I løpet av ein barnehagedag gir 54 % av barnehagetilsette mest merksemd til dei utagerande og urolege barna, mens 4 % av personalet gir dei stille barna mest merksemd, viser ny undersøking. Foto: Thinkstock

Dei stille barna blir ikkje sett

Stille, sjenerte og introverte barn får ikkje like mykje merksemd som barn med utagerande åtferd, viser undersøking. Får det stille barnet hjelp allereie i barnehagen, vil ikkje vanskane følgje barnet i skulealder.

Publisert Sist oppdatert

Vi vaksne forventar og aksepterer meir høglydt og krevjande oppførsel frå barn no enn tidlegare, og det er blitt «umoderne» å være stille (Nilsen, 2007). Ein var ikkje like oppmerksam på dei stille barna før. I denne artikkelen presenterast resultat etter ei kartlegging av personalet i barnehagen si oppfatning av kva stille og tilbakehaldne barn treng i kvardagen.

Dette innlegget er også å finne i Første steg nr. 2/2017

Eg sit her heilt for meg sjølv. Ser ned. Det er ingen som ser på meg, ingen som spør om eg vil leike. Eg tør ikkje gå bort til dei andre barna, er redd for at dei skal sei eg ikkje får være med i leiken. Eg seier til ein vaksen at eg har vondt i magen, har lyst til mamma. «Uff då», seier den vaksne, «det var ikkje bra, kanskje du vil … … STIAN, GÅ NED FRÅ STOLEN! Du kan ramle ned og slå deg». Den vaksne er vekk, må redde Stian så han ikkje skal ramle ned frå tripp-trapp-stolen, igjen. Eg sit her heilt for meg sjølv. Ser ned. Det er ingen som ser meg, ingen som spør om eg vil leike.

LES OGSÅ: Slik kan du oppdage og møte de stille barna

Sjenerte og introverte

Dei stille barna i barnehagen er dei barna som ikkje gjer så mykje ut av seg, dei held seg i bakgrunnen og lagar ikkje uro. Det er dei som ein ikkje merkar om er borte ein dag, eller som ein kanskje lurer på om faktisk var i barnehagen etter endt arbeidsdag, dei barna som forsvinn litt i mengda. Vi høyrer ulike omgrep om desse barna. Barn med innagerande åtferd, introverte barn, sjenerte barn, sensitive barn og tause barn. Gutar med innagerande åtferd har større vanskar enn jenter. Det har med forventningane vaksne har til dei ulike kjønna å gjere (Torvik, 2009). Det er lite forsking på innagerande åtferd i barnehagen, men forsking gjort i skulen viser at det er om lag like stor førekomst av innagerande som utagerande åtferd (Barsøe, 2012). Ved stigande alder ser det ut som talet utagerande barn minkar, medan talet barn med innagerande åtferd er aukande (Lund, 2004). Årsaka til det kan være at barn som viser innagerande åtferd ikkje får like mykje merksemd som barn som viser utagerande åtferd (Barsøe, 2012).

LES OGSÅ: Har barnet betydningsfulle relasjoner i barnehagen, er det med på å styrke barnet

Ikkje til plage for nokon

Det er liksom greitt for barn å være stille, fordi alle barn er forskjellige, og dei stille barna er ikkje til plage for nokon. Dersom den innagerande åtferda til eit stille barn blir til hinder for utviklinga og den sosiale relasjonen til andre, er det barnehagen si plikt å bryte inn til trass for at det stille barnet er tilfreds med situasjonen (Barsøe, 2012). Det viktigaste for barnet er at det får anerkjenning frå dei vaksne, og at barnet lærer seg å tilpasse omgjevnadane rundt det (Bergwitz-Larsen, 2015). Resultata i undersøkinga viser at dei som jobbar i barnehagen ikkje er i tvil om at dei stille barna treng merksemd. Den viser òg at størsteparten av barnehagepersonalet gir mest merksemd til dei utagerande barna. Dette er ein tankevekkjar.

LES OGSÅ: – Koronatiden har ført til at vi ser de stille barna lettere enn før og de urolige barna finner lettere roen

Anerkjennande haldning

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen legg vekt på at barna skal takast på alvor når dei uttrykker kjensler, og at dei skal oppmuntrast til å gi uttrykk for eigne tankar og meiningar. Alle har rett på å møte anerkjenning for uttrykka sine (KD, 2011: 18). Barnehagen skal ta utgangspunkt i måten barn uttrykker seg på. Berit Bae (1997) seier at anerkjenning ikkje er ein kommunikasjonsmåte, men ei haldning eller ein veremåte. Lund (2004) seier at når dei stille barna føler at dei ikkje blir tatt på alvor, blir dei meir stille. Om barnehagelæraren har trua på at barnet har sin eigen opplevingsverd, og har evna til å sette seg inn i dette, vil barnet føle seg verdsett og få styrka sjølvfølelsen. Anerkjenning av det stille barnet krev at ein lyttar, har forståing, aksept og toleranse, og målet med anerkjenning er å gi det stille barnet ei oppleving av å bli sett (Lund, 2004). Utan å forstå grunnen til eit barns oppførsel, kan ikkje barnehagelæraren støtte barnet på ein relevant måte (Hansen & Scheele, 2000).

Resultat

Undersøkinga vart lagt ut på facebook-sida «Idèbroen for barnehagen». Dette er eit aktivt forum, og nær 700 svarte på spørjeskjema. Berre 1.8 % av respondentane seier at dei ikkje har stille barn i sin barnehage. I løpet av ein barnehagedag gir 54 % av respondentane mest merksemd til dei utagerande og urolege barna. 4 % av personalet gir dei stille barna mest merksemd, og 43 % svarar at dei gir like mykje merksemd til alle. Ved å skilje ut kva pedagogen svarar i forhold til kva fagarbeidaren og assistenten svarar, viser resultatet at tala er om lag like mellom desse gruppene.

Undersøkinga viser i kva grad fordeling av merksemd dei ulike arbeidsgruppene gir til barna i løpet av ein barnehagekvardag. 49 % av assistentane svarer at dei gir like mykje merksemd til alle, medan størstedelen av fagarbeidarane og pedagogane gir mest merksemd til dei utagerande barna. Det er få av dei tilsette i barnehagen som gir mest merksemd til dei stille barna. 98,82 % svarar at dei stille barna treng merksemd.

Ynskjer små grupper

På spørsmål om kva som må til for at personalet kan gi meir merksemd til dei stille barna var det mulig å krysse av på fleire alternativ. Meir personale, meir tid og meir kunnskap er svara som gjekk igjen. Her kom det og fram at refleksjon og bevisstheit blant personalgruppa var viktig for mange. Organisering av barnehagekvardagen, med oppdeling i små grupper og tilstadesværande vaksne var også svar som gjekk igjen. Det å anerkjenne barna og vise dei at det er greitt at dei er den dei er, meiner barnehagetilsette kan være ein måte å løfte dei stille barna fram på.

Undersøkinga viser at barnehagetilsette veit at dei stille barna treng merksemd. Merksemd som gjer at barna kan få styrka sjølvfølelse. Ikkje alle er like glad i den merksemda dei blir tilbydd. Det er derfor viktig å lære barna å kjenne, vite kva som er deira sterke sider og kva interesser dei har. Når personalet er godt kjent med barna, kan dei vite kva for knappar dei skal trykke på for å få dei stille barna til å opne seg. Det er viktig for å få kvardagen til dei stille barna så god som mulig.

Tiltak for dei stille barna

Det tiltaket som passar for eitt stille barn i barnehagen, er ikkje nødvendigvis det tiltaket som må til hos eit anna barn i same barnehage, eller kva som helst anna barnehage (Lund, 2004). Det er barnehagelæraren sitt ansvar at alle barna i barnehagen blir sett. Ordet NOK er eit nøkkelord i denne samanhengen. NOK personale, NOK tid og NOK kunnskap om dei stille barna er viktig. Kunnskap kan ein få om det kjem krav om fleire barnehagelærarar i barnehagen, og det blir sett av tid til refleksjon og fokus på dei stille barna. Tid kan ein få om bemanninga blir tilstrekkeleg for å nå over alt ein skal gjere i løpet av ein travel barnehagekvardag, og kompetansen er til stades.

Det at talet barn med innagerande åtferd er stigande ved auka alder, fortel at det er viktig å ta tak i utfordringa så tidleg som mulig. Dersom det stille barnet kan få hjelp til å løfte seg sjølv allereie i barnehagen, vil ikkje vanskane følgje barnet oppover i skulealder på same nivå som om det ikkje får hjelp.

Stille barn treng å bli sett

Til trass for at alle barn skal bli behandla likt, viser undersøkinga at det er store skilnader på kor mykje merksemd det stille barnet får i forhold til det utagerande barnet. Det å sjå borna som er stille er noko av det viktigaste barnehagelæraren kan gjere, og undersøkinga viser at meir personale, meir kunnskap om og meir tid til dei stille barna er med på å gjere dei meir synlege.

Barnehagen må sette av tid til refleksjon og bevisstgjering av eiga rolle i forhold til dei stille barna. Det må setjast fokus på dei stille barna, og gjere det allment kjent at det trengst ressursar til desse barna. Barna treng å bli vatna, akkurat passe så det ikkje blir for mykje for dei og det renn over.

Stille barn har lenge levd med å bli oversett i kvardagen. Dei treng barnehagelærarar som kan sjå dei (Hansen & Scheele, 2000).

Litteratur

Bae, B., & Waastad, J. (1997). Erkjennelse og anerkjennelse . (4. opplag) Oslo: Universitetsforlaget.

Barsøe, L. (2012). Ville og stille barn i barnehagen. Oslo: Kommuneforlaget.

Bergwitz-Larsen, I. (2015, 05. 11). Barn må aldri føle at det hadde vært bedre hvis de var annerledes. Henta frå klikk.no: http://www.klikk.no/foreldre/barn/introverte-og-ekstroverte-barn-1549809.ece

Hansen, B. B., & Scheele, H. S. (2000). Så vær dog vild. I L. Reimer, I. Schousboe, & P. Thornborg, I nærheden – en antologi om børneperspektiver (ss. 94-107). København: Hans Reitzels Forlag.

KD. (2011). Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Bergen: Fagbokforlaget.

Lund, I. (2004). Hun sitter jo bare der! Om innagerende atferd hos barn og unge. Bergen: Fagbokforlaget.

Nilsen, A. (2007). Fra snill til englevill. Oslo: Pedagogisk Forum.

Torvik, L. (2009, 07. 04). Stille barn kan lokkes frem. Henta frå forskning.no:

Powered by Labrador CMS