Sinte barn er ikkje unormale
Fagartikkel: Eg er meir uroleg for bruk av programmet Dei utrulege åra, enn om toåringar får raserianfall.
Det er mange som er urolege for aukande omfang av åtferdsproblem. I barnhage og skule er åtferdsproblem ein trussel både for barn som får slike merkelappar og andre barns tryggleik, trivnad og læring. Undersøkingar og erfaringar tilseier at bruk av programmet Dei utrulege åra (DUÅ) hjelper for å få bukt med slike problem. Dermed kan ein sei at det blir større tryggleik, trivnad og meir læring i barnehagen. Kvifor er eg likevel uroleg for bruk av slike program?
Dette er DUÅ
DUÅ er utarbeida av Caroline Webster-Stratton (2005). Ho argumenterer for bruk av programmet ut frå statestikk om at kvart fjerde sosiale samspel mellom barn i barnehagealder er aggressivt, og at 70 prosent av toåringar har minst eitt raserianfall dagleg. Aggresjon i samspel mellom barn i barnehagealder og toåringars raserianfall er indikasjon på framtidig narkotikamisbruk, depresjon, ungdomskriminalitet, antisosial oppførsel og vald.
Det er funne ein korrelasjon mellom at personar som har utført mord, valdtekt, ran, mordbrann, fyllekøyring og overgrep også var aggressivt som barn. Klart ein finn ein slik samanheng når ein veit – både ut frå statestikk og erfaringar med barn - at raserianfall er heilt vanleg blant toåringar. Korrelasjonen blir brukt som forklaring på at aggresjon hos barn vil føre til enten mentale helseproblem eller kriminalitet.
Tidleg innsats gjennom DUÅ, blir framstilt som det mest effektive tiltaket for å unngå desse framtids-vyane. I og med at dei fleste barn blir sinte, og sinne og aggresjon blir framstilt som to sider av same sak, blir eit heilt vanleg fenomen blant barn dermed framstilt som eit stort samfunnsproblem.
Les også: Når de barnehageansatte trener på å takle egne følelser, får de bedre relasjoner til barna
Gir klare råd
I guiden for foreldre viser Webster-Stratton (1999) korleis ein skal kommunisere og leike med barn for å skape gode relasjonar slik at barna vil gjere slik foreldra vil. Ho gir råd om korleis ein kan møte det ho kallar åtferdsproblem: barns skjermbruk, raserianfall på offentlege stadar, når barna utset det dei skal gjere, ved søskenrivalisering, ulydigheit, uvilje mot å leggje seg, nattevak, steling, lyging, problem i måltider, sengevæting, hyperaktivitet, manglande impulskontroll, korleis ein kan hjelpe barn gjennom foreldres skilsmisse, og auke lese ferdigheiter.
For at ikkje desse problema skal bli permanente, må barn lære å tenkje seg fram til strategiar for å finne meir pro-sosiale løysingar på problema dei møter. Det verkar som om det overordna målet er å unngå konfliktar.
Les også: Anja Hammerseng-Edin: Denne setningen bør du lære å si til barna
For barn med store åtferdsvanskar
Programmet var i utgangspunktet laga for å hjelpe foreldre til å handtere barn med store åtferdsvanskar. No er det blitt ei tilnærming med på førehands avgjorte definisjonar på kva som er god oppførsel, og ei tilnærming som er naudsynt for alle barn.
Det er ingen spørsmål om barns intensjonar, om empati med andre barn kan føre til opposisjon til lærarar, om små barn har mentale ferdigheiter til å kunne tenkje seg fram til måtar å løyse problem på, eller kva syn på barn og samfunn denne tenkinga byggjer på.
Eg vel å skrive ut kvifor eg er uroa for bruken av DUÅ ved å vise til Vygotsky (1978) sin teori om barns utvikling av abstrakt tenking og Karsten Hundeide (2001) si utgreiing om sosiale, kulturhistoriske kontraktar for barns utvikling.
Tidleg innsats
Innsatsen for å hindre konfliktar og sinne går mykje på å lære barn å diskutere og tenkje seg fram til måtar å løyse konfliktar, tidleg. I dinosaurus programmet for fireåringar er både time-out, ignorering og korleis ein kan arbeide med å løyse konfliktar brukt for å oppnå annan åtferd, og for å unngå konfliktar.
Eg skriv åtferd og ikkje strategisk tenking, fordi eg med utgangspunkt i Vygotsky tvilar på om barnehagebarn kan lære strategisk tenking ved hjelp av slike metodar. Vygotsky skriv om språket som det viktigaste verktøyet for å lære. Menneske har unike høve til å kunne snakke om korleis ein kan løyse problem, utan samtidig å gjere det ein snakkar om. Men Vygotsky er også tydeleg på at for å kunne bruke språket skilt frå situasjonen der problemet oppstår, krevst det evne til abstrakt tenking.
Vygotsky skildrar korleis ein først må løyse konkrete problem, dernest at ein snakkar medan ein prøver ut løysingar på problemet, før ein skil mellom tanke og handling og kan finne løysingar på problem ved hjelp av språk skilt frå handling.
Evna til å løyse problem verbalt må øvast på i sjølve konfliktane. Eit program som ser ut til å ha som mål å unngå konfliktar, gjer dermed lite meining.
Kva er eit normalt barn?
DUÅ viser til at dei fleste barn har åtferdsproblem, det vil sei at dei fleste har raserianfall, er sjalu på søsken, vil ikkje alltid leggje seg om kvelden eller gjere slik vaksne vil. Om slik oppførsel blir forstått som åtferdsavvik kan vi ved hjelp av Hundeide forstå desse avvika som brot på kulturelle føringar, som kjem til syne som sosiale kontraktar for korleis vi skal oppføre.
Slike sosiale kontraktar er ofte inneforståtte og tatt for gitte. At raserianfall er åtferdsavvik, kan sporast til den europeiske forståinga av «the Apollonian Child», der barn blir framstilt som blide og glade; små, runde barn som sit på skyer som små englar, er uskyldige, vakre og blide. Det er likevel eit paradoks at om alle barn har avvik, er det kanskje ikkje avvik lenger, men heilt normalt?
Det siste blir fremja av fleire forskarar som har brukt tid saman med barn. I norsk samanheng er Eli Åm (1989) ein pioner på feltet. Ut frå feltarbeidet sitt skriv ho at det er mange konfliktar mellom barn, men at dei likevel leikar saman neste dag som om ingenting hadde skjedd – som om det er heilt normalt å vere usamde og å ha konfliktar.
Elin Eriksen Ødegaard (2006) skriv om korleis ho finn at barn kommuniserer sakn, sorg og frustrasjon. Slike eksistensielle erfaringar trer fram som sentrale, og viser fleire sinnstilstandar enn glede i barns liv.
Sinne = kommunikasjon
I feltarbeida mine, ser eg den sosiale kontrakten om at sinne ikkje høyrer heime i barnehagen (Grindheim, 2017). Barna fortel at ein leikar ikkje med sinte barn; om ein sjølv er sint går ein ut av situasjonen og om andre er sinte, vil ein ikkje leike med dei.
Eg ser også at når eg er tett på barna er det ikkje naudsynleg den som viser sinne og aggresjon som er minst pro-sosial. Barn som ikkje er sinte kan vere minst like slemme, med infame stikk, skuldingar og påstandar utan at dei er formidla i sinne eller fører til store, bråkete konfliktar.
Sinne og det som blir oppfatta som aggresjon, kan i mange situasjonar like gjerne forståast som kommunikasjon av såre kjensler og motargument for urettvise påstandar. Eg ser også barn som ikkje fylgjer instruksar i solidaritet med kvarandre. Med andre ord, kontrakten om det glade og lydige barnet som det normale og ideelle, slår sprekker.
Oppsummering
Høgt konfliktnivå og raserianfall er krevjande i ein travel barnehagekvardagen. Det trengs kjennskap til korleis ein kan møte eller takle slikt. Likevel er eg uroleg om DUÅ blir løysinga.
Sjølv om ingen ynskjer eit konfliktnivå som hindrar konsentrasjon og djup leik, kan overordna mål om å unngå konfliktar, hindre barn i å lære korleis ein kan løyse konfliktar. I barnehagen er det mange, ulike menneske som skal vere saman og skape eit fellesskap. Ulike motiv hos ulike menneske, som også fører til konfliktar, kan forståast som heilt normalt.
Kan sosiale kontraktar om at det sinte barnet er eit problem som varslar om eit endå større problem som vaksen, føre til at barna oppfyller det som ligg i forventningane om å vere og bli ein sosial avvikar?
Slik er eg meir uroleg for bruk av DUÅ, enn om toåringar får raserianfall.
Litteratur
Grindheim, L.T. (2017). Anger and conflicts in Early childhood education. Expressing worries about early intervention through the incredible years program. In Cruz, J. F. & Sofia, R. M. C. (eds.) Anger and Anxiety: Predictors, Coping Strategies, and Health Effects. Nova Science Publishers .
Hundeide, K. (2001). Det intersubjektive rommet. I O. Dysthe (red.) Dialog, samspel og læring. In O. Dysthe (ed.), s. 151- 172. Abstract Forlag.
Vygotskij, L. S., Cole, M., John-Steiner, V., Scribner, S., & Souberman, E. (1978). Mind in society: the development of higher psychological processes. Cambridge, Mass.: Harvard University Press.
Webster-Stratton, C. (1999). How to promote children's social and emotional competence. Paul Chapman / Sage.
Webster-Stratton, C. (2005). The incredible years : a trouble-shooting guide for parents of children aged 2-8. Seatle, Wash: The Incredible years.
Ødegaard, E. E. (2006). What's worth talking about? Meaning‐making in toddler‐initiated co‐ narratives in preschool. Early Years, 26(1), 79-92.
Åm, E. (1989). På jakt etter barneperspektivet. Universitetsforlaget.