Då tvillingane Siri og Liv byrja på ny skule, vart dei tvinga til å gå i kvar si klasse

Finst det ein fasit for barn som ikkje kom til verda åleine?

Publisert

«Å nei, kan eg overleve éin skuledag?»

Det var Liv Mathisen (10) sin første tanke då ho fekk vite at ho på sin nye skule ikkje skulle gå i klasse med tvillingsøstera Siri.

Dei hadde nettopp flytta – frå Mosjøen i nord til Bjørkelangen i søraust. Men første skuledag på den nye heimstaden vart vanskeleg. Då familien fekk beskjeden om to klasser, begynte Liv å gråte.

Siri berre rista litt.

– Eg tenkte at dette må eg tole, seier Siri Mathisen (10).

– Mange foreldre får sjokk

Har fleirlingar jamt over godt av å få byggje opp sine eigne liv, med ein klasseromsvegg imellom seg? Eller bør dei få vere saman heile tida?

Desse spørsmåla opptar fleirlingforeldre over heile verda, ifølgje Trude Karlsen Molvik, generalsekretær i Tvillingforeningen. Kvar august når ho er tilbake frå ferie, får ho sin fylle hyre med å svare på telefonar og e-postar frå foreldre.

– Mange får sjokk når skulane og barnehagane startar og dei oppdagar at barna deira blir skilde, seier Molvik.

Ifølgje Anne Mari Torgersen, professor emerita i psykologi ved Universitetet i Oslo, var det rundt 1970-talet vanleg at fleirlingar gjekk i same klasse på skulen. Så, på 1980- og 90-talet, begynte ein å skilje dei med ein tanke om at dei skulle få utvikle identiteten sin. Tidleg på 2000-talet vart mange skular meir fleksible igjen.

Ifølgje Molvik finst det framleis foreldre som meiner at skulane ikkje høyrer på dei. Andre tar kontakt året gjennom fordi dei er usikre på kva som er best.

– Vi veit at det finst skular som er fleksible. Men vi veit også at det finst skular som har ein fast praksis, med anten å skilje fleirlingar eller halde dei saman. Dei som har dette, gjer det nok fordi dei trur at det er det beste for barna.

Eit uforklarleg band

Liv og Siri Mathisen er nesten alltid saman. Dei liker den same musikken, den same maten. Dei liker å ake, sykle, spele slåball, byggje Lego.

Og då dei var spedbarn, levde Liv sine to første veker med hjernebløding utan at nokon skjønte det. Ho overlevde så vidt. Ifølgje foreldra var det berre kroppsvarmen til Siri som klarte å stanse gråten hennar.

– Dei har eit band mellom seg som eg ikkje klarer å forklare. Eg trur ikkje bandet blir svakare dess eldre dei blir, seier mor Caisa Mathisen.

På Kulstad skole i Mosjøen var det berre éi – stor – klasse, men ho var delt i to rom. I 2. klasse spurte læraren om han kunne få setje jentene på kvar sitt rom. Mora sa motvillig ja, mot at dei kunne endre det viss dei ønska.

– Liv lener seg litt på Siri. Læraren ville at ho skulle bli utfordra på å klare seg meir sjølv. Vi forstod kva han ville fram til, men dei hadde jo vore i lag sidan dei vart fødde, fortel Caisa og pappa Jon-Arne Mathisen.

Liv og Siri med lillebror Elias og foreldra Jon-Arne og Caisa Mathisen.

Det viste seg å gå bra. Jentene leita kvarandre opp i friminutta, og viss dei ikkje fann kvarandre, leika dei med nokon andre.

Ho og faren hadde meldt inn eit ønske til den nye skulen om at jentene skulle få gå saman. Dei hadde ikkje fått nokon lovnader. Likevel vart dei overraska då dei første skuledag fekk beskjed om at Siri skulle til 5B og Liv til 5C.

– Dei fleste barn må starte i ei klasse åleine. Kvifor skal fleirlingar få spesialbehandling?

– Eg vil ikkje kalle det det. Den tilknytinga dei har, er ikkje noko dei fleste barn har. Dei har ein person som alltid har vore med dei, og plutseleg blir den personen riven bort.

Reddare barn i kvar si klasse?

Ein studie av professor Lynn Melby Gordon i 2015 tyda på at 7 av 10 rektorar i USA meinte at tvillingar burde bli separerte allereie i barnehagen. Dei ville då gjere det betre akademisk, og dei ville også bli meir uavhengige, meinte rektorane.

Lærarar, foreldre og tvillingbarn som var med i same studie, var ikkje like sikre. Rektorane får heller ikkje støtte i forsking, ifølgje ei oppsummering av den canadiske forskaren Gabrielle Garon-Carrier og kollegaer.

Derimot har enkelte studiar tyda på at tvillingar som tidleg blir delte, i fem-seks-sjuårsalderen kan oppleve meir frykt, sosial tilbaketrekking og fleire somatiske problem enn dei som går saman. Andre studiar finn ingen slike skilnader.

I same klasse eller ei?

Grunnar til å separere: 

Merk at nokon ting kan vere eit tema eitt år, men ikkje eit anna.

• Fleirlingane er alltid saman og dette hindrar utvikling av sosiale evner

• Det er ei tydeleg arbeidsfordeling

• Fleirlingane blir stadig samanlikna og den eine føler seg utilstrekkeleg

• Fleirlingane får ei uheldig, dominerande åtferd saman eller utnyttar situasjonen negativt

• Den eine forstyrrar den andre

• Den eine eller begge/alle saknar privatliv

• Jente/gut: jenta overbeskyttar broren

• Fleirlingane ønskjer å bli skilde

 

Grunnar til same klasse: 

• Store påkjenningar, som skilsmisse, flytting eller dødsfall

• Berre eitt klasserom er tilgjengeleg

• Ulike undervisingsmetodar i klassene, slik at fleirlingane får ulik utdanning

• Fleirlingane ønskjer ikkje å bli separerte. Tvungen separasjon, spesielt i første skuleår, kan føre til stress, til at barna blir sette tilbake i utvikling og til at sjølvkjensla blir påverka.

 

Kjelde: Icombo.org

Meir konsentrerte i same rom

Garon Carrier og kollegaene fann i sin eigen studie frå 2022 ingen teikn til at skilde tvillingar opplever meir frykt. Studien, som følgde 560 tvillingpar i Canada over tid, fann derimot at

  • tvillingar som delte klasserom, i periodar var mindre sosialt tilbaketrekte
  • dess fleire år dei gjekk saman, dess mindre fysisk aggressive var dei som tolvåringar
  • tvillingar som delte klasserom, var litt meir like i åtferd enn andre
  • dei som delte klasserom som tolvåringar, var mindre distraherte og hadde betre merksemd enn dei som var skilde

Ifølgje forskarane er mykje usikkert. For eksempel kan ein spørje seg om tvillingar som er litt aggressive, fortare blir plasserte i ulike klasser i utgangspunktet.

Kanskje spelar det også inn at studien er canadisk, og ikkje frå USA, ifølgje forskarane. I USA er det nemleg fleire politiske føringar for skular sin fleirling-policy, medan ein i Canada ofte vel den løysinga som familiane ønskjer. Kanskje kan ei slik open tilnærming halde frykta unna?

Lett å gløyme tvillingrelasjonen

Det finst verken enkle svar eller flust av studiar. Tvillingforeningen har følgjande råd til skular:

– Ver fleksible og vurder alle fleirlingar kvar for seg. Snakk med foreldre og barnehagen. For nokre barn er det godt å bli skilde, andre kan kjenne seg tryggare med fleirlingen sin i rommet, seier Trude Karlsen Molvik.

Ikkje alle skular har fleire klasser på trinnet. Viss ein då ønskjer å dele, kan ein vurdere ulike grupper, foreslår ho. Men ho påpeikar samtidig at individ-tankegangen står sterkt i Noreg.

– Vi gløymer lett at tvillingrelasjonen også kan påverke barna positivt.

Ifølgje Anne Mari Torgersen kan fleirlingar gje kvarandre ei heilt spesiell støtte livet igjennom.

– Men visst det er teikn til at dei er svært avhengige av kvarandre, noko ein spesielt kan sjå hos einegga, kan det like fullt vere lurt gradvis å finne måtar å skilje dei litt på. Dei vil kunne støtte kvarandre likevel, meiner Torgersen.

Mindre krangling om venner

Etter tre månader på Bjørkelangen skole, fortel familien Mathisen at det har gått overraskande bra. Både Liv og Siri har fått nye venner. Spesielt godt kjende har dei blitt med eit anna einegga tvillingpar som er delt i 5B og 5C.

– Er det noko som er bra med å gå i ulike klasser?

– Ja, at vi slepp å krangle om venner, seier Siri.

– Er det noko som ikkje er bra, da?

– At eg ikkje får vere med søstera mi i timane. Din tur, Liv!

– Det var bra at vi hadde same venner i Mosjøen. Det som ikkje var bra, var at vi krangla, seier Liv.

– Og kva tenkjer du, Liv, er bra med å gå i ulike klasser?

– Det er ikkje bra å gå i ulike klasser.

Éin fordel ser Liv likevel: Det er ikkje så mange som blandar henne med søstera lenger.

– Eg hadde blitt lei viss vi gjekk i same klasse og blei blanda heile tida!

© Utdanningsnytt

Saman eller kvar for seg?

Slik handterer skulane til Siri og Liv tvilling-dilemmaet.

 

Både Kulstad skole i Mosjøen og Bjørkelangen skole prøver å finne den beste ordninga for kvar enkelt.

– Ingen sett med fleirlingar er like, og vi vil alltid vurdere kva som er best for den enkelte. Vi har overføringsmøte med barnehagane, og viss det trengst, snakkar vi også med foreldra, seier rektor Marit Reiholm-Hoel ved Bjørkelangen skole.

Då Siri og Liv Mathisen begynte på skulen hausten 2024, hamna dei i kvar si klasse utan at familien ønskte det. Det er Reiholm-Hoel lei for å høyre, då skulen har rutine på god dialog med foreldra til nye elevar, spesielt fleirlingar.

– Etter å ha undersøkt saka, ser vi at rutinane våre ikkje kan ha vore godt nok følgde. Vi har ikkje hatt den dialogen med foreldra som vi skal ha. Då er det fint å sjå at det har gått bra for jentene, seier ho.

Lagar nye klasser på 5. trinn

Skulen kan alltid endre på klassene viss noko ikkje fungerer, og i 5. klasse blir klassene sette saman på nytt. Då kan det skje at skulen foreslår å skilje fleirlingar som har gått saman fram til då.

– Vi har ofte sett at éin tvilling passar på den andre, for eksempel ved å følgje ekstra med i timen eller hjelpe den andre med lekser. Då har vi erfart at dei kan bli meir sjølvstendige og tar fleire eigne val viss dei går i kvar si klasse.

Viss skulen foreslår dette, er foreldra ofte samde, ifølgje Reiholm-Hoel.

– Men vi har også hatt fleirlingar i same klasse frå 1. til 10. trinn fordi foreldra og skulen tenkjer at dette er beste løysinga.

Fleksibilitet i Mosjøen

Ved Kulstad skole, der Liv og Siri Mathisen var elevar før dei flytta, er det rundt 40 elevar på kvart trinn. Skulen har berre éi klasse på trinnet, fordelt på to rom. Kven som sit kvar, kan endre seg ut frå pedagogiske omsyn.

– Ein slik fleksibilitet fungerer bra, både for tvillingar, trillingar og andre elevar. Då kan vi gjere endringar viss ting ikkje fungerer, seier rektor Tor Gunnar Årnes Nordhøy.

Trinnet der Liv og Siri var elevar, hadde heile fem tvillingpar. Då desse skulle starte i første klasse, varierte foreldra sine ønske.

– Nokon tvillingar finn tryggleik i å vere saman, andre kan bli hemma av det. Her kan lærarane ha sine idear om kva som er best, men dialogen med foreldre kjempeviktig, seier Nordhøy.

Powered by Labrador CMS