Vil ha praktiske valfag

Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane vil at elevane i ungdomsskulen skal få velje praktiske fag som alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping.

Artikler fra alle årsmøtene finner du her.

"Det at elevane ikkje lenger kan velje praktisk retta fag, gjer skulekvardagen tyngre for elevar som er meir motivert for praktiske fag enn teori. Det vert lengre mellom kvar gong dei opplever å lykkast. Dermed dalar også trivselen og motivasjonen for vidare læring", heiter det i fråsegna. Eit samla årsmøte understreka at ved å gi elevane høve til å velje praktiske fag, sendar ein eit signal om at skulen og samfunnet verdset praktisk dugleik.

Fram til 2006 kunne elevar velje praktisk prosjektarbeid i tilvalsfag. Dette tilbodet forsvann i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. No er alle elevane nøydde til å velje anten eit andre framandspråk, (som til dømes tysk) eller fordjuping i norsk eller engelsk. I motsetnad til tidlegare er karakteren i tilvalsfag teljande ved opptak til vidaregåande skule.

– Endringa gjer det vanskelegare for teoritrøtte elevar å oppleve meistring, sa Sissel Holme Sandø i Utdanningsforbundet Førde, som fremja saka til årsmøtet.

Siv Aannevik frå Utdanningsforbundet Florø var ein av fleire som gav full støtte til framlegget, og ho uttrykte seg i endå krassare ordelag:

– Den nye ordninga med fjerning av praktiske fag er ei katastrofe for mange elevar. Skulen har ansvaret for å fremje det heile mennesket, understreka ho.

Østfold, 6. – 8. mai i Sarpsborg

Skyvulstad gjenvalgt i Østfold

Klare krav til ny arbeidstidsavtale

Likestillingsloven må også gjelde i Utdanningsforbundet

Flere lederkandidater fra Østfold 

Vil ha lærerne tilbake til staten 
 

Sør-Trøndelag, 5. – 6. mai i Trondheim

Sør-Trøndelag ønsker Bjerkestrand

Må kjempe mot oppsigelser

– Lærere leser minst faglitteratur

 

Nord-Trøndelag, 5. – 7. mai i Stjørdal

Nord-Trøndelag vil ha omkamp

Nominerte fire leiarkandidatar

 

Nordland, 6. – 8. mai i Bodø

Vil diskutere yrkesetikk

Simonsen valgt til leder i Nordland

Nordland ønsker Holst

 

Sogn og Fjordane, 6. – 8. mai i Loen

Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten

Leiarduo attvald i Sogn og Fjordane

Open ønskeliste frå Sogn og Fjordane

Hjetland: Vi skapar framtida

Vil ha praktiske valfag

 

Oppland, 7. – 8. mai på Hafjell

Ny tillit til lederduoen i Oppland

Fortsatt strukturforsøk i Oppland 

 

Vestfold, 6. – 7. mai i Sandefjord

Vestfold vil ha Haldis Holst

 

Oslo, 6. – 8. mai i Tønsberg

Terje Vilno gjenvalgt i Oslo

 

Hordaland, 6. – 8. mai i Ulvik

Gjennomslag for seksjonslause

Powered by Labrador CMS