar kvart tredje år. Ifølgje rapporten er det mykje som tyder på at leseopplæringa frå slutten av mellomtrinnet er mindre fokusert og dårlegare samordna på skolane.
– Ikkje alle lærarar tar rollen som leselærarar i sine fag, står det i rapporten.
Sidan den første PISA-undersøkinga i 2000 har både politikarar og pedagogar sett i verk tiltak i skolen med betre lesing som mål. Særleg læreplanen Kunnskapsløftet i 2006 løfta fram arbeidet med lesing.
Les også: Mangelfull kunnskap om skolebiblioteket som læringsarena
Kjønn og heimebakgrunn
– «Like muligheter til gode leseforståelse?» spør de i tittelen på rapporten. Kva er det korte svaret på det?
– At kjønn og heimebakgrunn i svært sterk grad påverkar kor flink du er til å lese når du går ut av skolen. Slik har det vore, og slik er det framleis, seier Tove Stjern Frønes, medforfattar til rapporten og forskar ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo.
- Kan ikkje grunnar som korkje har med kjønn, bakgrunn eller undervisning å gjere, vere årsak til dårleg lesing?
– Blant dei svakaste lesarane er det både dyslektikarar og elevar med dårlege norskkunnskapar. Men gruppa er så stor at elevar med slike og liknande problem utgjer ein svært liten del. Sosioøkonomisk bakgrunn og kjønn er dei dominerande trekka ved gruppa, seier ho.
Frønes understrekar at problemet ikkje er at elevane slit med å setje saman bokstavar til ord. Dei kan lese, men har problem med å forstå kva dei les.
Klapp på skuldra
Ho meiner det er svært alvorleg at så mange er under kritisk grense i lesing. Likevel meiner Frønes at norske lærarar kan slå seg på skuldra og gratulere med god jobb.
– Sett under eitt har norske elevar halde same nivået på lesinga i tjue år. I denne tida har nivået gått ned i svært mange andre land, seier Tove Stjern Frønes.