Rektor åtvarar om Snapchat:
– Aukar faren for sjølvmord
Rektor ved Bryne vidaregåande, Ingunn Folgerø, meiner mobbetala hadde vore lågare om vi var kvitt Snapchat.
Sist veke hadde Bryne-rektoren eit innlegg på Facebook der ho delte sine bekymringar omkring Snapchat. I innlegget stod det:
«Dersom me vart kvitt Snapchat, ville mobbetalet vore vesentleg lågare. Her skjer det me trur ikkje kunne skje. Her vart det sagt ting om seg sjølv og andre som er på grensa til utslettande, og det er særdeles skadeleg og destruktivt.
Likevel: Foreldre meiner ungane må ha det, slik at dei ikkje blir utestengde. Det er feil: Ingen blir meir harselert med, utestengde, mobba, hengt ut, skjelt ut og elles gjort skade på, enn ungdomen gjer via Snapchat.
Eg er redd for å seie det høgt, men noko i meg trur på det; Snapchat aukar sjølvmordsfaren.»
I eit intervju med Stavanger Aftenblad utdjupar Folgerø:
– Dei siste åra har eg sett på nært hald at det er fleire unge menneske som det verkeleg ikkje har gått bra med. I enkelte høve sjølvmord, og i andre høve svært uheldig utvikling i deira livsførsel og psykiske helse. I desse høva viser det seg at særleg Snapchat har vore ein svært lite ok kanal, seier Folgerø.
Til Utdanningsnytt seier Folgerø at både ungdom, foreldre og yngre barn trekk fram Snapchat når ho snakkar med dei om mobbing og utestenging.
– Men også andre sosiale medium. Det er eit gjennomgåanda tema i ei rekke foreldremøter over heile landet, seier ho.
Mange tilbakemeldingar
Til Stavanger Aftenblad seier Bryne-rektoren at ho meiner ein del ungdomar er ukritisk opne om personlege historier på Snapchat, og at sjølv om mange får støtte, er det også mange som får harde kommentarar i retur.
– Det kan gjere at den som har det vondt psykisk, får det verre, og det kan føre til nokre av dei tragediane vi no ser, seier Folgerø.
Ho meiner føresette må vere langt tettare på.
Folgerø seier til Utdanningsnytt at ho har fått ei rekke tilbakemeldingar etter intervjuet i Stavanger Aftenblad.
– Eg har fått tilbakemeldingar frå mange om at dei kjenner seg veldig igjen i problematikken og eit par eksempler på nettopp kor ille dette kan vere. Eit eksempel er ei snapgruppe i ein klasse på barnetrinnet for «dei som ønsker NN (navn på elev) død».
Lotus Hedebroe ved Snapchats pressesenter har svara Stavanger Aftenblad på utsegna frå Folgerø. Hedebroe skriv at det ikkje er rom for mobbing på Snapchat.
Om snapchatbrukarar blir vitne til eller opplever mobbing i appen, oppfordrar vi dei til å rapportere det umiddelbart, slik at vi kan undersøkje og setje i verk tiltak, skriv Hedebroe.
Sinte og lei seg
I desember i fjor kom ein rapport frå forskarar ved NTNU om samanhengar mellom elevars gaming og bruk av sosiale medium og deira oppleving av motivasjon og trivsel på skulen.
Analysen viste at opplevingane frå den digitale verda er både negative og positive. Men så mange som 30 prosent av dei som deltok i undersøkinga oppgav at dei har opplevd ting i sosiale medium eller gaming som har gjort dei sinte eller lei seg.
Dei fleste av dei som fortalde om negative hendingar i sosiale medium, seier også at det har ført til at dei har grua seg for å gå på skulen, eller at det gjekk utover motivasjonen og deira evne til å konsentrere seg om skulearbeidet.