Nominerte fire leiarkandidatar
Årsmøtet i Utdanningsforbundet Nord-Trøndelag ville ikkje prioritere mellom kandidatane til leiarverva i organisasjonen.
Artikler fra alle årsmøtene finner du her.
Årsmøtet nominerte Mimi Bjerkstrand, Elisabeth Dahle, Haldis Holst og Ragnhild Lied til verva både som leiar og nestleiar i Utdanningsforbundet, og overlet prioriteringa til valkomiteen.
Årsmøtet gjekk inn for at det skal vere to nestleiarar i organisasjonen. Nominasjonen i Nord-Trøndelag skjedde utan debatt, og var eit samrøstes vedtak.
Leiar i Utdanningsforbundet Nord-Trøndelag, Gunn Nordstrøm, trur årsaka til den manglande debatten er at årsmøtedelegatane kjenner leiarkandidatane for dårleg.
– Eg trur det er få av delegatane som kjenner dei aktuelle leiarkandidatane godt nok til at dei synest dei kan velje mellom dei. I fylkesstyret meinte vi også at det var best at valkomiteen fekk fleire namn å ha med seg i den vidare prosessen, og dette var tydelegvis årsmøtet einig i, seier Nordstrøm.
Årsmøtet i Nord-Trøndelag oppmodar kommunane til å auke andelen førskolelærarar i barnehagane. I ein resolusjon peikar årsmøtet på at trønderske kommunar ser ut til vere nøgd med minimumskravet til pedagogisk personale, ved at det i snitt er ein av tre tilsette som har førskolelærarkompetanse.
Erfaringar frå andre kommunar tyder på at det ikkje vil vere noko meirkostnad ved å auke andelen førskolelærarar, og årsmøtet oppmodar kommunane og KS til å medverke til å sikre ein god kvalitet i barnehagane ved å tilsette fleire med pedagogisk utdanning.
Saker fra fylkesårsmøtene
Østfold, 6. – 8. mai i Sarpsborg
Skyvulstad gjenvalgt i Østfold
Klare krav til ny arbeidstidsavtale
Likestillingsloven må også gjelde i Utdanningsforbundet
Flere lederkandidater fra Østfold
Vil ha lærerne tilbake til staten
Sør-Trøndelag, 5. – 6. mai i Trondheim
Sør-Trøndelag ønsker Bjerkestrand
– Lærere leser minst faglitteratur
Nord-Trøndelag, 5. – 7. mai i Stjørdal
Nominerte fire leiarkandidatar
Nordland, 6. – 8. mai i Bodø
Simonsen valgt til leder i Nordland
Sogn og Fjordane, 6. – 8. mai i Loen
Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten
Leiarduo attvald i Sogn og Fjordane
Open ønskeliste frå Sogn og Fjordane
Oppland, 7. – 8. mai på Hafjell
Ny tillit til lederduoen i Oppland
Fortsatt strukturforsøk i Oppland
Vestfold, 6. – 7. mai i Sandefjord
Oslo, 6. – 8. mai i Tønsberg
Hordaland, 6. – 8. mai i Ulvik