– Vi skapar framtida
Helga Hjetland er svært nøgd med at Fordelingsutvalet ser på barnehagen som eit sentralt verkemiddel for å jamne ut sosiale skilnader. Gleda over dette delte ho med delegatane på årsmøtet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane.
Artikler fra alle årsmøtene finner du her.
Det statleg oppnemnde Fordelingsutvalet leverte onsdag sin rapport om økonomiske skilnader i samfunnet. Der vert det konkludert med at barnehagane er det beste verkemiddelet til å motverke sosio-økonomiske skilnader i Noreg. Utvalet foreslår mellom anna gratis kjernetid i barnehagane.
– Dette er eit svært positivt trekk, og det syner at yrkesgruppene våre har vald å vere der framtida blir skapt, sa leiaren i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, i helsingstalen sin til årsmøtet fredag.
I talen peika ho òg på at Arbeiderpartiet, KrF og SV har teke til orde for eit nasjonalt rammeverk for å sikre lærartettleik.
– Får vi attende standardar for dette, vil vi ha vunne ein lang og seig kamp, sa Hjetland.
Ho understreka òg at pedagogar har ei viktig rolle i å gjere samfunnet betre rusta til å stå imot både finanskrisa vi er inne i og andre moglege kriser i framtida.
– Utdanning er i vid forstand det viktigaste svaret på korleis ein skal kome seg ut av vanskeleg farvatn og sikre framtidig sysselsetjing og inntekt. Men det er òg med på å avgjere korleis vi kan forme samfunnet slik at det dempar risikoen for framtidige kollapsar, sa Hjetland.
Her er artikler fra årsmøtene:
Østfold, 6. – 8. mai i Sarpsborg
Skyvulstad gjenvalgt i Østfold
Klare krav til ny arbeidstidsavtale
Likestillingsloven må også gjelde i Utdanningsforbundet
Flere lederkandidater fra Østfold
Vil ha lærerne tilbake til staten
Sør-Trøndelag, 5. – 6. mai i Trondheim
Sør-Trøndelag ønsker Bjerkestrand
– Lærere leser minst faglitteratur
Nord-Trøndelag, 5. – 7. mai i Stjørdal
Nominerte fire leiarkandidatar
Nordland, 6. – 8. mai i Bodø
Simonsen valgt til leder i Nordland
Sogn og Fjordane, 6. – 8. mai i Loen
Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten
Leiarduo attvald i Sogn og Fjordane
Open ønskeliste frå Sogn og Fjordane
Oppland, 7. – 8. mai på Hafjell
Ny tillit til lederduoen i Oppland
Fortsatt strukturforsøk i Oppland
Vestfold, 6. – 7. mai i Sandefjord
Oslo, 6. – 8. mai i Tønsberg
Hordaland, 6. – 8. mai i Ulvik