Barnehagelærarar må ta i bruk si profesjonelle handlekraft og skape ei motvekt mot bruk til bruk av program i kvardagspraksis, meiner artikkelforfattaren.
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Har me behov for ein programstyrt praksis i barnehagen?
Debatt: At standardiserte program som DUÅ har fått fotfeste i nokre barnehagar er urovekkande.
Stolar me meir på program enn barnehagelærarane sin unike kunnskap om barns utvikling?
I
mi rolle som utviklings- og samarbeidspartnar frå UH sektoren, i samband med ulike
tilskotsordningar, mellom anna regional kompetanseutvikling (ReKomp) i barnehagar, opplever eg å vere
del av mykje spennande kompetanseutvikling. I samband med dette arbeidet kjem
det fram at nokre barnehagar sine kompetansetiltak og kommunale satsingar for
pedagogisk praksis baserer seg på ulike program. Andre barnehagar tek tydeleg
avstand frå bruk av program. Program utvikla som spesialpedagogiske verktøy i arbeid
mynta på barn med store og omfattande utfordringar i høve åtferd, vert nytta
som allmennpedagogisk verkemiddel og verktøy for personalet. Programma vert nytta
som grunnlag for kvardagspraksis og premissleverandørar for kvalitet og god
handlingspraksis i nokre barnehagar. Eit av
programma som skil seg ut i denne samanhengen er «de utrolige årene».
Behov for «De utrolige årene»?
«De
utrolige årene» (DUÅ) er eit amerikansk program som er utvikla med eit anna
føremål enn pedagogisk praksis i barnehagen. Programmet byggjer på ei heilt
anna pedagogisk tenking enn den som kjem til uttrykk i sentrale styringsdokument
for barnehagen. DUÅ er amerikansk og basert på behaviorisme. Programmet er utvikla
for å hjelpe barn og familiar der barna har omfattande og alvorlege åtferds- og
reguleringsvanskar, også med tanke på foreldre utan utdanning. Det er
urovekkande at nokre barnehagar vel å ta i bruk dette programmet som eit kompetansetiltak
for å styrke kvardagspraksis i barnehagen. Utdanna barnehagelærarar har
kunnskap og kompetanse til å forme kvardagspraksis i tråd med føringar og
verdiar gitt i mellom anna rammeplanen for barnehagen, utan å måtte støtte seg
til program som DUÅ. At programmet DUÅ ser ut til å ha fått fotfeste i nokre barnehagar,
regionalt og lokalt, med forankring i lokal barnehageleiing, er urovekkande. Bruken
kan få uheldige konsekvensar i synet på barn, og dessutan respekt og aksept for
barns ulike, varierte og unike åtferdsmønster og veremåtar.
Bruk av program i kvardagen
Målet
for kvardagspraksis i barnehagen må vere å skape moglegheiter og at alle barn
får oppleve sine utrulege år i barnehagen, utan å bli programstyrt. Barn må få mogelegheit
til å utvikle seg som sjølvstendige og individuelle menneske som er ulike, med
eigenverdi, gjennom leikefellesskap prega av glede, livslyst, meistring,
nyfikenheit, kreativitet og utforsking. Dette er overordna prinsipp både i barnehagelova
og rammeplanen for barnehagen, som skal danne grunnlaget for kvardagspraksis i
alle barnehagar. Slik kan barnehagar ruste barn til å bli aktive aktørar i eige
liv og å sjå sin og andre sin eigenverdi og å verdsetje ulikskap. Barnehagelærarar
har kunnskap og kompetanse til dette, utan bruk av DUÅ. Bruken av DUÅ kan føre
til mindre aksept og respekt for ulikskap og barns individuelle og unike veremåtar.
Bruken kan bidra til unødig kategorisering og diagnostisering av naturleg og
variert åtferd som noko som er utanfor norma. Bruk av DUÅ i kvardagspraksis kan
bidra til auka stigmatisering og snever tolking av normal åtferd. Bruk
av DUÅ som pedagogisk verkemiddel i kvardagspraksis står i motsetnad til
læringssynet gitt i barnehagelova og rammeplanen for barnehagens innhald. Bruk
av DUÅ som pedagogisk verkemiddel i kvardagspraksis legg føringar for ein
praksis som også står i motsetnad til krav, forventingar og praksis som er
peika på i stortingsmeldinga Tett på – tidleg innsats og inkluderande
fellesskap i barnehage, skole og SFO (Meld. St. 6, 2019-2020).
Alle
barn har rett på å bli møtt med respekt og forståing. Barn skal oppleve positiv
respons, varm omsorg og positive relasjonar i barnehagekvardagen, som tek i
vare deira unike veremåte og varierte handlingsmønster. Dette må prioriterast
av handlekraftige og profesjonelle barnehagelærarar. Å skape ein
barnehagekvardag og kvardagspraksis med kompetente barnehagelærarar i
barnehagen er sjølve nøkkelen for å bidra til at barn får utrulege år i
barnehagen.
Profesjonell handlekraft
Program
som DUÅ er styrt av kommersielle aktørar som tenar gode pengar på at nokre regionar,
kommunar og barnehagar kjøper pakkeløysingar og brukar dei ukritisk som universelle
tiltak i barnehagen. Barnehagelærarar må ta i bruk si profesjonelle handlekraft
og skape ei motvekt til bruk av program i kvardagspraksis. Som barnehagelærar
har ein både kunnskap og kompetanse til å møte alle barn sine individuelle
åtferdsmønster på andre og meir eigna måtar enn å nytte pakkar som DUÅ. Kjøp av
pakkeløysingar og kven som set premissar for kvardagspraksis i barnehagen må lyftast
opp og problematiserast av barnehagelærarar. Kommuneleiing må stole på
barnehagelærarar sin faglege kunnskap om barn, barns utvikling, deira kompetanse
i å leggje til rette læringsmiljøet og utøve ein handlingspraksis i kvardagen som
fremjar utvikling og varetek alle barn.