Nord-Trøndelag vil ha omkamp
Ønskjer omkamp om kven som skal vere forhandlingsmotpart.
Artikler fra alle årsmøtene finner du her.
Under årsmøtet i Stjørdal onsdag kom det fram sterk misnøye med KS, og årsmøtet fekk fylkesstyret til å endre innstilling til vedtak.
– KS har ikkje vist verken evne eller vilje til å vere ein god arbeidsgivar, sa leiar i Utdanningsforbundet Nord-Trøndelag, Gunn Nordstrøm, då ho oppsummerte debatten om lønns- og arbeidsvilkår på fylkesårsmøtet i Stjørdal.
Endra innstilling
Fylkesstyret hadde innstilt på å ikkje behandle eit innsendt forslag om tilbakeføring av forhandlingsansvar for skoleverket til staten, med grunngiving at det ikkje er politisk fleirtal for dette på Stortinget no. Dette møtte sterk motbør på årsmøtet, mellom anna frå Karl Jostein Aspmo, Nærøy.
– Vi kan ikkje gi opp fordi det politiske fleirtalet er slik det er no. Vi må sjølvsagt argumentere for det vi meiner er rett, og få politikarane til å snu. Vi er sterkt misnøgd med KS, og det må vi seie frå om! sa Aspmo.
Fylkesstyret endra innstilling, og fekk eit nesten samrøstes vedtak på at Utdanningsforbundet skal arbeide for å få overført forhandlingsansvaret for alt pedagogisk personalet til staten.
Forsøk med ny struktur
Årsmøtet vedtok elles at Utdanningsforbundet Nord-Trøndelag skal sette i verk eit forsøk med ny struktur på fylkesleddet. I tillegg til eit utvida fylkesstyre på 11 medlemer skal det opprettast eit politisk råd samansett av 25 lokallagsleiarar og 15 medlemer fritt valt av fylkesstyret. Dette rådet skal møtast minimum fem gonger i året. Som ein konsekvens av dette blir seksjonsstyra på fylkesplan lagt ned.
Fylkesleiar Gunn Nordstrøm vart attvalt med akklamasjon, og får med seg Bente Aalberg som nyvalt nestleiar.
Saker fra fylkesårsmøtene
Østfold, 6. – 8. mai i Sarpsborg
Skyvulstad gjenvalgt i Østfold
Klare krav til ny arbeidstidsavtale
Likestillingsloven må også gjelde i Utdanningsforbundet
Flere lederkandidater fra Østfold
Vil ha lærerne tilbake til staten
Sør-Trøndelag, 5. – 6. mai i Trondheim
Sør-Trøndelag ønsker Bjerkestrand
– Lærere leser minst faglitteratur
Nord-Trøndelag, 5. – 7. mai i Stjørdal
Nominerte fire leiarkandidatar
Nordland, 6. – 8. mai i Bodø
Simonsen valgt til leder i Nordland
Sogn og Fjordane, 6. – 8. mai i Loen
Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten
Leiarduo attvald i Sogn og Fjordane
Open ønskeliste frå Sogn og Fjordane
Oppland, 7. – 8. mai på Hafjell
Ny tillit til lederduoen i Oppland
Fortsatt strukturforsøk i Oppland
Vestfold, 6. – 7. mai i Sandefjord
Oslo, 6. – 8. mai i Tønsberg
Hordaland, 6. – 8. mai i Ulvik