Unio skulda for korttenkt tariffkamp
At Unio Stat ved dette oppgjeret har som mål å få ein felles avtale med Akademikarane i staden for med LO og YS har vekt reaksjonar.
Ingar M. Gundersen seier til Forskerforum at han melder seg ut av Forskarforbundet om det blir samarbeid med Akademikarane. Han fryktar blant anna at Forskarforbundet med dette sviktar dei midlertidig tilsette i akademia.
Styremedlem i Norsk Tjenestemannslag ved NTNU Ronny Kjelsberg kallar i Khrono Unios politikk for ufatteleg korttenkt tariffkamp.
Sentrale forhandlingar
Eit viktig skilje mellom tariffpolitikken til Akademikarane på den eiene sida og Unio, LO og YS på den andre har vore kva som skal fordelast sentralt og lokalt. Akademikarane vil forhandle om ramma sentralt, men vil ha lokale forhandlingar det meste utanom det. Politikken til Unio, YS og LO har vore at dei vil forhandle det meste i dei sentrale forhandlingane.
Men i år har Unio Stat vent seg frå dei gamle partnarane og har i staden som mål å underskrive same avtale om Akademikarane.
Kløkt og balanse
– Å forhandle saman med Akademikarane utan å bryte UDFs landsmøtevedtak om at vi skal forhandle lønn i sentrale forhandlingar, krev kløkt og god balanse av Unios forhandlarar, seier Steinar Vegsund Strømsli i styret for Utdanningsforbundet Vestland.
– Og det er eg viss på at dei har, legg han til.
At lønnsforhandlingane skal førast mellom sentrale partar har vore ei viktig bjelke i lønnspolitikken til Utdanningsforbundet. Det meiner Strømsli vil stå fast ved ein eventuell ny tariffavtale. Om UDF på statleg sektor byttar yt LO som forhandlingspartnar til fordel for Akademikarane er det utelukkande for å betre lønnsutviklinga, understrekar han.
Lønnstaparar
– Bakteppet for endringa er at våre medlemmer med staten som arbeidsgivar har vore lønnstaparar i fleire år. Slik kan vi ikkje ha det. Da er det naturleg å sjå etter andre forhandlingspartnarar, seier Strømsli.
Men han stiller to ultimate krav til forhandlingane:
– Det eine er at det skal vere sentrale forhandlingar, slik at streikeretten er sikra. Det andre er at det kjem på plass eit minstelønnssystem, seier Strømsli.
– Så må vi ikkje gløyme å sjå til den pratiske kvardagen og korleis dagens avtale fungerer. Alt i dag vert store delar av det sentrale oppgjerdet overført til lokale forhandlingar. Så dei store praktiske endringane vil vi ikkje sjå, avsluttar Steinar Strømsli.
Gode forhandlarar lokalt
Til FriFagbevelgse seier forskningskoordinator i Fafo Kristine Neergård at forhandlingsresultatet for Unio nå står og fell på kor gode forhandlarar dei har lokalt. Ho meiner og at Unio har valt ein modell som vil gi større lønnsskilnadar både mellom YS, LO og Unio, men og internt i Unio-området.
I Forskerforum svarar leiar i Forskarforbundet Guro Lind svarar på kritikken med å peike på dårleg lønnsutvikling, og at endra avtale ikkje vil gå ut over midlertidig tilsette.
Dei fleste medlemmane til Unio på statleg område er medlem av Forskarforbundet. Blant Utdanningsforbundet sine medlem med statleg arbeidsgivar arbeider og mange i universitet- og høgskolesektoren.
Frist for forhandlingane er midnatt 30.april.