Samiske språk og opplæringslova – noko manglar

Debatt: Utan noka form for forplikting vil læremiddelsituasjonen for samiske elevar ikkje kunna betrast i overskodeleg framtid.

Publisert

Samane i Noreg har status som urfolk. Det inneber nasjonale og internasjonale forpliktingar for norske styresmakter til å ta ansvar for å sikre og utvikle språk og kultur for samane. Dette følgjer også av Grunnlova, og både samelova og den nye språklova slår fast at samisk og norsk er likestilte og likeverdige språk. Opplæringslova har reglar om rett til opplæring i og på samisk. Denne lova er no under revisjon.

Opplæringslova er den vektigaste styringsreiskapen vi har for opplæring i Norge i dag. Difor må opplæringslova leggje til rette for eit opplæringstilbod som er forankra i samiske verdiar og som sikrar utvikling av samisk språk. Eg er ikkje nøgd med framlegget til ny opplæringslov, det er ikkje godt nok. Det er ikkje godt nok for bokmålselevar, dårlegare for nynorskelevar og enda dårlegare for samiske elevar. Lovverket og praktiseringa av lovverket legg i dag hindringar i vegen for god opplæring i og på samisk.

Eit utval peika i NOU 2016:18 Hjertespråket på at samiske elevar ikkje får oppfylt sine lovfesta rettar til opplæring i og på samisk. Utvalet meinte dette skuldast manglande økonomiske ressursar, for liten tilgang på kvalifiserte lærarar og eit statleg regelverk som ikkje er tilpassa dei reelle utfordringane.

I 2019 dokumenterte Riksrevisjonen svakheiter i retten til opplæring i og på samisk. Det er svakheiter både når det gjeld informasjon om retten til opplæring, innhaldet i opplæringstilbodet, tilgang på samiske læremiddel og nok kvalifiserte lærarar i samiske språk. Skal retten til opplæring i og på samisk vere reell, må kommunane si informasjonsplikt bli lovregulert. Både Riksrevisjonen sin rapport og innstillinga frå utvalet peika på dette som eit problem.

Les også: Samiske tema i undervisningen − én ukes feiring er ikke tilstrekkelig

Tilgangen på læremiddel på samisk har vore kritisk gjennom fleire tiår. Situasjonen er prega av ansvarspulverisering mellom kommunar, forlag, Sametinget og direktorat og departement. Regjeringa Solberg, som la fram forslaget til ny opplæringslov, meiner det ikkje er nødvendig at lova omtalar eit parallellitetskrav for samiske læremiddel, altså at læremiddel ligg føre samstundes på bokmål, nynorsk og samisk.

Eg les regjeringa sitt framlegg som at det er «sjølvsagt» at parallellitetskravet ikkje kan gjelde for læremiddel på samisk. Dette er ei legitimering av dagens uhaldbare situasjon og ei alvorleg forsøming overfor samiske elevar sin rett til læremiddel på eige skriftspråk.

Eg erkjenner at det, i alle fall på kort sikt, vil vere svært krevjande å realisere eit parallellitetskrav. Men, utan noko form for forplikting, særleg for statlege styresmakter, vil læremiddelsituasjonen for samiske elevar ikkje kunna betrast i overskodeleg framtid. Dette vil vere heilt uakseptabelt.

I opplæringslova er det ulike rettar for samar og ikkje-samar innanfor og utanfor det samiske forvaltingsområdet. Framlegget til ny opplæringslov fører vidare ordninga med at elevar i grunnskulen busett utanfor det samiske området, har rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen ønskjer det.

I praksis vil denne retten på vilkår av elevtal, berre vere reell i store byområde. For elevar som bur i mindre sentrale strok utanfor samiske område, vil retten i liten grad vere faktisk til stades. Her meiner eg at regjeringa overser det samiske og norske samfunnet sine utfordringar, har for lite fokus på samiske elevar sine rettar til opplæring, og ikkje tar inn over seg erfaringar i og med det samiske samfunnet. Regjeringa skapar med eit slikt forslag til ny opplæringslov ein reiskap til å avgrensa samiskopplæringa, og ikkje ein nøkkel til å lukkast med måla.

I Hurdals-plattforma slår Støre-regjeringa fast at dei vil gjennomføre eit krafttak for samiske språk, styrke samisk språkopplæring og sikre at alle elevar får læremiddel på si eiga målform. Krav om styrka opplæring i samisk for alle samiske elevar er kanskje det viktigaste tiltaket for å styrke samisk språk og kultur, hindre språkskifte og sikre rekruttering.

I forarbeidet til opplæringslova i 1998 skreiv utvalet som presenterte framlegget til opplæringslov: «Dagens utfordring og muligheter er å gjøre skolen til en faktor for forsterking av samisk kultur, bl.a. ved å fylle de formelle rammene med et innhold som reelt bidrar til å forsterke og videreutvikle samisk identitet, språk og kultur». Nasjonale styresmakter har verken tatt utfordringa eller sett moglegheitene. Når opplæringslova no skal fornyast, forventar eg at Stortinget gjer nødvendige endringar.

Utfordringane som både utvalet og Riksrevisjonen har peika på, er i hovudsak systemfeil som nasjonale styresmakter er ansvarlege for. Når både samelova og opplæringslova no er under revisjon, har nasjonale styresmakter det beste høvet til å sikre opplæringsrettane til samiske elevar.

Det er på tide at regjeringa og Stortinget tek eit større ansvar når det gjeld samiske elevar sin rett til likeverdig opplæring. Det skuldar vi både barn og ungdom som veks opp i dag og dei som kjem etter oss.

Powered by Labrador CMS